Hopp til innhold

Axanei fekk ja til å teste seg – hundrevis av andre blir sendt rett forbi

Dumitru er glad for at han fekk teste seg då han kom til Gardermoen, men er uroa over alle dei som slepp rett forbi testkøen.

3. desember i fjor blei krava ved innreise til Noreg skjerpa for å avgrense og forsinke spreiing av omikronvarianten.

Hovudregelen er at alle skal teste seg ved grenseovergongen, dersom det er mogleg.

Men Ullensaker kommune har ikkje plass til å teste alle som kjem til landet. Arealet er for lite, meiner kommunen.

Måndag denne veka kom det over 6800 passasjerar til Gardermoen frå utlandet.

På teststasjonen på lufthamna testar dei om lag 70 til 90 prosent av dei reisande.

Fleire hundre blir kvar dag sendt vidare utan testing.

No må styresmaktene stole på at dei som ikkje blir testa på Gardermoen, gjer dette sjølv innan 24 timar.

Dumitru Cristian Axanei er ein av dei som fekk teste seg teststasjonen på Oslo lufthamn etter ei reise frå Romania via Polen til Noreg.

– Det er betre å gjere det slik.

To helsepersonell i fullt smittevernsutstyr, førebur seg til å teste innreisande på Oslo Lufthamn.

MASSETESTING: Helsepersonell Kari Kyrkjebø Fredheim (t.h.) og Thui Tran gjer seg klar til å teste innreisande ved Oslo Lufthamn Gardermoen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Sjølv om det er den reisande sitt ansvar å teste seg når dei først kjem heim, meiner Axanei at dei som ikkje blir testa på flyplassen eventuelt kan smitte andre på vegen heim.

– Det er verre. No får eg vite om eg har viruset eller ikkje.

Makskapasitet er nådd

– Det er ikkje testkapasitet på Oslo lufthamn til å teste alle innreisande. Det går på areal, altså kor mange me klarer å teste.

Det seier kommunaldirektør for helse og sosial omsorg i Ullensaker kommune, Gunnhild Grimstad-Kirkeby.

Testkø for innreisande på Oslo lufthamn Gardermoen.

LANGE KØAR: Alle som lander på Oslo luftham frå utlandet skal i utgangspunktet stille seg i denne testkøen, men det er det ikkje nok kapasitet til. Rundt 10-30 prosent av dei innreisande blir sendt heim utan å bli testa på flyplassen.

Foto: Ismali Burak Akkan / NRK

Sidan Oslo lufthamn ligg i Ullensaker, er det kommunen som har ansvaret for å gjennomføre staten sitt testregime.

Oppdraget med å teste dei innreisande er gitt vidare som anbodsoppdrag til Dr. Dropin.

I dag har dei kapasitet til å sjekke og teste 6000 reisande til Noreg kvar dag i eit område dei disponerer i avgangshallen på flyplassen.

Gunnhild Grimstad-Kirkeby

HELSESJEF: Kommunaldirektør for helsevern og sosial omsorg i Ullensaker kommune, Gunnhild Grimstad-Kirkeby.

Foto: Ullensaker kommune

Det vil normalt vere mellom 10 til 30 prosent av dei reisande som ikkje får testa seg ved ankomst.

– Me treng ein del areal for å få testa dei reisande. Både det å kunne styre køane, det å faktisk gjennomføre testen og det å vente på svar, seier ho.

Ikkje bekymra

Helsebyråd i Oslo, Robert Steen (Ap), er ikkje bekymra for at 10-30 prosent av dei innreisande ikkje blir testa på flyplassen.

– Mi oppleving er at grensekontrollen er god.

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, har tidlegare vore oppteken av importsmitte.

Siste veka i 2021 var 7 prosent av dei smittetilfella smitte frå utlandet, medan 12 prosent av smitten var ukjent.

Steen meiner derimot at det ikkje går an å samanlikne situasjonen no med slik det var tidlegare. Både fordi befolkinga er vaksinert og hurtigtesting er utberedt.

– Me kunne jo sikkert alle ha ønska at me hadde hatt både meir vasstette system og mindre smitte, men det er nå eingong der me er, svarer Steen.

– I den situasjonen, opplever eg at den innsatsen som Ullensaker gjer er ganske fantastisk.

I tillegg viser kommunen si overvaking av smitten, at smittedelen frå utlandet no er forsvinnande liten.

– Eg er ganske trygg på at dei fleste som kjem til Noreg frå utlandet, faktisk puttar den testpinnen opp i nesa og gjennomfører den testen.

Robert Steen

HELSEBYRÅD: Byråd for helse, eldre og innbyggjartenester i Oslo Robert Steen (Ap) meiner me er i ein annan situasjon når det gjeld smitte frå utlandet no.

Foto: Olav Juven / NRK

– Opp til myndigheitene å avgjere

Grimstad-Kirkeby i Ullensaker kommune slår fast at dei leverer på det dei har fått i oppdrag frå statlege myndigheiter.

Ho vil ikkje svare på om det burde vere mogleg å teste alle på flyplassen.

– Me leverer testkapasitet i forhold til det me førespeglar nasjonale myndigheiter, seier kommunaldirektøren.

Dagleg leiar i Dr. Dropin, Daniel Sørli, seier at dei til dagleg testar mellom 5000-6000 personar på Gardermoen.

Alle som kjem frå utanfor Schengen-området blir prioritert, samtidig som dei prøver å teste så mange så mogleg av dei som kjem ifrå dei fleste land i EU, EØS samt Sveits.

– Av omsyn til smittevern er det ikkje forsvarleg å halde tilbake alle reisande på arealet som er tilgjengeleg.

Hadde dei hatt eit større areal, kunne dei ha testa fleire, seier Sørli.

– Om det er naudsynt eller ikkje, er opp til myndigheitene å avgjere.

Folk som kjem til Oslo Lufthamn frå utlandet, og har passert tollen.

INNREISANDE: Passasjerar på veg til testområdet på Oslo lufthamn.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Ikkje eit mål å teste alle

Kapasiteten for testing på Oslo lufthamn har auka monaleg dei siste månadane etter at landet opna opp igjen i haust.

– Eg opplever at kommunen har gjort sitt for å gjere testkapasiteten så god som råd er i samarbeid med dei andre aktørane på lufthamna, seier Grimstad-Kirkeby.

– Det har ikkje vore eit mål å teste alle på grensa, seier divisjonsdirektør Johan Georg Røstad Torgersen i Helsedirektoratet.

Er de bekymra for at dei som ikkje blir testa på flyplassen kan smitta andre på veg heim frå flyplassen?

– Det vil alltid vere ein fare for smitte når du har nærkontakt med andre, slik som under ei reise, også innanlands, svarer Torgersen.

AKTUELT NÅ