Hopp til innhold

Skal undersøka om me køyrer fortare no enn før pandemien

Så langt i år har 49 menneske mista livet i trafikken i Noreg. Statens vegvesen skal undersøka om me køyrer raskare no enn før pandemien.

Guro Ranes

BEKYMRA: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Guro Ranes, er bekymra for den store auka i dødsulykker så langt i år.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

21 personar omkom i trafikken i mai. Det er ti gonger så mange som i mai i fjor.

Berre i løpet av pinsehelga, har tre nye personar omkomme i trafikken.

Fredag døydde to kvinner etter ei trafikkulykke i Ålesund, og ei kvinne omkom etter ei trafikkulykke i Hole kommune i Buskerud.

Avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen, Gro Ranes, er bekymra.

– Det er dramatisk høge tal. Me bekymrar oss sterkt dersom dette held fram mot sommaren.

Ranes seier at dei ikkje veit kva som er årsaka til at talet på dødsulykker har auka, og dei ikkje har fått undersøkt dei nyaste dødsulykkene ordentleg.

Ein av hypotesane deira, er at auka har ein samanheng med at det har vore meir trafikk i år. Samanlikna med trafikken i same periode i fjor, har trafikken auka med 10 prosent i år.

Men denne auka åleine kan ikkje forklara den store endringa, seier Ranes.

Les også Voldsom økning i drepte i trafikken i april og mai

Trafikkulykke på E16 ved Seimsvatnet i Voss kommune.

Skal sjå om folk køyrer fortare

Vegvesenet ønsker no å undersøka om auka fart kan vera årsaka til at talet på dødsulykker stig igjen.

Frå tidlegare analysar, veit Vegvesenet at for høg fart er ein medverkande faktor i 35 prosent av tidlegare dødsulykker i Noreg.

– Når me veit om samanhengen mellom fart og alvorlege ulykker er det interessant å finna meir ut av.

Ein like stor faktor er redusert merksemd i trafikken. Etter det kjem ruspåverking og forhold med vegen.

Ranes fortel at dei har ein hypotese om at lettingane etter pandemien også kan vera ein faktor.

– Me har slutta å vera redde for koronaen, kanskje det slår ut på korleis me oppfører oss i trafikken.

Det veit dei enno ikkje. Tanken munnar ut frå korleis ytre trugslar og usikkerheit i samfunnet påverkar oss mentalt.

Då vil me generelt oppføra oss meir forsiktig, fortel Ranes.

Til dømes gjekk talet på trafikkulykker i fleire land ned under finanskrisa i 2008.

Les også Isabella ble lam og mannen døde – sjåfør dømt til seks måneder

Isabella Johannessen i beige ullgenser utenfor stallen hvor hun har travhester.

Vil sjå på distraksjonar

Kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, Cecilie Bryner, seier det er vanskeleg å seia kva som er årsaka bak auka i ulykker i det siste.

– Det er for tidleg å trekka nokon konklusjonar, seier Bryner.

Ulykkene må først bli etterforska og deretter må kunnskapen bli sett i system, seier ho.

Det dei veit enn så lenge, er at over 70 prosent av ulykkene dei siste to månadane er anten ulykker der berre ein bil er involvert eller der to biler kolliderer.

Dette er ulykker som ofte skyldast dårleg merksemd eller for høg fart, fortel Bryner.

– Den eine hypotesen vår er at ny teknologi i bilen og andre distraksjonar fører til at fleire er mindre merksame på trafikken, seier Bryner.

Ho seier ein kan legga bak seg ei ganske lang strekning ved å venda blikket vekk frå vegen i to sekund.

At folk tenker mindre risiko no enn under pandemien, er vanskeleg å svara på.

Samtidig veit ein at det skjer fleire ulykker på sommartid, fortel Bryner.

– Me veit at tørr asfalt gjer at folk køyrer fortare.

Altså at ein slappar meir av når forholda er rekna for å vera lette, og dermed er mindre merksam på risikoane.

Les også Fotobokser skal ta 70.000 flere fartssyndere: – Feil medisin, mener politioverbetjent

En svart bil kjører forbi en fotoboks.

Råda til trafikantane

Kvart år leverer Statens vegvesen ein djupneanalyse for trafikken året før. Førre rapport er for året 2020.

I rapporten kjem det fram at dei fleste dødsulykkene er ulykker der to biler møter kvarandre. Etter det kjem utforkøyringsulykker.

Dei fleste dødsulykkene skjedde i fylka Viken og Innlandet. Færrast var det i Agder.

– Det å ha hovudet, tankane og blikket med seg ute i trafikken, og ikkje halda på med andre ting, seier Ranes i Vegvesenet er viktig for at alt skal gå bra.

Ranes samanfattar det som kan hindra ulykker i fire punkt:

  1. Tilpassa farten etter fartsgrensa
  2. Hugsa bilbelte
  3. Ikkje køyre med rus
  4. Vera merksam på vegen og trafikken

Av dei 21 døyde i mai i år, var det 18 menn. 13 av dei var i alderen 55 år eller eldre.

– Dette er ei trafikantgruppe som generelt har mykje køyreerfaring, så det er urovekkande at så mange i denne gruppa omkjem i trafikken, seier Bryner i Trygg Trafikk.

Frå ho er rådet til alle trafikantar klart:

– Skjerp sansane, ver til stades og stress ned.

AKTUELT NÅ