Hopp til innhold

Bekymra for politibemanning i Oslo

Dei tilsette i politiet i Oslo fryktar at gatene blir tomme for politifolk under rettssaka etter 22. juli. Årsaka er dei store tryggingstiltaka rundt tinghuset, der det blir bruk for opp mot eit hundre politibetjentar kvar dag.

KARL JOHANSGATE

MINDRE POLITI I GATENE: Fleire er bekymra for politibemanninga i Oslo under rettssaka mot Anders Behring Breivik.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Bevæpna politi utenfor Tinghuset mandag 18.09.2011

TINGHUSET: Det kjem til å vere oppimot hundre politifolk som skal ivareta tryggleiken under rettssaka.

Foto: Hans Petter Blom/ NRK

16. april startar rettssaka mot Anders Behring Breivik. Same dag skal tryggingstiltaka rundt Oslo tinghus skjerpast. Væpna politivakter kjem til å bli plasserte rundt bygningen, og på innsida kjem det til å vere ei stor mengd uniformerte og sivile politifolk, som skal ivareta tryggleiken.

I tillegg krevjast store politiressursar til transporten av den terrortiltalte til og frå Ila fengsel, og til avsperring av trafikken rundt rettslokalene.

Etter det NRK kjenner til planlegg politileiinga å ha rundt hundre politifolk i arbeid med rettssaka kvar dag.

Kjem til å gå på sparebluss

Oslo politiforening meiner resten av byen kjem til å merke at rettssaka legg beslag på ressursane.

kristin aga

KJEM TIL Å FÅ KONSEKVENSAR: Nestleiar i Oslo Politiforening Krinstin Aga seier politiet kjem til å gå på sparebluss.

Foto: Kjell Herning / NRK

– Ein må vere tydeleg på at det vil få konsekvensar. Innbyggjarane i Oslo kan ikkje forvente at dei får same oppfølging i sakene i den tida rettssaka går føre seg. Vår klare oppfatning er at det vil gå på sparebluss, seier nestleiar Kristin Aga.

– Det kjem til å få konsekvensar for etterforsking av saker, og det førebyggjande arbeidet. Folk vil jo sjølvsagt få hjelp når dei ringer nødnummeret, men det er klart at ein må rekne med å ikkje få hjelp til ein del mindre oppdrag, seier Aga.

Så det bli mindre synleg politi i gatene?

– Det kan heilt klart bli konsekvensen ja. Det seier seg sjølv at å ha så mange mannskaper i og rundt tinghuset kjem til å føre til at ein ikkje kan ha dei mannskapane andre stader. Me har ein god dialog med leiinga i Oslo, men me er bekymra over signal frå dei tilsette. Dei er bekymra over at me under rettssaka kjem til å ha eit politi som går på sparebluss når det gjeld andre arbeidsoppgåver, seier ho.

Meiner dei har kontroll

Det har dei siste dagane vore hektisk møteverksemd mellom toppleiinga i politidistriktet og dei tilsette. Politiforeininga meiner ein må be om hjelp frå andre.

– Me meiner at ein må gå saman om et spleiselag og få bistand frå andre politidistrikt. Det å kjøre overtid med dei mannskapene ein har i Oslo er inga god løysing, når ein er så pressa som ein allereie er, seier Aga.

Politileiinga meiner på si side at dei har kontroll på bemanningssituasjonen.

visepolitimester Roger Andresen

SEIER DEI HAR KONTROLL: Visepolitimester Roger Andersen.

Foto: Kjell Herning / NRK

– Me legg ikkje skjul på at dette er eit stort og krevjande oppdrag, og at det kjem på toppen av eit svært slitsamt og krevjande år. Me kjem likevel til å prioritere synleg og tilgjengeleg politi med dei ressursane me har att, seier visepolitimeister Roger Andresen.

Han innrømmer likevel at enkelte område må lide.

– Det kan godt hende me får situasjonar der me ikkje kan etterforske mindre kriminalitet på same måte som tidlegare, men det er politimeisteren og mitt sitt ansvar, seier han.

Ifølgje Andresen er det så langt ikkje aktuelt å be om bistand frå andre politidistrikt, slik ein til dømes gjorde i NOKAS-rettssaka.

– Det har vore vurdert. Me har ennå ikkje gjort det, men me har meddelt Politidirektoratet at det kan bli ei løysing. Førebels satsar me likevel på at me kan greie dette med eigne mannskap, seier han.

Utelivet bekymra

Terje Bontveit, daglig leder mono

TRENG HJELP: Dagleg leiar i utestaden Mono, Terje Bontveit, seier ordensvaktene ofte treng hjelp med å hanskast med bråkmakarar.

Foto: Kjell Herning / NRK

– Faren er jo at me opplever at gjester er vanskelege, det gjeld oftast overstadig rusa gjester som vil inn og er ein fare for seg sjølv og andre. Då treng me politihjelp. Ordensvakter har ikkje myndigheit til å legge folk i bakken til dømes, seier dagleg leiar ved utestaden Mono, Terje Bontveit.

– Det er allereie vanskelege å få tak i politiet per i dag, så viss alle skal vere på tinghuset så slit me jo, seier han.

Bontveit synest det er ein god ide at politiet får hjelp frå andre politidistrikt slik at utelivet er sikre på å få hjelp når dei treng det.

– Dei må setje inn ressursar slik at dei klarar begge deler. Det er jo ei nasjonal sak. Då burde heile landet vere med å dra, ikkje berre Oslo-politiet, seier han.

AKTUELT NÅ