Hopp til innhold

- Fem hundre søknader utan napp

Halvparten av norske bedrifter bryt rapporteringsplikta dei har for å hindra diskriminering i norsk arbeidsliv. Indaren Bhupinder Singh er fortvila over at han aldri får svar på jobbsøknadene sine.

Bhupinder Singh har søkt på mange hundre jobbar

Indaren Bhupinder Singh (53) vil gjerne ha jobb, men seier det er vanskeleg å halda motet oppe når han aldri får tilbakemelding på jobbsøknadene sine.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Ein mann med joggebukse og blå turban sit i sofaen sin og blar i ei tjukk bunke med jobbsøknader.

Indaren Bhupinder Singh (53) seier han har søkt på om lag fem hundre jobbar i løpet av dei siste tre åra – utan å få napp.

– Det er veldig tøft. Det går utover helsa og familien. Eg sit heime frå måndag til søndag og har ingenting å gjera på.

Nyttelaus ny lov

I eitt år har norske selskap vore pålagde å rapportera om kva dei gjer for å få fleire innvandrarar inn i arbeidslivet.

Den 1.januar i fjor kom den nye lova som gav arbeidsgjevarar aktivitets- og rapporteringsplikt for hindra diskriminering, blant anna på grunnlag av etnisk opphav.

Men lova verkar ikkje. Berre halvparten av arbeidsgjevarane har fulgt opp, viser Fafo-rapporten «Mangfald og likestilling i arbeidslivet» som blei offentleggjort i dag.

Fleire arbeidslause innvandrarar

Nav

Mange innvandrarar må gå på trygd mot sin vilje, på grunn av etnisk diskriminering i søknadsprosessen.

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK

– Førebels har den hatt liten effekt. Det er veldig få arbeidsgjevarar som seier at rapporteringsplikta har hatt stor betyding, fortel Fafo-forskar Kristian Tronstad.

Og medan arbeidsløysa går ned blant nordmenn, aukar den blant innvandrarar.

Den registrerte arbeidsløysa blant busette innvandrarar gjekk opp frå 7,4 prosent i august 2009 til 7,9 prosent i august 2010. I resten av befolkninga er det no ein svak nedgang frå 2,4 til 2,3 prosent, ifølgje tal Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Vil helst ha jobb

Den 53 år gamle trebarnsfaren Singh har budd i Noreg i 30 år. Dei siste fem åra har han vore arbeidsledig, og går framleis på Nav-tiltak. I løpet av dei siste tre åra som arbeidslaus har han søkt på hundrevis av jobbar – utan å få svar.

– Eg vil helst ha jobb. Eg vil ikkje gå til Nav, fordi eg er ein frisk person, Men sjølv om eg gjer så godt eg kan og brukar mykje tid og energi på å senda inn søknader, så skjer det ingenting, fortel den fortvila mannen.

Singh bur på Jessheim i Akershus. Han har utdanning innan rekneskap frå Noreg og realfagsutdanning frå heimlandet India.

– Eg likar godt å jobba med tal, og tykkjer det er spanande. Dette er noko eg kan, seier han.

Ikkje kresen

Singh er likevel redd for at dei tre tenåringsborna hans ser på han som kunnskapslaus.

– Dei ser jo at pappa sit heime og lurar på kvifor eg ikkje får meg jobb. Er han ikkje flink nok til å utføra arbeidsoppgåvene sine? spør dei seg nok.

Men sjølv om trebarnsfaren er trygg på sine kvalifikasjonar, er han ikkje lenger kresen i jakta på arbeid.

Han søkjer også på jobbar som lagermedarbeidar og sikkerheitsvakt, men heller ikkje på slike stillingar får han napp.

– Det er vanskeleg å halda motet oppe når eg sender søknad etter søknad, men aldri får tilbakemelding, korkje frå Nav, frå bemanningsbyråa eller frå arbeidsgjevarane, sukkar han.

For lite informasjon

Sunniva Ørstavik

Likestillingsombod Sunniva Ørstavik trur norske arbeidsgjevarar veit for lite om dei positive konsekvensene ved å ha mangfald blant dei tilsette.

Foto: Lien, Kyrre, Kyrre Lien / Scanpix

I ei EU-undersøking frå 2005 gjort blant 900 private bedrifter i 25 EU-land, meinte 83 prosent av bedriftene at ei satsing på mangfald har ein positiv økonomisk innverknad på bedrifta.

Deltakarane i undersøkinga peiker på manglande informasjon og utfordringar med å kartleggja resultat og diskriminerande åtferd på arbeidsplassen, som dei største hindringane i å fremja mangfald.

Likestillingsombod Sunniva Ørstavik trur også dårleg oppfølging av den nye rapporteringsplikta handlar om at mange arbeidsgjevarar ikkje er godt nok informerte. Ho får støtte frå HSH.

– Både styresmaktene og partane i arbeidslivet kan gjera meir for å leggja til rette for at verksemdene blir gode arbeidsgjevarar, og at dei kjenner til dei pliktene som dei har, seier leiar for arbeidslivspolitikk, Inger Lise Blyverket.

– Vil ikkje endra namnet mitt

Singh har ikkje gjeve opp håpet om å verta arbeidskar igjen. Han kryssar fingrane for at arbeidsmarknaden vil bli betre no når finanskrisa har dempa seg.

– Eg vil ikkje endra namnet eller identiteten min. Eg vil vera den eg er og få jobb på den måten. Korleis eg skal greia det, veit eg ikkje enno, seier han.

AKTUELT NÅ