NRK Meny
Normal

Åtte fylke blir ramma av ekstremveret «Tor»

Meteorologisk institutt varslar ekstreme verforhold i morgon i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Hedmark, Oppland og Buskerud.

Ekstremværet Tor på veg.

Ekstremveret «Tor» vil truleg gi orkan både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fredag.

Foto: Meterologisk institutt

I ei pressemelding frå Meteorologisk institutt seint torsdag kveld heiter det at ekstremvêret «Tor» vil gi sterkast vind i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Her er det venta vindkast inn over land på opp til 50 meter i sekundet. Det blir åtvara om ei bølgjehøgd på 11–13 meter i Sogn og Fjordane, og litt mindre i Hordaland og Møre og Romsdal.

I Hordaland varslar meteorologane sørvest sterk storm på kysten frå fredag ettermiddag, med vindkast på 35–45 sekundmeter inn over land. Det er venta høge bølgjer inn mot kysten.

Fare for orkan

I Sogn og Fjordane er det også venta sørvest sterk storm fredag ettermiddag, med mogleg orkan på kysten. Vindkasta kan kome opp i 45–55 meter i sekundet med signifikant bølgehøgd på 11–13 meter.

Uveret er venta å nå Møre og Romsdal seint fredag ettermiddag med sterk sørvest storm på kysten og kanskje orkan. Vindkasta er venta å kome opp i mellom 35 og 50 sekundmeter.

Trøndelag er venta å bli ramma av «Tor» fredag kveld til laurdag morgon. Det er venta sørvest sterk storm på kysten, kanskje orkan. Vindkast på 35–45 meter i sekundet inn over land. Dette varselet gjeld både Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Rammar også innlandet

Også innlandsfylka Hedmark og Oppland blir ramma av «Tor» frå fredag ettermiddag. Det er venta kraftig vind utsette stader nord for Mjøsa. Lokalt kan det kome vindkast på 35–45 meter i sekundet. Vêret vil vere minkande natt til laurdag.

I Oppland er det også områda nord for Mjøsa som blir hardast ramma av kraftig vind. Lokalt kan det kome vindkast på 35–45 meter i sekundet, og minking natt til laurdag.

Øvre Buskerud vil også få merke ekstremvêret «Tor» med vindkast lokalt på mellom 35 og 45 sekundmeter. Også her blir det minking natt til laurdag.

Meteorologisk institutt sender ut følgjande vêrvarsel seint torsdag kveld:

Eit lågtrykk er natt til fredag i kraftig utvikling i havområdet søraust for Island og er venta gi vind av orkan styrke. Det går austover og er fredag ettermiddag og kveld venta å kome inn i den sørlegaste delen av Norskehavet.

Usikker bane

Lågtrykksbana er framleis noko usikker, og dette kan ha innverknad på vindstyrke og område som blir ramma. Frå fredag ettermiddag er det venta sørvest sterk storm på strekninga Hordaland-Trøndelag, med fare for orkan på store delar av strekninga og vindkast inn over land på 35–50 meter i sekundet.

Det er også venta vestleg kraftige vindkast utsette stader i område nord for Mjøsa i Oppland og Hedmark, samt i Øvre Buskerud.

Ekstremværet Tor med stø kurs mot Norge

Oppfordrer alle til å sikre seg før Tor kommer

Ekstremværet Tor rammer både Øst- og Vestlandet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger