Hopp til innhold

Bangladesh vil flytte flyktningar til aude øy

Øya ligg avsides til og er utsett for store flaumar kvart år. Ho har ingen vegar og er rekna som ubebueleg for menneske. Likevel vil styremaktene i Bangladesh flytte titusnar av Rohingya-flyktningar til Thengar Char.

Myanmar Rohingya

Styremaktene i Bangladesh ønskjer å flytte titusnar av Rohingyamuslimar frå Myanmar frå flyktningleirane sør i Bangladesh til ei aude øy ni timar unna.

Foto: A.M. Ahad / Ap

– Det er ein grufull ide å sende nokon for å bu der, seier ein offentleg tilsett som kjenner området.

Han uttaler seg til nyheitsbyrået AFP, men ber om å få vere anonym.

Titusnar på aude øy

Øya Thengar Char er fullstendig dekt av flaum under monsunen, ifølgje den lokalkjende. Der finst ingen vegar og inga flaumsikring. Øya ligg så avsides at ho ikkje visast på kartet.

BANGLADESH-CLIMATECHANGE/FILM

Naboøya Hatiya er også utsett for flaum kvart år. Øya Thengar Char ligg 30 km unna og er rekna som ubebueleg.

Foto: HANDOUT / Reuters

Likevel går styremaktene i Bangladesh no vidare med planane om å plassere titusnar Rohingya-flyktningar frå Myanmar på øya. I førre veke blei det sett ned eit utval med offentleg tilsette frå kystdistriktet. Dei skal identifisere og omplassere papirlause flyktningar.

– Utvalet skal bidra til å flytte både registrerte og uregistrerte flyktningar frå Myanmar til Thengar Char nær øya Hatiya i Noakhali distriktet, heiter det i mandatet som blei offentleggjort på nettet.

Hatiya

Forfølgt folkeslag

– Dette er heilt forferdeleg. Rohingya-muslimane er verdas mest forfølgde folkeslag. Dei søkte til nabolandet Bangladesh for å få ly. No blir dei utsette for endå større prøvelsar, seier Åse Sand, informasjonsansvarleg i Den norske Burmakomite.

Åse Sand, Den norske Burmakomite

Åse Sand er informasjonsansvarleg i Den norske Burmakomite.

Foto: Den norske Burmakomite

LES OGSÅ: – Føregår ei etnisk rensing av Rohingya-folket

Forslaget om å plassere Rohingya-muslimar på ei eiga øy i Bengalbukta kom fyrst opp i 2015 og blei då fordømt av både FN og Rohingya-leiarar.

– Tvungen flytting vil vere svært vanskeleg og kontroversielt, heitte det i ein uttale frå FN den gongen.

Ny flyktningstraum

Ein ny straum av flyktningar over grensa frå Myanmar gjer spørsmålet aktuelt igjen. Fleire enn 65.000 menneske har flykta sidan oktober då endå ei valdsbølgje braut ut i Rakhine-provinsen.

– Det har kome 20.000 flyktningar berre no på nyåret, fortel Åse Sand.

Turisme

Dei fleste som har flykta til Bangladesh bur under usle forhold i flyktningleirar i Cox's Bazar distriktet sør i landet. Dette er også det største turistmålet i Bangladesh.

– Styremaktene grunngjev ønskje om å flytte flyktningane med press på flyktningleirane. Andre meiner det er eit påskot for å byggje ut turismen, seier Åse Sand.

Skjerpar tonen

I Myanmar er Rohingyamuslimane nekta statsborgarskap og sett på som illegale migrantar frå Bangladesh. I Bangladesh er dei også uønskte. No skjerpar dei tonen og varslar tiltak som skal sikre at Rohingyane ikkje blandar seg med lokalbefolkninga elles.

Øya styremaktene vil flytte titusnar til ligg ni timar frå leiren dei bur i no.

Rohingya-leiarar har enno ikkje kommentert planane om å gå vidare med ideen om å sende flyktningar til øya i Bengalbukta.

AKTUELT NÅ