Hopp til innhold

Lærarstudentar har dårlegast studieinnsats

Studentar på lærarutdanning og humanistiske fag har langt lågare studieinnsats enn studentar ved blant anna arkitektutdanninga, viser ei fersk undersøking.

NTNU Gløshaugen

Arkitektstudentar jobbar mest med studiet, viser ei fersk undersøking. På biletet NTNU i Trondheim.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Det er Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) som legg fram undersøkinga i dag. Her går det fram at mange fagmiljø innan høgare utdanning har låge faglege krav og forventingar til studentane. Mange studentar har også låge ambisjonar for studia sine.

Terje Mørland i NOKUT.

Direktør Terje Mørland i NOKUT teiknar eit dystert bilete av studieinnsatsen til lærarstudentar og studentar i andre humanistiske fag.

Foto: NOKUT

Medan studentar ved arkitektur/landskapsarkitektur-utdanning brukar 43 timar i veka på studiet, så brukar studentar ved lærarutdanningane og humanistiske fag 25 timar i veka. Dette er gruppene som brukar lengst og minst tid på studiearbeid.

Les heile analysen her

– Manglar utfordringar

– Ein betydeleg del av studentane i Noreg får ikkje nok faglege utfordringar i studieprogramma sine. I nokre utdanningar er det nok å bruke vel 20 timar i veka for å få gode karakterar. Det burde ikkje vore mogleg, seier direktør i NOKUT, Terje Mørland.

Han meiner at universiteta og høgskulane må ta tak i dette.

– Ambisjonane til studentane og institusjonanes sine forventingar til dei avgjer kor stor innsats som blir lagt ned av kvar enkelt student. eg er spesielt uroa for den låge studieinnsatsen hos lærar- og humaniora-studentane, legg Mørland til.

Her er ein del tal frå undersøkinga:

  • Den samla studieinnsatsen ligg på 28,4 timar pr. veke. For studentar på heiltidsprogram er talet 29, på deltidsprogram 19.
  • På heiltidsprogram jobbar mastergradsstudentane i snitt meir med studiane (32 timar i veka) enn bachelor-studentar (27,3 timar i veka).
  • Arkitektur/landskapsarkitektur-studentar skil seg ut med høgast samla innsats med eit snitt på 43,1 timar pr. veke. Studentar innan realfag, teknologi og medisin ligg høgare enn gjennomsnittet.
  • Lærar- og humaniora-studentane (språk, historie-filosofiske fag) har studieinnsats godt under snittet. Under snittet ligg også statsvitskap og økonomi og administrasjon.
  • Snittet av organiserte læringsaktivitetar er 13,4 timar per veke, men ikkje-organisert studieinnsats ligg på 15 timar i veka.
  • Studentane opplyser at dei i snitt har 7,9 timars betalt arbeid per veke.
  • Nesten kvar femte student på heiltidsprogramma opplyser at dei jobbar svært lite med studia, 15 timar i veka eller mindre. Kvar tiande student jobbar svært mykje med studia, 46 timar i veka eller meir. –

Klare samanhengar

NOKUT-leiar Terje Mørland meiner den nye analysen viser ein del klare samanhengar, og han summerer opp fire punkt.

1: Det er betydeleg variasjon i studieinnsatsen til studentane, både mellom utdanningstypar og mellom dei enkelte studentane.

2: Studentane jobbar meir med studia der dei er mest nøgde med utdanningane sine, og der opplevinga av at dei faglege utfordringane er høgast. desse studentane synest også studiet er utfordrande og er meir ambisiøse på eigne vegner.

3: Eit gjennomgåande trekk er at studentane brukar meir tid på ikkje-organiserte læringsaktivitetar på studium der omfanget av organiserte læringsaktivitetar også er stort.

4: Læringstrykket og dei faglege utfordringane varierer mykje mellom ulike utdanningstypar.

I alt 17600 studentar vart inviterte til å delta i undersøkinga. 32 prosent av dei svarte på spørsmåla.

LES OGSÅ: Reformen er en fiasko

LES OGSÅ: Ny portal viser beste og dårligste studiesteder

LES OGSÅ: – Ingen steder å henvende seg

LES OGSÅ: – Hårreisende at studentene ikke blir advart

LES OGSÅ: Alternativindustrien er en kunnskapsfri sone

AKTUELT NÅ