Flygeleiarne ved kontrollsentralen i Røyken i Buskerud er glade for at Avinor-leiinga no opnar for å utsetje flyttinga til Sola utanfor Stavanger.
Etter dei opprinnelege planane skulle flyttinga skje i 2008, men no opnar styreleiar i Avinor, Anders Talleraas, for ei utsetjing.
Styret i Avinor skal ta ei endeleg avgjerd i saka på et styremøte førstkomande onsdag.
Flyttinga frå kontrollsentralen i Røyken kan blil utsett. (NRK-foto)
Kommunikasjonsdirektør Ove Narvesen i Avinor seier at vedtaket om flytting til Sola står ved lag, og at det berre snakk om ei utsetjing på grunn av omprioriteringar.
Avinor vil no prioritere å utvide og effektivisere luftrommet over Sør-Noreg. Den kraftige auken i flytrafikken dei siste åra har gjort at det rett og slett ikkje er plass nok i luftrommet.
Leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Per Sandberg (Frp), synest det verkar som om Avinor no har fått panikk før juletrafikken, og at dei utsett flyttinga for å blidgjere flygeleiarane.