Hopp til innhold

Åtvarer mot bioetanolpeisar i private heimar

Bioetanolpeisar høyrer ikkje heime i private heimar, meiner brann- og redningsetaten i Oslo. Dei siste åra har det vore fleire alvorlege brannulukker fordi slike peisar har eksplodert.

– Hadde det vore opp til Brann- og redningsetaten, burde ikkje dei omnane vi har sett vore brukt per i dag, seier Morten Engmann ved Brann- og redningsetaten i Oslo til NRK.

Morten Engmann, Oslo Brann- og redningsetat

Morten Engmann ved Brann- og redningsetaten i Oslo.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Årleg blir det selt tusenvis av bioetanolpeisar i Noreg. Men etanol er svært brannfarleg, og folk bør ikkje handtere det utan verneutstyr, meiner Engmann.

– Ein bør tenkje seg særs godt om, for om ein i det heile tatt har lyst til å drive med omtapping i sin eigen heim, seier han.

Brann- og redningsetaten i Oslo meiner ei god bruksrettleiing ikkje er nok for å hindre fleire ulukker.

LES OGSÅ: Advarer mot biopeiser

Alvorlege skadar

På landsbasis har det skjedd fire ulukker med eksplosjonar i bioetanolpeiser det siste året.

18. september vart ei 56 år gamal kvinne alvorleg brannskadd etter ein eksplosjon.

LES OGSÅ: Alvorlig skadd etter peiseksplosjon

– Då byrja eg å gråte. Eg veit kva ho skal igjennom, det er eit helvete, seier Britt Fossum frå Oslo til NRK, som opplevde det same ved juletider i fjor.

– Det gjekk berre sekund før eg sto i brann. Eg har vore igjennom ei temmeleg tøff tid etter dette, med hudtransplantasjonar og fleire andre operasjonar, seier ho.

Video Advarer mot bioetanol-peiser

Peiser som fyres med bio-etanol hører ikke hjemme i private hjem, mener er brann- og redningsetaten i Oslo.

– Heilt trygt

Bransjen sjølv meiner informasjonen forbrukarane får er god nok til at bioetanolpeisane er trygge.

– Bioetanol brukt etter bruksrettleiing er heilt trygt, seier dagleg leiar Tor Egil Nordlie i Biopeis, ein av produsentane av i Noreg.

– Peisane våre har ikkje vore innblanda i desse ulykkene. Etter det vi har fått opplyst av DSB, er hovudårsakene til ulykkene brukarfeil, legg han til.

Britt Fossum meiner på si side at ei god bruksrettleiing ikkje er nok.

– Det er for farleg å nytta peisane. Ein bør gå på kurs hvis ein skal ha ein slik peis.

AKTUELT NÅ