Hopp til innhold

Arnstad vil ikkje bli Sp-leiar

Marit Arnstad ser ikkje på seg sjølv som ein aktuell kandidat til å ta over leiarvervet etter Liv Signe Navarsete.

Marit Arnstad

- Eg gjer ein betre jobb i andre posisjonar enn i stillinga som partileiar, seier Marit Arnstad og gir Trygve Slagsvold Vedum sine varmaste tilrådingar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det seier Arnstad til Aftenposten.

Etter lengre tid med turbulens i partiet, varsla partileiar Navarsete i starten av januar at ho går av som partileiar. Etter det har særleg to kandidatar blitt trekte fram som potensielle tronarvingar: stortingsrepresentantane Marit Arnstad og Trygve Slagsvold Vedum.

Arnstad har vore i tenkjeboksen, men avslører no at det endelege svaret blir nei.

– Då eg kom tilbake til politikken i 2012 var det ikkje for å bli leiar, men fordi eg tykkjer det er veldig interessant å jobba med politikk. Det kjem eg til å fortsetja med frå Stortinget. Eg er heilt sikker på at eg kjem til å gjera ein betre jobb for partiet i ei anna rolle enn i rolla som partileiar, seier Arnstad til NRK.

– Vedum er betre enn meg

Konklusjonen kom ho fram til etter å ha gått fleire rundar med seg sjølv i løpet av dei siste tre vekene.

– Eg har gått gjennom korleis eg sjølv ser og føler på det, mine sterke og svake sider. Sp har ein leiarkandidat som er betre enn meg. Det er Trygve Slagsvold Vedum.

Ho gir partielle Slagsvold Vedum svært gode skussmål.

– Eg og Trygve har til felles at me begge har vore gjennom viktige erfaringar partipolitisk. Me har sete i sentralstyret og vore statsrådar. I tillegg er Trygve strategisk ein svært klok mann. Han maktar å sjå gode samanhengar i politikken, er utadvendt, kommunikativt svært god og har evna til å begeistra ei forsamling. Det blir viktig for Sp framover, meiner Arnstad

Den nye partileiinga skal veljast på ekstraordinært landsmøte den 7. april.

AKTUELT NÅ