Hopp til innhold

Emma (8) og Karen (8) skreiv brev til statsministeren

«Vi vil hjelpe så mykje som vi kan», skreiv Emma (8) og Karen (8) i eit brev til statsministeren. Andre barn teiknar flagget til Ukraina og samlar inn pengar.

Emma Linnea Jenssen Finnbakk (8) med brevet ho og søskenbarnet Karen Finnbakk Susort (8) skreiv til statsminister Jonas Gahr Støre

BREV: Emma Linnea Jenssen Finnbakk (8) som bur i Levanger i Trøndelag viser fram brevet ho og søskenbarnet Karen Finnbakk Susort (8) skreiv sist Karen var på besøk. Ho har også laga flagget til Ukraina med Duplo-klossar.

Foto: Magnus Finnbakk / Privat

Då Karen Finnbakk Susort (8) i slutten av februar var på besøk hos søskenbarnet Emma Linnea Jenssen Finnbakk (8) i Levanger, fekk dei høyre litt om kva som hadde skjedd i Ukraina.

Då dei skulle legge seg, tok dei fram papir og blyant og skreiv:

Karen Finnbakk Susort (8) skreiv brev til statsminister Jonas Gahr Støre om situasjonen i Ukraina

BREV: Karen Finnbakk Susort (8) frå Time i Rogaland skreiv brev saman med søskenbarnet sitt. I tillegg til å ha sendt brev, har Karen lyst til å donere pengar til Ukraina.

Foto: Privat

«Til Jonas Gahr Støre. Vi vil at de skal hjelpe Ukraina, fordi statsministeren i Russland tar så dumme val. Han bryt lovane og er ikkje snill mot Ukraina. Vi vil hjelpe Ukraina, og vi håper at de også kan hjelpe.»

– Vi syntest litt synd i Ukraina, så difor ville vi skrive eit brev. Vi skreiv at vi ville hjelpe så mykje som vi kunne, seier Karen Finnbakk Susort.

Det ferdige brevet viste dei til pappaen til Emma, og bad han om å sende det til statsministeren.

Brev frå Emma (8) og Karen (8) til statsministeren

HJELPE: I eit hjarte under nedst i brevet står det: «Vi vil hjelpe så mykje som vi kan. Helsing Emma 8 år og Karen 8 år. Please. Ukraina <3.»

Foto: Privat

Han tok bilete av brevet og sende e-post.

– Vi hadde litt lyst at han skulle få vite det, seier Karen.

Skru på lyd for å høyre Emma lese opp brevet:

Emma Linnea Jenssen Finnbakk (8) som bur i Levanger i Trøndelag les opp brevet ho og søskenbarnet Karen Finnbakk Susort (8) skreiv sist Karen var på besøk.

HØYR BREV: Emma Linnea Jenssen Finnbakk (8) som bur i Levanger i Trøndelag les opp brevet ho og søskenbarnet Karen Finnbakk Susort (8) frå Time i Rogaland skreiv sist Karen var på besøk.

Vil vise støtte

Mange barn er urolege for krigen i Ukraina, og rekordmange vil hjelpe med å samle inn pengar.

Fleire tyr også til blanke ark og fargestiftar, men i motsetnad til under pandemien då dei teikna regnbogar og skreiv «Alt blir bra», treng barna no berre to fargar.

Eit barn har teikne Ukraina sitt flagg og hengt teikninga opp ved Stortinget

FLAGG: Ei teikning er hengt opp på eit tre ved Stortinget for å vise støtte til ukrainarar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I klasse 3C på Lakkegata skole blir elevane ivrige når dei skal teikne.

– Eg treng berre blå og gul, for det er fargane til det ukrainske flagget. Vi må gjere det litt fint for dei, for det har vore litt tungt for dei å vere i det landet med masse krig, seier Bo Halvorsen Jæger (8).

Ella Horn Borgerlin teiknar med gul og blå

STØTTE: – Eg lagar eit hjarte med Ukraina sine flaggfargar fordi eg vil vise støtte til dei. Eg tenker på alle som er i Ukraina og kor fælt det må vere å vere der, seier Ella Horn Borgerlin.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Alma Kaupang Jørgensen teiknar ukrainsk flagg

HJARTE: – Eg teiknar eit blått og gult hjarte, og at det er ein konkurranse og så vinn Ukraina, seier Alma Kaupang Jordhaug.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Teikningar blir fargelagt gule og blå

FLAGGFARGAR: Teikningar blir fargelagt blå og gule.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Bo Halvorsen Jæger (til høgre) teiknar berre med to fargar, nemleg gul og blå

TEIKNAR: Bo Halvorsen Jæger (til høgre) teiknar flagg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Lilly Rosa Pelzer teiknar konsentrert

KONSENTRERT: Lilly Rosa Pelzer er konsentrert når ho teiknar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Når teikningane er ferdige heng ungane dei opp slik at alle kan sjå dei

DEKOR: Når teikningane er ferdige, heng ungane dei opp slik at alle kan sjå dei.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Isabel Fastvold Hauge (til venstre), Ayten Stuijk (i midten), og Laila Shmikel Torbjørnsen (til høgre) har starta klubb som har tatt initiativ til å samtale med rektor om innsamlingsaksjon til personar frå Ukraina.

INNSAMLING: Desse tre har starta klubb og har snakka med rektor om innsamlingsaksjon der det dei får inn skal gå til personar frå Ukraina. Frå venstre: Isabel Fastvold Hauge, Ayten Stuijk og Laila Torbjørnsen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Her er nokon av dei i klasse 3C på Lakkegata skole som teiknar ukrainske flagg

FLAGGFARGAR: Her er nokon av dei i klasse 3C på Lakkegata skole som teiknar med fargane til det ukrainske flagget.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Fleire av elevane er klare på at dei teiknar med Ukraina sine fargar for å vise støtte, men tre jenter i parallellklassen vil ikkje berre teikne. Dei starta ein klubb og har hatt møte med rektor om å starte ein innsamling av pengar og klede til ukrainarar.

– Vi har tenkt til å hjelpe så mykje vi kan herifrå, seier Ayten Struijk.

Les også No vil norske barn hjelpe med vaflar og saft

Naturleg reaksjon

Marte Gerhardsen er utdanningsdirektør i Oslo seier det viktigaste skulen gjer no er å vere til stades for barna og ungdommane. På fleire skular teiknar elevane flagg.

Marte Gerhardsen

TEMA: Marte Gerhardsen er utdanningsdirektør i Oslo og seier alle skulane i Oslo har Ukraina som tema i ulike fag.

Foto: Siw Pessar

– Alle elevane, uansett alder, får vite om krigen. Veldig mange elevar sit med veldig sterke inntrykk, og treng å fordøye det. Vi prøver å legge til rette for det, seier Gerhardsen.

Psykologspesialist Ragnhild Holm Løwgren seier det er naturleg for barn å uttrykke seg gjennom leik og teikning.

Psykologspesialist Ragnhild Holm Løwgren ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

SAMTALE: Ragnhild Holm Løwgren er psykologspesialist ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og ho seier det kan vere lurt å prate med barna om det som skjer i Ukraina.

Foto: Kristoffer Sandven / NKVTS

– Det handlar mykje om fordøying av eigen forståing, og av eigne kjensler og tankar, seier Løwgren.

Ho trur teikning kan hjelpe barn når det gjeld stress og uro. Ho seier det alltid er godt å få gitt uttrykk for korleis ein har det, og vise det til nokon ein stolar på.

– Barn er i ein ganske hjelpelaus situasjon utan noko makt, og dei treng å appellere til dei som har makt og som har moglegheit til å gjere noko.

Ho understrekar at dersom barna plutseleg teiknar veldig mykje krigsrelaterte ting, er det fint om foreldra følger opp og pratar med barna om det slik at dei kan få hjelp til å forstå og handtere inntrykka.

Ho seier at også vaksne kan ha godt av å ikkje berre ta inn nyheitene.

– Kanskje vi også skulle sette oss ned og fordøye det litt, tenke og gi uttrykk for kva vi ynskjer å gjere, og handle på same direkte og fine måte.

Les også Slik snakker du med andre voksne om krig og frykt

Glad for å ha skrive brev

I brevet ville Karen og Emma formidle at dei ville at ukrainarar skulle få hjelp med å kome seg til Noreg eller «nokon andre fine land».

Dei to vil ønske dei velkomen til Noreg.

– Eg hadde ein veldig glad følelse inni meg når eg hadde skrive det brevet, seier Karen.

– Eg er glad for å ha skrive til statsministeren, for kanskje han kan hjelpe Ukraina, seier Emma.

Les også Slik kan du snakke med barnet ditt om krig og frykt

– Gjer det vi kan

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skriv i ein e-post til NRK at han synest det er fint at Karen og Emma bryr seg om det som skjer i Ukraina, og at «Noreg gjer det vi kan for å støtte og hjelpe Ukraina».

Statsministerens redegjørelse om krigen i Ukraina.

FEKK BREV: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skriv at han set veldig stor pris på brevet frå Emma og Karen.

Foto: Annika Byrde / NTB

Vi vil òg legge press på Russland, saman med andre land i Europa og i NATO, skriv Støre.

Han skriv at det etter kvart vil kome mange flyktningar frå Ukraina til Noreg, og at han møtte nokre av dei førre veke.

Historiene deira gjorde sterkt inntrykk på meg. No håper eg dei etter kvart blir godt tatt i mot i klasserom og lokalsamfunn rundt omkring i landet, og at vi stiller opp for å hjelpe dei som kjem til Noreg, skriv Støre.

Han har vore på fleire skulebesøk den siste tida, og skriv at han veit at veldig mange barn tenker mykje på krigen og dei uskuldige som blir råka.

Krigen i Ukraina er vond og kjennest uverkeleg for oss alle, og eg trur dei fleste vaksne deler barna si uro, og har like mange spørsmål om det som skjer, skriv Støre.

Les også Ny forskning: Langt fra sikkert at alt blir bra igjen

AKTUELT NÅ