Hopp til innhold

Barneombodet: – Sikta barn er også sårbare, og må avhøyrast på barnehus

Rettstryggleiken til barn som er mistenkte for alvorlege lovbrot må skjerpast, meiner barneombod Anne Lindboe. I dag er det berre krav om tilrettelagde avhøyr for barn som er fornærma.

Barnehuset i Bergen

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) seier han forstår at barneombodet tek opp denne problemstillinga.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Sikta barn er også sårbare. Det er veldig viktig å også vareta dei på ein best mogleg måte, seier Lindboe til NRK.

I Brennpunkt-dokumentaren «Avhøyret» kom det fram korleis Stavanger-politiet avhøyrde ein sikta 15-åring utan foreldre og forsvarar. Ifølgje avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew blei guten manipulert og pressa til å tilstå. Han blei seinare frikjent i retten, som også kritiserte avhøyret.

Rachlew, som sjølv er politioverbetjent, seier det er parallellar til avhøyra av Brendan Dassey i Netflix-dokumentaren «Making A Murderer».

– Sikta barn bør også få tilgang til oppfølgingstilbodet som er på barnehusa, som psykisk helsehjelp og oppfølging. Vi veit at mange unge lovbrytarar har opplevd vald eller overgrep sjølv, og treng hjelp og vern, seier Lindboe.

Justisministeren vurderer utspelet

I dag er det totalt elleve barnehus rundt om i landet. Barnehusa er oppretta for å gi eit best mogleg tilbod til barn og ungdom som kan ha blitt usatt for, eller vore vitne til vald eller seksuelle overgrep. Tilbodet er også for vaksne med psykisk utviklingshemming.

Barneombud Anne Lindboe

Barneombod Anne Lindboe meiner sikta barn bør avhøyrast på barnehus.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det er spesialutdanna politifolk som avhøyrer, og på bakrommet følgjer avhøyrsleiar, advokatar og andre fagpersonar med på avhøyret på videooverføring. Dette kallast tilrettelagt avhøyr.

Sikta eller mistenkte barn har i dag ikkje tilgang til dette tilbodet, og det vil barneombodet gjere noko med.

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) seier han forstår at barneombodet tek opp denne problemstillinga.

– I år skal vi gå gjennom retningslinene til barnehusa og då er dette tiltak vi også vil vurdere, greie ut og sjå nærare på. Det kan vere gode grunnar til at vi bør gi eit slikt tilbod også til barn som er mistenkte, seier Amundsen.

– Slik skal vi ikkje ha det

Avhøyret av 15-åringen i Stavanger, som blei omtalt i Brennpunkt-dokumentaren, blei gjennomført på barnehuset i Stavanger, men det var ikkje eit tilrettelagt avhøyr.

Avhøyret skjedde der fordi det var mest praktisk, fordi fire andre 15-åringar var arrestert i same sak. Politiet måtte difor låne to avhøyrsrom på barnehuset.

Justisministeren reagerer på saka.

– Slik skal vi ikkje ha det. Vi skal ha trygge rammer også for sikta barn som er i avhøyr, seier Amundsen.

Stavanger-politiet seier dei burde gjort avhøyret på ein annleis måte, og seier dei har tatt sjølvkritikk og lærdom.

Asbjørn Rachlew

Konklusjonen til politioverbetjent og avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew etter å ha vurdert avhøyret av sikta 15-åring i Stavanger.

Hva gjør man når terroristen sier det vil komme flere aksjoner, og at det som nettopp har skjedd bare er starten? Den oppgaven fikk politioverbetjent Nina Holm Andersen.

AKTUELT NÅ