Astrup vil stoppe lønsfesten til statlege leiarar – Sp og Ap krev endå kraftigare lut

Statlege leiarar har fått langt høgare lønnstillegg enn vanlege tilsette dei siste åra. I årets lønnsoppgjer får dei lønnstak.

TQIsw7iMMdI

VIL STOPPE LØNNSFESTEN: Kommunalminister Nikolai Astrup (H) vil stoppe lønnsveksten til leiarane i byråkratiet rundt Regjeringa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB SCANPIX

– Det skal ikkje vere lønnsfest blant statlege leiarar, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H), som no varslar at det er slutt på moroa.

Det har vore litt av ein fest:

  • 240 leiarar i departementa og underliggande etatar har dei siste åra fått langt høgare prosenttillegg enn folk på konkurranseutsette arbeidsplassar.
  • I kroner og øre har forskjellane vore endå større sidan leiarane allereie tener mellom 800.000 og 2 millionar kroner.

– Derfor kjem eg no med eit pålegg om at vi skal ligge innanfor den såkalla frontfags-ramma i lønnsoppgjeret i 2020, seier Astrup.

  • Lønsoppgjeret er dei årlege lønnsforhandlingane om kor mykje ulike yrkesgrupper skal få i lønsauke.
  • Frontfaget er eit samleomgrep for bedrifter som konkurrerer med utlendingar og derfor er avhengige av å ikkje prise seg ut.
  • Dei som ikkje er i konkurranseutsette verksemder skal ikkje skal ha høgare lønnstillegg.
  • Les meir: Kritisk til toppsjefane si lønn

Meiner Astrup må gå hardare til verks

Regjeringas moderasjons-pålegg får ei kald skulder frå Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum. Han vil ha null tillegg i år for dei statlege leiarane.

– Dei har trygge jobbar og fleire av dei tener langt meir enn statsministeren. Det er grunnleggande feil, seier Vedum, som har fremja forslag i Stortinget om å fryse løna.

XbUG5WfCBlw

GRUNNLEGGANDE FEIL: Senterpartileiar Trygve Slagsvold vil gi null tillegg til dei statlege leiarane.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB SCANPIX

Ap vil ha leiarlønnskommisjon

Talet på leiarar er langt meir enn 240 viss ein tar med alle selskapa og føretaka som er statleg eigde. Og mange av leiarane tener langt meir enn dei 2 millionane som er taket for byråkratane.

Riksrevisjonen kritiserte veksten i leiarlønner i statseigde selskap allereie i 2018.

Arbeidarpartiet meiner vi treng ein leiarlønnskommisjon for dei statlege leiarane.

– Vi er nøydde til å sjå total samanheng i dei statlege selskapa, seier Masud Gharahkhani (Ap) som også vil fryse lønningane til stortingsrepresentantar som han sjølv og statsrådar som Nikolai Astrup.

– Vi må rette opp i denne skeivheita der vi ser at det er ulike reglar for dei som er på toppen i samfunnet og arbeidsfolka på «golvet».

Masud Gharahkhani

VIL HA EIGEN KOMMISJON: Masud Gharahkhani vil stoppe lønnsveksten i dei statseigde selskapa.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Nikolai Astrup og regjeringa nøyer seg med å setje ned eit utval som skal sjå på lønningane til dei 240 leiarane i byråkratiet.

Taket er i dag på 2 millionar kroner. Dei kan ikkje tene meir enn det. Skal det taket opp eller ned?

– Dette er grunnen til at vi set ned eit utval. Vi er nøydde til å vurdere desse spørsmåla, svarer Astrup.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger