Hopp til innhold

Avdekte brot på dyrevelferd ei veke etter møte med landbruksministeren

Berre ei veke etter at svinenæringa hadde krisemøte med landbruksministeren, oppdaga Mattilsynet ein gris som kan ha blitt skålda mens han framleis var i live.

Slakteriet Furuseth skal avlivet ikke gris før skålding

Det var på Furuseth slakteri at Mattilsynet avdekte at ein gris kan ha vore i live før han blei skålda.

Foto: Vegard Venli/Mattilsynet Romerike

– Verre enn dette kan det ikkje bli, seier Live Kleveland, jurist og kommunikasjonsrådgivar i Dyrevernalliansen.

Torsdag kunne NRK melde at Mattilsynet har funne ein gris hos Furuseth slakteri som dei såg teikn på at ikkje var godt nok blødd ut før han blei skålda.

Grisar blir skålda for at pelsen skal losne frå skinnet.

Men først skal dei bli bedøvde med CO₂. Så skal dei bli hengde opp og stukne, slik at dei blør ut. Då skal dei vere bedøvde og ikkje medvitne fram til dei dør.

Dyrevernalliansen meiner at tilfellet som blei avdekte i verste fall kan bety at fleire grisar kan ha vore i medviten tilstand under skålding hos slakteriet.

Live Kleveland

Live Kleveland, jurist og kommunikasjonsrådgivar i Dyrevernalliansen.

Foto: Dyrevernalliansen

– Dette dreier seg truleg om menneskelege feil. Leiinga i selskapet må sørge for at dette aldri skjer igjen, seier Kleveland.

Ifølge kommunikasjonsrådgivaren er ikkje dette første gong Furuseth slakteri bryt dyrevelferdsloven. I 2004 blei dei melde til politiet av Dyrevernalliansen for grove brot som var avdekte, seier ho.

Grisen kan ha vore vaken

Eirin Helland, fungerande seksjonssjef ved slakteritilsyn i Mattilsynet avdeling Romerike, opplyser at dei fann ein gris som hadde teikn på at han ikkje var godt nok blødd ut.

Slakteskrotten skal ha hatt mykje blod igjen i seg. Mattilsynet fann ikkje stikksår som viser at grisen var blødd ut før slakting. Det betyr at grisen ikkje blei stukken etter bedøvinga, seier Helland til NRK.

Ho utelukkar ikkje at grisen kan ha vakna igjen etter bedøvinga og ha vore i ein eller annan grad av medviten tilstand.

– Det er eit veldig alvorleg avvik, seier Helland.

Eirin Helland

Eirin Helland, fungerande seksjonssjef for slakteri i Mattilsynet, avdeling Romerike.

Foto: Vegard Venli / NRK

Også Helland trur det er snakk om ein menneskeleg feil, men ho legg til at problemet er større enn som så.

– Det er eit teikn på ein systemfeil. Slakteriet skal sikre at dyra er godt nok bedøvde og avliva før dei går vidare i slakteriprosessen, seier Helland.

Meiner dette ikkje er heile bildet

Styreleiar i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF), Ståle Gausen, meiner at tilfellet Mattilsynet har avdekte, ikkje er totalbildet for slakting av gris.

Mattilsynet avdekte totalt tre avvik, eitt av dei blir karakterisert som alvorleg.

– Det er uansett tre avvik for mange, seier Gausen.

Til NRK seier han at bransjen har nullvisjon som mål for slike typar avvik, og at dei kvar dag jobbar for å bli betre. Ifølge styreleiaren må bransjen sjå om det finst betre løysingar når menneskeleg svikt skjer.

– Det kan vere i form av meir opplæring for tilsette eller tekniske løysingar for å sikre kvaliteten på prosessen, seier Gausen.

På spørsmål om korleis dette kan ha skjedd like etter møtet med landbruksministeren, seier han:

– Det er tilfeldig at dette skjedde rett etter møtet. Vi beklagar.

Ståle Gausen

Ståle Gausen, Styreleiar i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.

Foto: Julie Haugen Egge/NRK

KLF opplyser til NRK at Furuseth denne gongen ikkje vil få kjenne på nokre konsekvensar frå forbundet si side. Det er fordi dei meiner at slakteriet har sett i gang tiltak som gjer at dei får kontroll over situasjonen.

Dokumentarist er ikkje overraska

Norun Haugen gjekk undercover i kjøttindustrien i fem år. Opptaka hennar enda opp i dokumentaren til Brennpunkt «Griseindustriens hemmeligheter».

– Eg er ikkje overraska over dette har skjedd, seier Haugen.

Ho ser tilfellet i lys av effektiviseringskrava som ho meiner er i kjøttindustrien, og seier til NRK at dyra berre er objekt på samlebanda til slakteria.

Då klarer ein ikkje å fange opp individa, seier Haugen, som legg til at ho trur bransjen ikkje eigentleg ønsker å betre dyrevelferda, sjølv om dei sette i gang tiltak i lys av dokumentaren til Brennpunkt.

– Det handlar først og fremst om å bygge opp omdømme til bransjen igjen. Pengane betyr alt, seier ho.

Furuseth slakteri er det største private slakteriet på Austlandet. Dei slaktar storfe, småfe og gris. Selskapet har 165 tilsette, årleg omsetning på rundt 1 milliard norske kroner og ein totalt slaktemengde på om lag 15.000 tonn i året.

NRK har vore i kontakt med eigar og dagleg leiar av Furuseth AS, Harald Furuseth, som ikkje nektar for innhaldet i vedtaket til Mattilsynet, men ønsker ikkje å stille til intervju.

Han avviser også NRKs førespurnad om å få besøke slakteriet. Furuseth er styremedlem i Kjøtt- og Fjørfebransjens Landsforbund.

Undersøkende dokumentar.

Undersøkande dokumentar med filming undercover av Norun Haugen.

AKTUELT NÅ