Hopp til innhold

Avviser verstingstempel

Norske styresmakter avviser at eigarselskapet til grunnstøytte Full City har eit verstingstempel.

Statssekretær Roger Schjerva

Statssekretær i finansdepartementet Roger Schjerva seier norske styresmakter ikkje kan konkludere med at COSCOs Full City har brote reglane til etikkrådet.

Foto: Faksimile fra nettside/ Bjørn Sigurdsøn, Scanpix

Men norske styresmakter avviser at eigarselskapet til grunnstøtte Full City, har eit verstingstempel. Ifølgje statssekretær Roger Schjerva i Finansdepartementet har selskapet så langt ikkje brote reglane til etikkrådet.

Ikkje oversikt

- Som norske styresmakter kan me ikkje konkludere med at selskapet kan stillast til ansvar verken for grunnstøytinga i Langesund eller andre forhold. Me har ikkje opplysningar som tilseier det, seier Schjerva.

Statssekretæren innrømmer likevel at Finansdepartementet ikkje har fullstendig oversikt over alle selskapa oljefondet investerer i.

- Kan trekkje oss ut

Nå vil departementet sikra seg alle fakta på bordet. I første omgang er det ikkje aktuelt å trekka seg ut av selskapet.

- Viss etikkrådet kjem til at selskapet bryt med etiske retningsliner, har me metodar for å trekkje oss ut av selskapet. Viss etterforskinga til politiet syner at selskapet kan stillast til ansvar for grunnstøytinga i Langesund, må me vurdere kva me skal gjere med eigedelane i selskapet, seier Schjerva.


AKTUELT NÅ