Kamp bak kulissene hos Ap-Raymond

Eit team frå NRK Spekter har vore med bak kulissene hos partisekretær Raymond Johansen i Ap, og i kveld kan du sjå resultatet på NRK2 - og korleis det nesten utarta til slagsmål.

Video nsps_upload_2009_9_16_14_1_14_1769.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I reportasjen får publikum blant anna eit innblikk i kva som skjer like før Raymond Johansen skal delta i ein direktesend debatt med miljørørsla.

Reporter Kjell Erik Moen seier at han vart overraska over at det sat fem rådgjevarar på bakrommet før og under debatten, og at Johansen vart så godt drilla av desse rådgjevarane.

Kunnskapsrik

- Det reiser spørsmålet om politikarane sin bodskap bli for ferdigtygd før sjølve debatten, sier Kjell Erik Moen.

Partisekretær Raymond Johansen i Ap

Partisekretær i Arbeidarpartiet Raymond Johansen.

Foto: NRK

Han har inntrykk av at Raymond Johansen er svært kunnskapsrik på kva Arbeidarpartiet står for, men at han brukar rådgjevarar for å få hjelp til å spisse bodskapen sin før han går i studio.

Moen kan fortelje at reportasjen i kveld viser kva som skjedde på bakrommet også etter debatten, og at det var to personar som nesten byrja å slåss.

Vi møter også valekspertar og NRKs eigen Geir Helljesen, som er samde om at politikarane er i ferd med å drille seg bort frå folket.

Dei har blitt så proffe og glatte at folk ikkje gidd å høyre på kva dei seier lenger, blir det sagt.

VG-desken

Han fortel også at sjåarane får vere med inn på VG-desken, og at ein her får eit visst innblikk i korleis politikarar jobbar for å få utspela sine på trykk i dei viktigaste avisene.

Den politisk redaksjonen i VG meiner at valkampen er så kjedeleg at dei må finne på noko sjølve. Og VG-biletet av Erna Solberg på bordet med Sponheim og Høybråten snudde fokus i valkampen, frå Siv Jensen til Erna Solberg.

I reportasjen seier tidlegare Frp-formann Carl I. Hagen at VG ikkje tek samfunnsansvar, og at VG jobba for å banke ned Frp gjennom heile valkampen. Og desse skuldingane svarar politisk redaktør på i sendinga i kveld.

NRK Spekter går på NRK2 kl. 2020 i kveld.

SISTE NYTT

Siste meldinger