Hopp til innhold

Unntakstilstand i El Paso – fleire tusen vil krysse grensa

Fleire tusen menneske forsøkjer å krysse grensa frå Mexico til USA kvar dag. Pågangen er venta å auke til veka når ein omstridd innvandringslov forsvinn. No har ordføraren i El Paso erklært unntakstilstand.

Migranter står i kø for å komme inn i El Paso, Texas. Nederste del av bildet er mørkt, fullstendig fylt av folk, tett i tett. Over dem er røyk fra bål langs køen, og fugler som flyr i flokk.

MYKJE FOLK: Migrantar står i kø for å sleppe inn i El Paso, Texas. Røyk frå bål langs køen sig opp i lufta. Biletet blei teke den 13. desember.

Foto: JOSE LUIS GONZALEZ / Reuters

Einslege, familiar, born, og eldre – alle står dei i eviglang kø for å sleppe inn i USA via grensebyen El Paso.

Førre helg forsøkte nær 7500 menneske å krysse grensa.

Og talet er venta å auke.

– Dei føderale myndigheitene har informert meg om at talet kan auke til over 6000 kvar dag, seier ordførar i byen, Oscar Leeser.

Ei kvinne med munnbind og lilla vitnerjakke sitt og ser til venstre. På fanget har ho ein baby på rundt eitt år. Babyen har på seg oransje tiger-dress, lilla votter og ei mørk lue. Babyen er skitten i ansiktet og ser rett inn i kameraet med skeptiske auge.

Same dag som ordføraren erklærte unntakstilstand sat desse og venta utanfor ei kyrkje, i håp om å få ein plass å sova for natta.

Foto: JOHN MOORE / AFP

Same dag som ordføraren erklærte unntakstilstand sat desse og venta utanfor ei kyrkje, i håp om å få ein plass å sova for natta.

Foto: JOHN MOORE / AFP

Onsdag blir nemleg lova «Title 42» oppheva og høvet til å søkje asyl i USA vert enklare.

Berre i 2022 har lova blitt brukt meir enn 2,2 millionar gonger for å avvise migrantar og asylsøkjarar på grensa, viser tal frå det amerikanske grensepolitiet.

Unntakstilstand

Ordføraren erklærte laurdag kveld unntakstilstand i byen, skriv avisa Texas Tribune.

Grunngjevinga skal vere at fleire hundre migrantar har slått leir gatelangs og at fleire er arresterte.

Dei lokale herberga er overfylte og mange blir tvinga til å sove utandørs.

– Me ynskjer å sørge for at folk blir behandla med respekt. Me ynskjer å sørgje for at alle er trygge. Det er ikkje sånn som dette me har lyst til å behandle folk, seier Leeser i ei pressemelding.

En mann ligger på gulvet på en busstasjon, dekket av flere opprevne pappplater. Han har på munnbind og hviler hodet mot flisveggen. Ved siden av ham ligger en person skjult under et teppe fra Røde kors.

Fleire av migrantane må finne provisoriske plassar å sove. Her ligg ein migrant frå Nicaragua på ein busstasjon.

Foto: JOSE LUIS GONZALEZ / Reuters

Leeser håpar erklæringa vil gje styresmaktene i byen dei nødvendige ressursane og høvet til å skaffe ly til migrantane. Han håpar også delstaten vil sende meir pengar.

Vêrmeldinga for den neste veka viser nemleg minusgrader i den sørlege byen, og ordføraren er bekymra for dei som må sova ute.

– Eg har sagt heile vegen at eg ville erklære unntakstilstand om det blei nødvendig for å sikre tryggleiken til innbyggjarane i byen og dei som ynskjer å søkje asyl.

– Humanitær krise

– Grensebyane står overfor ei humanitær krise. Dei har ikkje midla som trengst for å takle den enorme pågangen av migrantar, seier delstatssenator César J. Blanco.

Han seier delstatskontoret vil gjera alt dei kan for å hjelpe grensebyen, som har sett ei auke i talet på migrantar sidan 2020.

Lenge kom det færre migrantar frå Mexico til USA, men trenden snudde for om lag to år sidan, skriv New York Times.

En familie fotograferes mens de krysser elva Rio Grande på vei til USA. De er to voksne, noen større barn og flere små barn, som bæres av de eldre. Fotoet er tatt gjennom en sølvgrå piggtråd. De voksne har vann til livet.

Ein familie fra Venezuela fotografert mens dei krysser elva Rio Grande på vegen inn til USA.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

Ein familie fra Venezuela fotografert mens dei krysser elva Rio Grande på vegen inn til USA.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

Då sende ein kombinasjon av valdsauke og dårlegare økonomi i den folkerike republikken fleire av innbyggjarane nordover.

Koronapandemien var også med på å auke dei økonomiske skilnadane i landet. 3,8 millionar menneske vart raskt dytta ut i fattigdom.

Fleire døyr i forsøket

Samstundes som mange forsøkjer å kome inn i USA på lovleg vis, finst det dei som vel ein annan veg inn i landet.

I juli vart eit vogntog forlate midt i solsteika på ein landeveg i Veracruz i Mexico. Inne i konteinaren hadde menneskesmuglarar stua rundt 400 menneske.

Dei kom frå sørlege land som Guatemala, Honduras, Ecuador og El Salvador, mellom anna.

Hendinga tok plass berre ein månad etter at minst 53 migrantar døydde då ein semitrailer velta på vegen til USA. Fleire enn 100 menneske vart funne inni traileren.

Amerikanske myndigheiter skriv også at om lag 8000 menneske har mista livet i forsøket på å krysse grensa mellom Mexico og USA sidan 1998.

Lange vandringar i ørkenen, ekstreme temperaturar og drukningar var hovudårsakene til dødsfalla.

Fleire ekspertar trur dødstala har auka grunna nettopp Title 42, som gjorde det vanskelegare å komme inn i landet, skriv CNN.

AKTUELT NÅ