Hopp til innhold

AUF-leiaren: Ap tek viktige avgjersler på bakrommet

AUF-leiar Mani Hussaini tek eit kraftig oppgjer med den interne partikulturen i Ap. Arbeidarpartiet har forsøkt å dysse ned vanskelege saker og tatt for mange avgjersler på bakrommet, meiner Hussaini.

Stortingsvalget 2017

KRITIKK: AUF-leiar Mani Hussaini kjem med krass kritikk av prosessane i moderpartiet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

AUF-leiaren seier Ap har tatt viktige og store avgjersler utan at medlemane og tillitsvalde har fått vere med i prosessen.

– Viktige konfliktsaker er blitt avgjort på bakrommet, seier han til NRK.

– Kvifor er det slik?

– Arbeidarpartiet er eit spesielt parti fordi me rommar alle typar folk, rike og fattige, høgt utdanna og lågt utdanna og så vidare. Det gjer at ein har frykta at konfliktsakene vil splitte oss og difor forsøkt å lande kompromiss på bakrommet, seier Mani Hussaini.

Støre: – Tek avstand frå dette med lukka rom

– Det er på høg tid at me dyrkar dei politiske motsetnadene, at me diskuterer dei og opnar opp for at ein tek avstemmingar på dei sakene ein tidlegare har forsøkt å dysse ned, ved å lage eit kompromiss, seier Hussaini.

Skolevalget 2017

IKKJE SAMD: Ap-leiar Jonas Gahr Støre er ikkje samd i at for mange avgjersler i partiet blir tatt i lukka rom.

Foto: Pernille Nielsen / NTB scanpix

Partileiar Jonas Gahr Støre er ikkje samd i at viktige og vanskelege saker er blitt avgjort på bakrommet.

– Eg meiner Mani Hussaini har mange gode poeng, men eg tek avstand frå dette med lukka rom. Det er ikkje slik at nokon kan lukke seg inn på eit rom, ta ei avgjersle og så gå ut. Det står ikkje testen, men meir openheit, opne diskusjonar og tørre å få fram ulike syn, det er eg for, seier Støre.

Det kom også fram då han måndag denne veka gjekk på talarstolen på landsstyremøtet og sa at Arbeiderparitet må bli eit opnare parti.

– Takhøgda for politisk usemje skal vere stor. Eg vil seie at takhøgda kan bli enda større, sa Støre i si tale.

Ikkje følgd med i tida

Ap har vore gjennom nokre opprivande veker. No er det på tide å gjere ting på ein ny måte, meiner AUF-leiar Hussaini.

– Me har no høve til å starte på nytt. Det er på tide at Arbeidarpartiet følgjer med i tida og blir eit moderne folkeparti, seier han.

Ap-leiaren sluttar seg til oppfordringa.

– Det er eg heilt einig i. Når me ikkje klarar å vinne eit val, som me hadde føresetnader for å gjere, så kan du godt seie me ikkje har følgd godt nok med i tida. Det er ei brutal utsegn me må tørre å sjå inn i auga, seier Støre.

AKTUELT NÅ