Hopp til innhold

Her har ei fredsavtale gitt fritt leide for ekstremistar

Sinaihalvøya i Egypt er eit ynda reisemål for nordmenn, men også eit tryggingspolitisk vakuum veleigna for ekstremisme og lovløyse.

Grensevakter drept i Egypt

I august i fjor vart 16 grensevaktar drepne ved den egyptisk-israelske grensa på Sinai. Fredsavtala frå 1979 hindrar Egypt frå å tryggje området.

Foto: Ap

Bibelsk historie, spektakulært ørkenlandskap og kanskje dei beste dykkestadene i verda. Attraksjonane har i mange år stått i kø for vestlege turistar som dreg på feire til Sinaihalvøya nordaust i Egypt.

Men fleire og fleire turistar har fått ferien snudd på hovudet grunna kidnappingar, terrorisme og lovløyse. Fredag vart det kjent at ei 31 år gammal norsk kvinne vart kidnappa på vegen mellom det egyptiske backpackerparadiset Dahab, og grensebyen Taba. Ho skal vere i god behald.

Det norske utanriksdepartementet har fråråda nordmenn å opphalde seg i området etter fleire kidnappingar den siste tida. Tryggleiken på Sinaihalvøya har gradvis forverra seg etter at tidlegare president Hosni Mubarek vart styrta under den arabiske revolusjonen for to år sidan.

– Nordmenn som reiser til Egypt må vere varsomme når dei reiser i landet, og i det nordlege Sinai fråråder me nordmenn heilt å reise til, seier Svein Michelsen i Utanriksdepartementet i UD.

Apollo åtvarar reisande nordmenn om å reise rundt i Sinai-ørkenen.

Svært mykje kidnappingar

Drap på grensevakter

Ein egyptar i fortvilelse etter drapa på grensevaktane i fjor sommar.

Foto: Afp

Berre i løpet av dei siste månadene har dette skjedd: 19 egyptiske grensevakter, 25 kinesiske sementarbeidarar, tre koreanske turistar og to amerikanske turistar blitt tekne som gislar. Ein fransk turist vart drepen og fire andre skada i samband med eit ran, skriv The Guardian.

Ein av dei mest alvorlege hendingane dei siste åra skjedde i august i fjor, då 16 egyptiske grensevaktar vart drepne under det som vart kalla «Ramadan-massakren».

Seinast 7. mars vart eit britisk milliardærekteparet bortført i området, men vart lauslatne etter få timar. Kidnapparane kravde då at fire fangar skulle bli lauslatne frå eit fengsel i Alexandria, noko dei ikkje lukkast med.

Det er i hovudsak beduinar som står for kidnappingane, der hovudmotivasjonen er midnøgde med korleis dei vert behandla av styresmaktene i Kairo. Beduinane har tidlegare angripe politistasjonar, sperra vegar til landsbyar og teke fleire gislar, ifølgje Reuters.

Taba, Egypt

Idyllen ved rødehavskysten, her ved den egyptiske grensebyen Taba, har for alvor slått sprekkar den siste tida etter tallause kidnappingar.

Foto: Khalil Hamra / Ap

Stor smuglarindustri

Men det er også hevda at økenhalvøya er blitt eit ynda friområde for ekstreme grupperingar som ønskjer å unngå merksemda i Kairo. Dei siste vekene har ein egyptisk advokat skulda Hamas for å stå bak den omtalte Ramadan-massakren, skriv nettavisa Al-Monitor.

Det kokar likevel ned til at Sinaihalvøya for det meste består av ørken, og er svært spreidd befolka. Det gjer det ekstra fordelsaktig for kidnapparar og andre lovlause grupper å operere. Grupperingane strekkjer seg frå militante islamistar og beduinar til fattige gjengar frå land lenger sør i Afrika.

Smugling over grensa mellom Egypt og Israel har blitt ein eigen industri. Våpen vert smugla til Gaza, medan marijuana og flyktningar smuglast til Israel. Ifølgje The Guardian er denne svarte økonomien aleine verdt 1,8 milliardar kroner.

Den relative lovløysa som herskar på Sinaihalvøya starta i 1979 etter at Egypt inngjekk ein fredsavtale med Israel. Som eit resultat av denne har ikkje Egypt lov til å utplassere soldatar og anna militært personell på Sinai utan løyve frå Israel. Ifølgje Al-Monitor er det rapportert å vere rundt 1500 ekstremistar i området, væpna med rakettar, AK-47-rifler og maskingevær.

«Ville Vesten»

– Sinai er i ferd med å omskape seg til eit slags Ville Vesten, der terrorgrupper frå Hamas, Islamistisk Jihad og al Quaida, med hjelp frå Iran, smuglar våpen for å førebu åtak på Israel, sa statsminister i Israel, Benjamin Netanyahu i fjor.

Men månader seinare var det nettopp egyptiske grensevakter som var målet for terroren. Kritikarar meiner det er Israel som har nøkkelen til i løysing i området ved å la Egypt utplassere

I 2006 gjekk det av ei bombe i feriebyen Dahab, som førte til at 18 menneske vart drepne. Og så var det ei norsk kvinne involvert. Line Eidsvåg (32) frå Lillehammer vart berre 40 meter unna bomba då den gjekk av.

AKTUELT NÅ