Hopp til innhold

Bent Høie trekkjer seg som nestleiar i Høgre

Helseminister Bent Høie tek ikkje attval som andre nestleiar i Høgre. Både Erna Solberg og Jan Tore Sanner ønskjer å halde fram i leiinga av partiet.

Bent Høie

GIR SEG: Bent Høie gir seg som nestleiar i Høgre.

Foto: NRK

– Eg vil takke Bent for hans viktige innsats som nestleiar for partiet i nesten ti år, og ikkje minst hans brennande engasjement for einskildmennesket, skriv statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg i ei pressemelding torsdag føremiddag.

Frå før er det kjent at Høie blir ny fylkesmann i Rogaland, men han byrjar ikkje i den jobben før han er ferdig med som helseminister.

Sanner stiller seg til disposisjon

Høie har tidlegare uttalt at han ønskjer å halde fram som helseminister så lenge statsministeren vil ha han.

– Eg tar ikkje attval til Stortinget i 2021, og er utnemnt til Fylkesmann i Rogaland. Eg stiller derfor ikkje til attval som 2. nestleiar i Høgre. Eg er utruleg takksam for å ha fått moglegheita til å vere ein del av Høgres leiing i så mange år, og er veldig glad for å sjå at det er så mange flinke folk i partiet som kan overta, seier Bent Høie i ei pressemelding.

Første nestleiar i Høgre Jan Tore Sanner stiller seg til disposisjon for valnemnda, og også statsminister Erna Solberg seier at ho er motivert til å halde fram som leiar av partiet.

Ifølgje Aftenposten har valkomiteen mottatt innspel frå eit sentralstyremedlem om at Sanner bør vrakast.

Fleire kandidatar

Høgre har landsmøte 27–29 mars 2020, og det er då det nye sentralstyret i partiet vil bli valt. Før den tid skal valnemnda i partiet kome med ei innstilling til kven dei meiner bør sitje i leiinga.

Fleire medium peikar på næringsminister Torbjørn Røe Isaksen som eit mogleg namn til ny nestleiar. Eit anna namn som vert trekt fram er utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide.

Innstillinga frå valkomiteen skal òg omfatte to personar til Høgres arbeidsutval, og dessutan kvinnepolitisk ansvarleg. I dag har Røe Isaksen, Gunn Cecilie Ringdal og Tina Bru desse posisjonane.

AKTUELT NÅ