Hopp til innhold

Høie: – Marianne Telle har ikkje brote norsk lov

Helseminister Bent Høie (H) kjenner seg trygg på at Helse Nord og avtroppande styreleiar Marianne Telle ikkje har brote lova om offentlege innkjøp eller andre delar av lovverket i ambulansefly-saka.

Helseminister Bent Høie forsikrar at avtroppande styreleiar Marianne Telle i Helse Nord ikkje har brote norsk lov.

VIDEO: Høie om Telle.

– Det har ikkje kome fram opplysningar som tilseier at Marianne Telle har delteke i innkjøpsprosessen på ein måte som har påverka prosessen. Ho har heller ikkje fått informasjon som har gitt henne eller selskapet ho er tilsett i fordelar, seier Høie til NRK.

Marianne Telle trekte seg i dag som styreleiar i Helse Nor, etter at det har kome fram at rekrutteringsselskapet ho er leiar for, har ein avtale med flyselskapet Babcock. Babcock vann tilbodsrunden om å drive luftambulansetenesta i Nord-Noreg.

Sterke reaksjonar

Styreleder Marianne Telle sier hun ble satt ut av bruken av ordet «vi» i truslene som Tor Ingebrigts

Marianne Telle sa i dag opp som styreleiar i Helse Nord.

Foto: Ron Kaspersen / NRK

Det britiskeigde selskapet skal ta over luftambulansetenesta frå 1. juli 2019 etter ein tilbodsrunde, noko som har ført til sterke reaksjonar blant flygarane. Mange ambulansefly har stått på bakken den siste tida fordi flygarane var sjuke.

– Eg er nøgd med jobben Marianne Telle har gjort i Helse Nord. Ho har leidd selskapet gjennom fleire vanskelege prosessar. Ho bad sjølv om å få gå, av omsyn til Helse Nord og resten av styret. Og det respekterer eg, seier Bent Høie.

På spørsmål om Telle måtte leggje fram kundelister då ho vart valt til styreleiar i Helse Nor, svarar Bent Høie nei. Han fortel at dei hadde ein generell prat om kor viktig det er å vere ryddig i slike prosessar.

– Har ikkje påverka utfallet

Helse Nord har, medan Telle var styreleiar, kjøpt tenester frå selskapet Bedriftskompetanse, der Telle er dagleg leiar. Bent Høie synest ikkje dette er problematisk.

– Det som er viktig i slike saker er at dei i styret som har bindingar, melder seg inhabile. Det er rette måten å handtere slike saker på, seier Høie.

Det viktige for helseministeren er at Marianne Telle ikkje har påverka utfallet av tilbodsrunden ved val av flyselskap til luftambulansetenesta, eller at ho har hatt tilgang til informasjon som ho kunne ha fordel av som dagleg leiar for Bedriftskompetanse.

AKTUELT NÅ