I utstillingsperioden fram til februar, skal tre røykmaskinar produsere eit kunstig, lavtliggende skydekke i Lyssalen. Dette skjer ved hjelp av olje og vatn. Det er kunstnaren sjølv, som har valt dette.
– Laure Prouvost ønskjer å invitere publikum til å sveve over skyene i eit grenseløst univers, forklarar Nasjonalmuseets kurator, Eva Klercke Gagne.
Åtvarar om helserisiko
Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) reagerer på scenerøyken.
– Det er trist at Nasjonalmuseet vel ei utstilling med denne typen effekt, uttalar Hogne Skogesal, assisterande generalsekretær i NAAF.
Han visar til at scenerøyk generelt gir helserisiko, både for tilsette og publikum, til dømes på Operaen.
– Trass i at scenerøyken der har vore innanfor Arbeidstilsynets grenseverdiar, har folk blitt kronisk sjuke. Nokre har fått yrkesskadeerstatning, fortel Skogesal.
Han meiner Nasjonalmuseet bør informere om scenerøyken og vere tydeleg på at born ikkje bør vere til stades.
– Born er ekstra sårbare for skadelege partiklar i lufta. Dei har lunger som framleis er under utvikling. Fordi de er kortare enn vaksne, er dei nærmare røyken. Derfor vil dei trekkje inn meir i luftvegane, ettersom røyken her ligg ned mot golvet, påpeiker Skogesal.
Må vareta tilsette
– Scenetåke kan gje irritasjonseffekt hjå nokre som vert eksponerte, informerer Karl-Christian Nordby, overlækjar hjå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Bruken som skisserast her, synest å vere både meir intens og langvarig enn den som har gitt plagar i andre arbeidsmiljø, meiner lækjaren.
Han framheve at arbeidsgjevar må lytte til og vareteke dei som vert eksponerte.
Blir neppe eit problem
Nasjonalmuseets Ole-Morten Fadnes, senior kommunikasjonskonsulent, er usamd med Norges Astma- og allergiforbund.
– Vår vurdering er at det ikkje er noko som tilseier at scenerøyken skal bli eit problem. Heller ikkje for gruppene som nemnast, seier Fadnes.
Han peikar på at utstillinga går føre seg i to saler på til saman 1500 m². Det er sju meter under taket, og røyken skal liggje 30-40 cm over golvet, på eit avgrensa omåde.
– Vertar og vektarar er opplært i korleis dei skal behandle publikum så ikkje nokon kjem for tett på røyken, fortel han.
Fadnes seier Nasjonalmuseet har gjort grundige undersøkingar før opninga.
Han fortel korleis røykmaskinane allereie står ut mot veggane, gøymde under to installasjonar. I tillegg har Nasjonalmuseet eit svært avansert ventilasjonsanlegg.
- Dette gjer at røyken vil trekkje ut mot veggane. Dersom dei som skal stå i Lyssalen i mange timar, opplever ubehag, kan dei velje å ikkje vere der. Samtidig vil vi gjere helsesjekk, dersom det er nødvendig, oppgir Fadnes.
Han medgjev at Nasjonalmuseet ikkje kan garantere at aerosolar ikkje spreier seg i lufta, men oppfordrar alle til å komme på utstillinga.