Hopp til innhold

Åtvarar mot fleire privatskular

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell frå SV meiner Høgre og Framstegspartiet må legge bort privatskulepolitikken sin etter avsløringane om John Bauer-gymnasa.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

Denne veka har NRK hatt fokus på pengebruk og kvalitet ved dei private John Bauer-gymnasa.

Les: Gymnas-eigarar handlar med seg sjølve

Les: Politikere opprørte over John Bauer

Les: Hver fjerde elev slutter

Les: - Legg ned John Bauer-skolene

Skulane blei starta under den førre borgarlege regjeringa.

- Eg meiner vi hadde rett da vi stoppa den storstilte privatiseringa i den vidaregåande skulen som Kristin Clemet og høgresida sette i gang, seier Solhjell.

 

Krig om lova

Det har vore politisk krig om privatskular i Noreg. Den ferske kunnskapsministeren frå SV er overtydd om at regjeringa sin politikk er den riktige.

- No har vi avgrensa privatskulelova og eg oppmodar Høgre og Framstegspartiet til å leggje vekk den saka. Det er nok problem i skulen om vi ikkje også skal ha ei ny stor privatiseringsbølgje, seier Solhjell.

Dei private John Bauer-skulane har kjøpt tenester for fleire millionar kroner av selskap som skule-eigarane kontrollerer. Samtidig er det stor misnøye med administrativt rot, særleg ved skulen i Oslo

Påminning

- Eg trur dette må vere ei påminning til både Høgre og Framstegspartiet om at vi ikkje ønskjer ei slik utvikling. No ser vi at det blir stilt spørsmål ved to skular. Utfordringa kunne ha vore mykje større dersom den førre privatskulelova framleis gjaldt, seier Solhjell.

For ikkje lenge sidan gjekk KrF og den raud-grøne regjeringa saman om eit forlik som seier at det er lov å opprette skular som er religiøse eller pedagogiske alternativ. Men nyetableringar av det regjeringa omtalar som kommersielle skular er ikkje lovleg.

Frykt

Men Solhjell fryktar at privatskule-avtalen ikkje skal leve evig.

- Eg fryktar at dersom Høgre og Framstegspartiet skulle kome til makta igjen, så vil dei sette i gang eit nytt løp med å privatisere den norske skulen. Det vil eg åtvare sterkt i mot, seier Solhjell. 

AKTUELT NÅ