Klassekampen skriv i dag at Noreg seier nei til asylsøknaden frå Vanunu, som har sona 18 år i fengsel for å ha avslørt israelske atomløyndomar.
Sjølv seier Vanunu at han ikkje har høyrt noko om dette, og han appellerer til statsminister Bondevik om å tale hans sak.
Restriksjonar
Mordechai Vanunu (Foto: Reuters / Scanpix)
- Eg har ikkje høyrt nokon ting. Ingenting offisielt frå norske styresmakter om søknaden min om asyl i Noreg det siste året, fortel Vanunu på telefon frå Israel.
Han forventar no at regjeringa og statsminister Bondevik skal tale saka hans og krevje at Israel ikkje krenkar menneskerettane.
Vanunu fortel at han for tida lever under restriksjonar og ikkje har lov til å reise ut av landet på eitt år. Han kan heller ikkje reise fritt eller snakke med utlendingar. Heller ikkje har han lov til å besøkje utanlandske ambassadar i Israel.
Vanunu vil no at Noreg, Skandinavia og Europa skal finne den beste måten å få han ut av Israel på.
Konstruktiv rolle
Erna Solberg (Foto: Scanpix)
Kommunalminister Erna Solberg seier at Noreg prøver å spele ei konstruktiv rolle i fredsprosessen i Midtausten, og at det vil vere i strid med denne interessa å gje Vanunu ei særbehandling.
- Vi har instruert på utanrikspolitisk grunnlag om at han skal få avslag. Ingen får asyl i Noreg når dei ikkje søkjer frå Noreg. Og vi har ikkje frå regjeringa si side tenkt å invitere Vanunu ved å gje han politisk asyl som ei heilt ekstraordinær handling, seier Solberg.