Avgått toppsjef i Vy får behalde 80 prosent av lønna

Avtroppande konsernsjef Geir Isaksen (65) i Vy går over i ei stilling som konsulent i selskapet med ei årslønn på 3,2 millionar kroner.

Avtroppande konsernsjef i Vy, Geir Isaksen.

Avtroppande konsernsjef Geir Isaksen i Vy skal vere konsulent i selskapet med ei årslønn på minst 3,2 millionar kroner.

Foto: NRK

Det var fredag føremiddag det vart kjent at konsernsjefen i Vy, tidlegare NSB, har valt å trekkje seg frå toppjobben . Han skal halde fram som konsulent.

Forbundsleiar Jane B. Sæthre i Norsk Jernbaneforbund synest avtalen Isaksen har gjort med styret om å behalde 80 prosent av lønna er pussig. Ho meiner slike avtalar i alle fall ikkje er motiverande for tilsette som blir bedne om å vere moderate når selskapet skal bruke sparekniven.

Ho seier at dette er så nytt at dei enno ikkje har diskutert avtalen i forbundsstyret. Jernbaneforbundet har vore kritisk til ein del av tiltaka Isaksen har gjennomført i løpet av dei 11 åra han har vore konsernsjef.

Intern kritikk

Forbundsleiar i Norsk jernbaneforbund, Jane B. Sæthre.

Jane B. Sæthre er forbundsleiar i Norsk Jernbaneforbund.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Denne motstanden har gått mykje på at han har satse for lite på jernbane, og dei har også vore kritiske til namneskiftet frå NSB til Vy. Dei meiner at det faktum at Vy har tapt to viktige tilbodskonkurransar, Sørlandsbanen og Dovrebanen, er eit teikn på konsernsjefen ikkje har hatt nok fokus på jernbane.

Forbundsleiar Rolf Ringdal i Norsk Lokomotivmannsforbund meiner at leiarlønningane i Vy er for høge i forhold til kva som er fornuftig og i forhold til det vanlege menneske tener.

– Vi meiner at ein leiar skal ha lønn etter ansvar og posisjon, men lønna bør ikkje vere på 3-, 4- eller 5 millionar kroner i året. Det er eit tankekorse at eit hundretals personar har leiarlønningar i jernbanesystemet etter oppdelinga av jernbanesektoren.

Han trur dette kan svekkje tilliten til regjeringa sin politikk.

Rolf Ringdal, leder Norsk Lokomotivmannsforbund

Rolf Ringdal er leiar i Norsk Lokomotivmannsforbund.

Foto: Astri Husø / NRK

– Vi sparer ikkje pengar på reforma. Ein må sjå dette i samanheng med det, seier han til NRK.

Trafikkvekst og breiare plattform

Sjølv vil ikkje Geir Isaksen kommentere om han har vore ein vellukka toppsjef i Vy, og at det bør heller andre gjere. Han viser likevel til ein del ting han har oppnådd.

– Vi har hatt ein trafikkvekst på over 30 prosent, vi har fått mange nye tog, vi har ei breiare plattform for verksemda, så det har skjedd veldig mykje bra. Eg synest eg kan gå av med rak rygg, seier han til NRK.

Han kjenner seg også trygg på at Vy vil vinne dei nye tilboda selskapet har lagt inn, blant anna på Bergensbana.

Cecilie Langum Becker

Cecilie Langum Becker er økonomikommentator i NRK.

Etter det NRK kjenner har styret ei tid vore klar over at Geir Isaksen ville gå av. Han har hatt ein avtale om at kunne gå av etter fylte 64 år, og no er han altså 65.

– Tøffe tak

NRKs økonomikommentator Cecile Langum Becker meiner det har vore tøffe tak for Isaksen. Ho viser til at dei tilsette meiner han ikkje har brukt nok tid på togverksemda, og dei likte heller ikkje namneskiftet frå NSB til Vy.

– I tillegg til dette kom det nyleg ei undersøking om kor tilfredse kundane var med Vy, og her kom ikkje selskapet bra ut. Men han har trass alt levert lønnsemd i kvart einaste år etter han vart konsernsjef, seier Langum Becker.

SISTE NYTT

Siste meldinger