NRK Meny
Normal

Barth Eide: – Veldig uroa for ein del av tinga som kjem frå Listhaug

Espen Barth Eide frå Arbeidarpartiet reagerer kraftig på at Sylvi Listhaug vil setje menneskerettane til asylsøkjarar til side. Også fleire i Høgre reagerer.

Espen Barth Eide

Espen Barth Eide frå Arbeidarpartiet er kritisk til måten Sylvi Listhaug (Frp) pratar om andre menneske på.

Foto: NRK

– Eg føler at vi no byrjar å trekkje i tvil menneske som eigentleg ikkje har gjort noko anna enn å søke naudhamn i eit anna land, seier Barth Eide.

Arbeidarparti-veteranen, som fram til for nokre veker sidan var visegeneralsekretær i FN, er no stortingskandidat for Arbeidarpartiet i Oslo.

Han seier han er svært uroleg for ein del av tinga som kjem frå Sylvi Listhaug. Sist ut er utspelet om at menneskerettane til asylsøkjarar må vike for å sikre tryggleiken til nordmenn.

Barth Eide seier til NRK at Ap ønskjer ein streng og rettferdig flyktning- og asylpolitikk, men at nokre ting ikkje kan kastast over bord.

– Alle menneske som oppheld seg på norsk jord må bli behandla i tråd med grunnleggande menneskerettar. Om ikkje blir vi til slutt som nokre av landa desse menneska flyktar frå, åtvarar Barth Eide.

Njål Høstmælingen

ILPI-direktør Njål Høstmælingen meiner ein bør greie å forme ut lover og reglar utan å komme i konflikt med internasjonale menneskerettskonvensjonar.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Kritisk ekspert

Akkurat no er det om lag 1600 personar i norske asylmottak, som skulle ha reist ut av landet fordi dei har fått nei på asylsøknaden, men likevel ikkje har reist.

Desse menneska vil Listhaug og Framstegspartiet sperre inne i lukka mottak.

Menneskerettsjurist Njål Høstmælingen ved ILPI meiner Listhaug og Frp unødvendig blandar saman det å overvinne terror, og det å sende ut menneske som har fått avslag på asylsøknaden.

Høstmælingen er tydeleg på at ein må vurdere kvar enkelt asylsøknad for å finne ut om personen utgjer noko fare for samfunnet.

– Du kan ikkje ta éi gruppe i samfunnet og seie, at sidan du høyrer til denne gruppa, så ønskjer vi å sanksjonere deg ut frå det. Det er litt slik det var i Noreg under okkupasjonen til Nazi-Tyskland, og dit vil vi ikkje tilbake, seier Høstmælingen.

ILPI-direktøren meiner Noreg allereie har eit stort handlingsrom til å treffe gode tiltak – utan å utfordre menneskerettane.

Sylvi Listhaug

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er klar over at lukka mottak for asylsøkjarar truleg strider med internasjonale menneskerettskonvensjonar. No tek ho til orde for å setje menneskerettskonvensjonane til side.

Foto: NRK

– Ytterlegare tilstramming

Barth Eide i Arbeidarpartiet seier trusselbildet i Europa er veldig reelt, men at det ikkje er det same som flyktning- og asylpolitikken i Noreg.

– Eg føler Framstegspartiet forsøker å blande heilt ulike spørsmål. Først er det snakk om folk som flyktar frå krig og konflikt og har krav på opphald etter flyktningkonvensjonen.

– Så kjem det ein del menneske som ikkje har gjort noko anna gale enn å søkje naudhamn frå vanskeleg kår. Nokre oppfyller ikkje kriteria og må reise heim, men alle menneske skal bli behandla med respekt og anstendigheit, meiner Barth Eide.

Han meiner retorikken og tankane til Listhaug er feil veg å gå.

– Dette er ei ytterlegare tilstramming i måten vi pratar om andre menneske på, som eg uroar meg ganske mykje for, seier Ap-stortingskandidaten.

– EMK likestilt med grunnlova

Stortingsrepresentant Erik Skutle (H) skriv torsdag kveld på Twitter at Den europeiske menneskerettskonvensjonen står likt med grunnlova. Han meiner derfor at den ikkje kan utfordrast, eller setjast til side.

Laster Twitter-innhold

Han får støtte frå statsråd Vidar Helgesen, som har delt meldinga.

– Dette er også regjeringas politikk, skriv Helgesen.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger