Bauer-elevar tapar ein halv million

Elevane ved John Bauer-gymnaset i Oslo er rasande over at dei tapar tilsaman nærare ein halv million kroner på at skulen blir lagt ned.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

John Bauer-skulen er konkurs etter fleire brot på privatskulelova.

Det betyr at nærare ein halv million kroner frå 150 elevar går tapt i dragsuget etter konkursen ved John Bauergymnaset i Oslo.

- Vi fekk sjokk alle saman, seier Umer Ahmed Hanif (19) frå Nittedal, som allereie har betalt semesteravgifta på 4000 kroner.

Føler seg rettslause

- For meg får det store økonomiske konsekvensar. Eg har fått plass ved ein ny privatskule som kostar 10.000 kroner i året. Det er klart at pengane frå John Bauergymnaset hadde vore gode å ha med seg, seier Hanif.

Bostyrar og advokat Bjørn Køhler Thommessen har fått mange telefonar frå rasande foreldre og elevar som føler seg lurte og rettslause.

- Eg synest synd på elevane. Det er truleg ikkje nok aktiva i buet til at dei får tilbake skulepengane. Lønn som tilsette har krav på, og moms og skatt til staten går først, seier Thommessen.

Krev garantiordningar

John Bauergymnaset etablerte seg i Norge i 2005. I fjor avdekka NRK misbruk av statleg støtte for mange millionar kroner.

Utdanningsdirektoratet konkluderte med at statsstøtta ikkje kom elevane til gode. Skulen blei dømt til å betale tilbake 7,3 millionar kroner. I førre veke blei skulen i Oslo slått konkurs og lagt ned.

Underdirektør Helene Falch i Forbrukarrådet krev at elevar ved private skular kjem under statlege garantiordningar.

- Dersom skulen går konkurs står elevane igjen både med eit økonomisk tap, og ei utdanning som står på vent. Og det kan vere forferdeleg for unge menneske i dag, seier Falch.

- Skulepengar på eigen konto

Etter at saka gjekk i Dagsnytt og på nrknyheter.no, fekk vi denne SMS-en frå tidlegare rektor Sigve Austheim:

Hei! Elevepengene var avsatt på egen konto. Om staten nå gjennom bobestyrer beslaglegger elevenes penger er det i strid med våre forutsetninger som var at elevene skulle holdes skadesløse og elevpengene tilbakebetales.

MVH

Sigve Austheim

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger