NRK Meny
Normal

Avgrensa innsyn i Valla-materiale

LO-sekretariatet gir partane i Valla-saka avgrensa innsyn i underlagsmaterialet.

 

Gerd-Liv Valla

Gerd-Liv Valla gjekk av som LO-leiar 9. mars i år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dette er klart etter eit møte i LO-sekretariatet i dag. Partane får sjå materialet i ein avgrensa periode, og må skrive under ei erklæring om teieplikt.

Gerd-Liv Valla og hennar advokat Harald Stabell vil få sjå materialet på like vilkår som Ingunn Yssen og hennar advokat, og som Valla og den tidlegare advokaten hennar.

Ingunn Yssen

Ingunn Yssen var internasjonal sekretær i LO.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Det er klart at dette må skje på nøytral grunn, og at dei ikkje få papira utlevert. Dette kan bety at dei må lese gjennom underlagsmaterialet på eit advokatkontor eller ein annan nøytral stad.

Harald Stabell sa sist veke at eit slikt avgrensa innsyn ikkje er bra nok, og at han vil vurdere å gå vidare med saka i rettssystemet. 

LO-sekretariatet understrekar at personvernet til dei av dei tilsette i LO som har delteke i prosessen, og dei andre medverkande, må takast i vare.

Underlagsmaterialet er hos advokatfirmaet Eiersholm, og LO har bede Wiersholt om å leggje til retten for innsynet, heiter det i vedtaket frå LO-sekretariatet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger