Hopp til innhold

Åtvarar båtfolk mot ny bensin

Den nye bensinen skal vere grønare og meir miljøvennleg, men båtbransjen er bekymra for at drivstoffet skal gjere det utrygt for folk til sjøs.

Ei bensinpumpe i havna i Stavanger

E10: Det nye drivstoffet kjem til Noreg i løpet av våren.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Vi tilrår alle båteigarar som har bensinmotor i båten til å gå over til å fylle 98 oktan, fortel Thomas Nicolai Bjønness i Norboat.

– Vi går ut med dette fordi vi er opptatt av tryggleik når det nye E10 drivstoffet blir den nye standarden for bensin.

Norboat

Thomas Nicolai Bjønness, medlemsansvarleg i Norboat.

Foto: Kommunikasjon / Norboat

Denne våren kjem det nye drivstoffet E10 på bensinstasjonar rundt om i landet.

E10 skal vere grønare enn dagens alternativ på grunn av innblandinga av bioetanol.

Bjønness og båtbransjeforbundet er likevel bekymra for at det nye driftsstoffet skal auke faren for motorhavari til sjøs.

Derfor går dei no ut og rår alle båteigarar til å ikkje fylle den nye E10 bensinen på tanken.

– Faren for motorhavari er større på grunn av kondens når E10-bensinen blir lagra lenge, seier Bjønness

Åtvarar båteigarar

Fordi båten ikkje blir like hyppig brukt som bilen vil bensinen liggje i tanken lengre.

Etanol kan då skape problem for båtmotorar som ikkje er konstruerte for å tole stoffet.

– Dei aller fleste moderne båtmotorar toler å bruke E10, men sjølv om motoren toler å bruke dette så vil drivstoffet tiltrekke seg vatn og fukt når det blir lagra, fortel Bjønness

– Fordi båtmotorane ofte ikkje blir brukt hyppig nok, og tanken ikkje blir skylt gjennom hyppig nok, så vil vassinnhaldet i bensinen skape utfordringar.

båthavn i Stavanger

Rådet frå Norboat gjeld alle typar bensindrivne båtmotorar, både påhengs- og innanbords motorar og to- og firetaktsmotorar. Det gjeld ikkje dieselmotorar.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Allereie etter nokon veker vil vassinnhaldet i bensinen stige, og ein kan allereie etter tre til seks veker ha bensin som ikkje er eigna for bruk, held han fram.

Bjønness fortel også at Norboat har bedd marinaane om å levere 98 oktan for bruk på sjøen.

– Dette er for å unngå at dette skal bli eit tryggleiksproblem for fritidsbåtbrukarane.

Grønare alternativ

Noreg er blant dei siste i Norden til å innføre E10 som den nye standarden for bensin.

– Større innblanding av bioetanol gjer produktet meir miljøvennleg, fortel Kristin Bremer Nebben, sjef i Drivkraft Noreg.

– Det har etter kvart begynt å bli den vanlege bensinstandaren i resten av Europa, legg ho til.

Kristin Bremer Nebben, administrerande direktør i Drivkraft Norge.

Kristin Bremer Nebben, sjef i Drivkraft Noreg.

Foto: Moment Studio / Moment Studio

– Auke i krava om meir fornybart drivstoff i Noreg gjer det naturleg at også drivstoffselskapa her i landet går i gang med å auke andelen bioetanol.

I Stavanger uttrykker båteigar Leif Hansen bekymring:

– Eg ville ikkje fylt med noko som kunne skadd båten.

Leif Hansen i Stavanger båthavn

Båteigar Leif Hansen i Stavanger.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

AKTUELT NÅ