Hopp til innhold

Barna fekk bestemme i Minecraft-kommunen

Barna ville ha både fleirbrukshall og museum då dei fekk bestemme i ei Minecraft-kommune fredag. Men ein dramatisk brann gjorde at politikarane måtte skrote valløfte.

Minecraft-kommunen der barna skal få bestemme

SAMLINGSPUNKT: Barna samla seg i rådhuset ved torget då dei skulle stemme i Minecraft-kommunen.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

Fredag var det barnas tur til å bestemme. I eit samarbeid mellom redaksjonane Supernytt, FlippKlipp og Junka blei det laga ei kommune i Minecraft. Barna fekk bygge eigne hus i kommunen.

I ei tre timar lang sending leia programleiarane Jørgen Wear frå Supernytt og Marcus Sakseide frå FlippKlipp barna gjennom universet og spelte saman med dei.

I løpet av sendinga var kapasiteten sprengd fleire gongar, men redaksjonen klarte å få utvida kapasiteten. På det meste var det 435 samtidige spelarar inne.

Kaos i kommunen

Det var til tider trongt om plassen i Minecraft-kommunen fredag ettermiddag.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

Valde fleirbrukshall over omsorgssenter

Barna måtte ta mange val i løpet av sendinga, og fekk vere med å bestemme korleis nærmiljøet skulle vere. To fiktive politikarar var med for å argumentere for dei ulike val.

Zara Cecilie Leite frå Unormal representerte Opp og fram partiet, medan Oliver Bergset frå LL35 representerte Smarte val-partiet.

Det første valet barna måtte ta, var om dei ville ha fleirbrukshall eller omsorgssenter. Dette er ei vanleg problemstilling i mange kommunar.

Barn foran rådhuset i Minecraft-kommunen

Barna samla seg i rådhuset under avstemminga.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

Opp og frampartiet sa dei ville prioritere fleirbrukshall slik at dei unge har ein plass å drive med fritidsaktivitetar. Medan Smarte val-partiet ville ha omsorgssenter for å ta vare på dei eldre.

Fleirtalet av barna valde å bygge fleirbrukshall. Over 1000 stemte for fleirbrukshall i appen Svar-O-meter, medan rundt 600 ville ha omsorgssenter.

Tester ut flerbrukshall i Minecraft-kommunen.

Barna testar ut fleirbrukshallen som blei bygd i kommunen.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

Samisk museum med parkour

Også Anders Nils Gaup og Ivan Buljo frå NRKs samiske YouTube-kanal Junka tok turen innom sendinga. Dei meinte kommunen trong meir samisk kultur.

Barna måtte difor velje mellom å pusse opp det gamle samiske biblioteket, eller rive biblioteket og bygge nytt samisk museum.

Les også Gaming kan vera ein døropnar for unge

Elevar ved e-sportlinja på Sunnfjord folkehøgskule.

Opp og frampartiet ville pusse opp bibliotek for å fremje lesing og samisk språk, medan Smarte val-partiet ville ha museum for å kunne oppleve samisk kultur og ha det hyggeleg og kose seg i kafeen.

Eit stort fleirtal ville ha samisk museum i kommunen. Museet hadde også ei parkour-bane som barna fekk teste ut.

Samisk museum med parkour-bane i Minecraft-kommunen

Museet har parkour-bane og samiske detaljar, og har ifølge Junka likskapar med Sameting-bygninga.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

Brann og brotne valløfte

Etter å ha fått fleirbrukshall og samisk museum, ville partia gjerne ha litt meir moro i kommunen. Opp og frampartiet ville lage kulturskule med musikk, dans og drama. Smarte val-partiet ville heller ha ein park med blant anna verdas lengste sklie, badeland og skatepark.

Eit fleirtal gjekk for park med badeland.

Gatebilde fra Minecraft-kommunen

Hus og gater i Minecraft-kommunen.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

Men idet valet var gjort, begynte det å brenne hos veterinæren, og alle som var på serveren måtte bidra med å sløkke og få redda dyra fordi brannstasjonen stod tom.

Det gjorde at politikarane beklaga at dei ikkje hadde gjort meir for å halde brannstasjonen ved like. Difor blei politikarane einige om å legge bort planane om park med badeland for å prioritere ny brannstasjon og betre tryggleiken i kommunen.

Mange av dei som deltok i chatten tok brotet på valløftet tungt, og meinte det var ille. Medan andre etterlyste også politistasjon og skule i kommunen.

Skal lære barn om demokrati

Sendinga er ein del av valdekninga til NRK før kommune- og fylkestingsvalet. Målet er å lære barn om demokrati, og at det er viktig å engasjere seg i nærmiljøet sitt.

– Det var kjempegøy å ha val i kommunen og sjå kor mykje engasjement det var i streamen. Over og Zara var knallgode politikarar. Eg trur vi greidde å formidle korleis eit val blir gjennomført på ein plattform dei kjenner og som dei kjenner seg heime i, sa programleiar Marcus Sakseide etter sendinga.

Fyrverkeri i Minecraft-kommunen

Valsendinga blei avslutta med fyrverkeri i kommunen.

Foto: Minecraft / Mojang/NRK

I tillegg var det eit mål med sendinga å vise kva val ein ofte står overfor i kommunane, og at ein ofte må gjere vanskelege prioriteringar.

– Eg håper alle som var med og såg på har lært litt meir om kommunepolitikk og har lyst til å engasjere seg i nærmiljøet. Og så håper eg aller mest at barna snakkar med foreldra sine om å stemme ved valet, seier Jørgen Wear.

Det var rundt 1200 spelarar som var innom i løpet av sendinga, og nesten 2000 har vore innom i veka før sendinga for å bygge. Det er sendt 37.000 meldingar i chatten den siste veka.

Bli med Marcus og Jørgen når vi bygger vår egen kommune. Her kan du bo – og stemme på det du vil skal skje!

Her kan du sjå heile streamen på nytt.

AKTUELT NÅ