Hopp til innhold

Avviser omkamp om blyhagl

Norges Jeger- og Fiskerforbund slår tilbake mot Folkehelseinstituttet og Miljøpartiet Dei Grøne som «prøver å skape omkamp om blyhagl-saka» ved å innføre miljøavgift på blyhagl.

Rypejakt 2014

Til hausten kan det igjen bli lov å bruke blyhagl under småviltjakta, men fleire forskarar frårår dette på det sterkaste.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

NRK skreiv fredag at Folkehelseinstituttet foreslår at Stortinget innfører miljøavgift på blyhagl for å redusere utsleppet av 250 tonn bly i naturen, og at Miljøpartiet Dei Grøne vil leggje forslaget fram for Stortinget.

– Dei vil innføre miljøavgift på blyhagl trass i at blyhagl ikkje utgjer ei miljøutfordring der dette nå blir tillate, skriv forbundet på heimesidene sine.

Eit forsøk på omkamp

Forbundet oppfattar høyringa som Folkehelseinstituttet har kome med til forslag til nye forskrifter som eit forsøk på omkamp i blyhaglsaka, ettersom både Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet heile tida har vore negative til blyhagl.

Miljøpartiet Dei Grøne var også tydelege på at dei ville kjempa med nebb og klør mot lemping på blyhaglforbodet då saka blei behandla på Stortinget, seier informasjsonssjef Espen Farstad i NJFF til NRK.

Rasmus Hansson varsla fredag at dei vil leggje fram forslag for Stortinget før sommaren.

– Eg håpar miljøavgifta kan gjelde frå 1. januar 2016, sa Hansson.

«Ingen dokumentasjon»

– Vinn ein ikkje ei sak på den eine måten, søkjer ein tydelegvis andre bakvegar for å avgrense jakt med blyhagl, seier Farstad.

Også generalsekretær Espen Søilen avviser forslaget.

– Vi finn ikkje dokumentasjon i forskinga på at blyhagl utgjer ein reell folkehelseutfordring i forhold til norsk kosthald, seier han.

Ord mot ord

Dette står i sterkt kontrast til det både Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet hevdar i høyringsfråsegnene:

– Vi ser tydeleg at folk som et kjøt frå dyr som er skotne med blyammunisjon har høgare blynivå i blodet, og vi veit at det kan ha betydning både for blodtrykk og for hjerneutviklinga hos barn og fostre, sa underdirektør Jan Alexander i Folkehelseinstituttet til NRK.

Seniorforskar Aksel Bernhoft sa fredag at det er klart dokumentert at bly er skadeleg.

– Bly i blyhagl kan bli tatt opp i kroppen. Hagl deler seg når jegaren skyt. Også når kjøtet blir rensa for synlege blyrestar, er det høge blykonsentrasjonar der. Og bly i metallisk form blir tatt opp i nesten same grad som bly i organisk form, seier han.

Høyringsfråsegna er ein ramsalt kritikk av politikarane på Stortinget:

"Veterinærinstituttet mener Stortinget har sett bort fra godt dokumenterte helse- og miljøfaglige råd med sitt vedtak om å endre blyhaglforbudet".

Men jeger og fiskerforbundet avviser tal som forskarane brukar om mengdene bly i naturen.

– Det blir hevda at det vil bli spreidd 250 tonn bly i naturen. Tar ein utgangspunkt i Statistisk Sentralbyrå sin statistikk over talet på felt vilt, gongar dette med at jegrane nyttar 1-5 patroner pr vilt, endar vi mellom åtte og 42 tonn, seier Søilen, og viser til det svenske Kemikalieverket som har rekna spreiinga av blyhagl i fjellet til å bli eitt blyhagl per 100 kvadratmeter per hundre år.

AKTUELT NÅ