Klokka 18.30 måndag kveld demonstrerer protestrørsla Pegida (Patriotiske europearar mot islamisering av Vesten) for første gong i Noreg ved Rådhuset i Oslo.
Rørsla er motstandar mot innvandring frå muslimske land og skriv på Facebook at den demonstrerer «på humanistisk grunnlag», .
Parallelt blir det skipa til ein motdemonstrasjon, eit« solidaritetstog mot hat og stigmatisering» som skal marsjera frå Youngstorget til Stortinget. Ifølgje politiet er begge demonstrasjonane lovlege og skal etter planen ikkje møta kvarandre undervegs.
Politiet er likevel førebudde på at det kan bli uro og var måndag ettermiddag i møte for å vurdera situasjonen.
– Me tek høgde for at ting kan skje og har mannskap til stades for å følgja begge demonstrasjonane. Me har også moglegheiter for å justera opp beredskapen ved behov, seier innsatsleiar i Oslo politidistrikt Brian Skotnes.
- SJÅ DIREKTE: NRK.no følgjer demonstrasjonane i Oslo sentrum frå klokka 18.00.
Norske islam-motstandarar stiller
Pegida har meldt frå til politiet om at dei ventar mellom 20 og 200 deltakarar i sin første demonstrasjon i Noreg. Motdemonstrasjonen blir skipa til av muslimen og samfunnsdebattanten Thee Yezen al-Obaide, som har varsla om meir enn 1000 påmelde.
Blant dei som har varsla at dei stiller i Pegida-demonstrasjonen, er den tidlegare leiaren av den islamkritiske protestgruppa NDL (Norwegian Defence League) Ronny Alte og Stig Andersen, leiaren i SIAN (Stopp islamiseringen av Norge).
– Politiet har både synlege og usynlege ressursar i Oslo by for å sikra at demonstrasjonane går fredeleg føre seg og at dei får ytra sine appellar, fortel Skotnes i politiet.
– Borgarane skal ha ein trygg kveld, legg innsatsleiaren til.
Markerer avsky mot Paris-terroren
Markeringa til #Solidaritetstog skulle i utgangspunktet vera ein rein motdemonstrasjon mot Pegida, men parolegrunnlaget er utvida etter massakren i Paris førre onsdag.
«Me samlar oss for å markera avstand frå den terroren som råka Charlie Hebdo med etterfølgjande gisselaksjonar», står det på Facebook-sida til #Solidaritetstog.
På Eidsvolls plass utanfor stortinget blir det appellar, blant anna frå biskop Ole Christian Kvarme, talsmannen for Minhajmoskeen Mohammad Al-Siddiq og frå initiativtakaren til demonstrasjonen Thee Yezen al-Obaide.
Den islamkritiske protestrørsla Pegida oppstod i Tyskland i oktober i fjor. Før jul deltok opptil 15.000 menneske i Pegida sine markeringar i austtyske Dresden. No seier den norske arrangøren Max Hermansen at dei planlegg å ha ein demonstrasjon her i landet kvar veke.