– Snøskred kan losne av seg sjølv med det mildvêret som kjem no.
Det seier vaktleiar i NVE si snøskredvarsling, Tommy Skårholen, til NRK.
Han åtvarar folk på det sterkaste om å legge ut på tur i skredterreng, særleg fordi faren er at snøskreda kan kome naturleg.
Plussgrader langt til fjells
– Torsdag kjem det mildvêr inn over Sør-Noreg Då får vi ein auke i snøskredfare i heile landsdelen, seier Skårholen.
Plussgrader og regn langt til fjells aukar faren frå moderat til betydeleg i fleire område.
I Hallingdal og Jotunheimen kan det kome til å regne heilt opp til 1100–1200 meter over havet.
– Over mildvêrsgrensa blir det ustabil fokksnø, seier NVE sin skredekspert.
Få kjenner fjellheimen i Sør-Noreg like godt som Albert Lunde. No har han rapportert om aukande skredfare til NVE.
Foto: Even Lusæter / NRKGir klare råd
Fjellmannen Albert Lunde frå Lom var ute i fjellet seinast i dag for å observere snøskredfaren.
– No er eg ute tre dagar i veka for NVE, fortel Lunde, som også tok bilete som ein kan sjå igjen på varsom.no
Det å gå turar i tøffare terreng enn løypene i Nordmarka, har dei siste åra blitt svært populært.
Difor er NVE også nøye med å gje tydelege råd til dei mindre erfarne som let seg lokke av fjellet.
– Unngå skredterreng når det er fare for at skred kan losne av seg sjølv, seier Tommy Skårholen.
Meir stabilt i nord
Han forklarar at når temperaturen stig og du får regn på snødekket, så blir bindinga i snødekket svekka og skred kan gå av seg sjølv.
Han har ingenting i mot at folk kjem seg ut, men ber folk vere obs no når snøskredfaren aukar.
– Men skal du på skitur no, så må du legge ganske vilje i det, seier skredeksperten.
I Nord-Noreg vil forholda vere meir stabile fram mot helga, men NVE ber folk vere varsame der også.