Hopp til innhold

Åtvarar mot influensahysteri

- Mange av tiltaka mot svineinfluensaen har liten eller ingen effekt for å hindre smitte, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Hans Blystad
Foto: NRK

Det vert sett i verk stadig nye tiltak mot svineinfluensa. Antibakterielle produkt står lett synleg i alle butikkar og dei kan kjøpast i alle tenkjelege variantar.

Men ifølgje overlege Hans Blystad ved Nasjonalt folkehelseinstitutt treng vi ikkje antibakterielle midlar så lenge vi berre har tilgang på vanleg vatn.

- Vanleg handvask er vanlegvis vel så bra, og godt nok i den vanlege, personlege hygienen.

- Har ikkje stor verknad

Tidlegare i dag melde NRK at dei store matvarekjedene ICA og Meny no mellom anna kuttar ut å servere kundane smaksprøvar , på grunn av smittefaren ved slike tilbod. Samstundes ber arbeidsorganisasjonen HSH medlemmene sine om å kutte ut matservering ved møte.

Dette meiner Blystad er å dra det litt langt.

- Desse tiltaka har nok ikkje så stor verknad på influensaepidemien. Men det er viktig at folk engasjerer seg. Vi har jo eit sosialt fellesansvar for å prøve å avgrense denne epidemien så godt som mogleg, seier han.

Tre enkle råd

Bodskapen frå Blystad er at det ikkje finst nokon grunn til å avgrense sosial omgang eller kutte ut matservering. Det er heilt andre, og veldig enkle grep som skal til:

  • Jamnleg handvask med såpe og vatn.
  • Ikkje host eller nys på andre.
  • Hald deg heime derom du er sjuk.

- Tek vi desse enkle hygieneråda, så kan vi forhalde oss til kvarandre slik vi har gjort før, seier overlegen.

AKTUELT NÅ