– Det var alt eller ingenting som var mottoet

Ari Behn blir av venene omtala som ein mann som var sjenerøs, inkluderande og kompromisslaus i liv og gjerning.

Kjell Nordström og Ari Behn laga motekolleksjon saman i 2004.

NÆRE VENER: Moteskaparen Kjell Nordström var ein av dei som stod Ari Behn aller nærast i fleire år. Her saman på scena i samband med eit felles moteprosjekt dei hadde i 2004.

Foto: All Over Press

Moteskaparen Kjell Nordström er ein av Ari Behn sine nære vener som er i djup sorg etter dødsfallet.

– Ari var utruleg sjenerøs og inkluderande og vart veldig engasjert i medmenneska sine. Han hadde den unike eigenskapen å verkeleg lytte på kva andre sa, i diskusjonar og kom alltid med reflekterte svar, seier Nordström til NRK torsdag morgon.

Han fortel om ein nær ven som var uredd og ukonvensjonell, noko som ikkje alltid passa inn i alle miljø, men ein mann som alltid stod med ryggen rak.

– Vi var ikkje alltid samde om alt, innanfor idear og design når vi samarbeidde, men begge meinte at det var betre å vere usamd enn å kompromisse. Det var alt eller ingenting som var mottoet. Slik trur eg Ari vil bli hugsa av vennene sine òg, seier ein sorgtynga Nordström.

– Forferdeleg vondt

Dødsfallet til Ari Behn kom som eit stort sjokk på den store gruppa av vener og nære kjende som han omgav seg med.

Ikkje minst hadde han mange vener innan norsk kulturliv, der Ari i mange år var midtpunktet for det dei sjølv kalla «Den nye vinen». Ein flokk av kunstnarar som var på veg opp og fram.

Då Ari Behn og Märtha Louise skulle gifte seg i 2002, kom det overraskande på mange at skodespelaren Kåre Conradi skulle vere forlovar. I bryllaupet var ingen i tvil om at det nære venskapen.

– Dette er berre forferdeleg vondt. Ari har alltid vore ein av mine aller næraste. Hans godheit, hjartevarme, ømheit og forståing for andre menneske er berre nokon av hans enormt mange gode eigenskapar, skriv Conradi til NRK.

Han peikar på at Ari var sjenerøs og open mot alle.

– Han var eit nydeleg menneske som Lene og eg for alltid vil vere så utruleg glad i. All vår kjærleik går til barna og familien, som vi håper får ro i denne tunge tida der ein treng å vere saman.

– Botnlaus sorg

I den flokken av vener var fotografen Per Heimly også sentral. Han og Ari blei eit radarpar, først i Oslo sitt kulturliv, seinare også for heile folket gjennom fleire TV-seriar.

– Eg er i botnlaus sorg over å ha mista min beste ven og blodsbror Ari Behn i dag, skriv fotografen Per Heimly på Facebook.

Han er knust og ber om ro for å fordøye det han kallar den ufattelege tragedien som har råka oss alle.

– Eg elska Ari og han vil for alltid vere med mi side, skriv Heimly.

Ari Behn og Per Heimly, stiller ut bilder i Galleri Oddvar Olsen i Drammen lørdag og søndag.

STILTE UT SAMAN: Ari Behn (t.v.) og bestevenen Per Heimly i Drammen i 2017. Dei var nære vener i mange år.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det var Ari Behn sin manager, Geir Håkonsund, som på vegner av familien meldte at Ari Behn hadde tatt sitt eige liv.

– Det er med stor sorg i hjarta at vi, dei aller næraste pårørande til Ari Behn, i dag må kunngjere at han har tatt sitt eige liv. Vi ber om respekt for vårt privatliv i tida framover, seier manager Geir Håkonsund på vegner av familien.

Ari Behn gifta seg med prinsesse Märtha Louise i eit storslått bryllaup i Trondheim sommaren 2002.

Saman fekk dei tre døtrer; Maud Angelica, Emma Tallulah og Leah Isadora Behn. Han og Märtha Louise skilde lag i august 2016.

Ari Behns liv

30. september 1972 - 25. desember 2019

  • 30. september 1972
    Ari Behn blir født

    Han ble født i Århus i Danmark og gitt navnet Ari Mikael Bjørshol. Foreldrene var steinerskolelærer Olav Bjørshol og rosenterapeut Marianne Solberg. Som 24-åring tok han i 1996 sin mormors opprinnelige etternavn, Behn.

  • 1999
    Debuterer som forfatter

    Ari Behn debuterte som forfatter med novellesamlingen Trist som faen. VGs bokanmelder Tinic Talen gir boken terningkast seks og Behn tatoverer en terning på skulderen.

    Ari Behns tatovering med terningkast seks
    Foto: NRK.
  • Mars 2001
    Forholdet blir kjent

    Forholdet mellom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn ble kjent.

  • 13. desember 2001
    Forlover seg

    Forlovelsen mellom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn blir annonsert.

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn stilte til offisiell fotografering da forlovelsen ble annonsert i 2001.
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • 24. mai 2002
    Bryllup

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn giftet seg i Nidarosdomen i Trondheim 24. mai 2002.

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn giftet seg i Nidarosdomen i Trondheim 24. mai 2002.
    Foto: Heiko Junge / Heiko Junge
  • 29. april 2003
    Første barn født

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behns første barn blir født. Hun får navnet Maud Angelica Behn. Her fra dåpen i Slottskapellet.

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behns første barn blir født. Hun får navnet Maud Angelica Behn. Her fra dåpen i Slottskapellet.
    Foto: Knut Falch / Knut Falch
  • 8. april 2005
    Andre barn født

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behns andre barn blir født. Hun får navnet Leah Isadora Behn.

  • April 2007
    Lanserer porselen

    Magnor Glassverk lanserer serviset Peacock – påfugl på norsk - spesialdesignet av Ari Behn.

    Magnor Glassverk lanserer serviset Peacock – påfugl på norsk - spesialdesignet av Ari Behn.
    Foto: Morten Holm / Morten Holm
  • 29. september 2008
    Tredje barn født

    Prinsesse Märtha Louise og Ari Behns tredje barn blir født. Hun får navnet Emma Tallulah Behn.

  • 9. september 2011
    Lanserer ny bok

    Ari Behn utkommer med ny bok, med tittelen Talent for lykke. Det dreier seg om en liten samling med korte fortellinger som blant annet omhandler død i forskjellige former, stivnet kjærlighet og ikke-kommunikasjon i relasjoner.

    Ari Behn
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • 2. mai 2013
    Viste frem malerier

    Ari Behn viste frem nye malerier da han åpnet en utstilling i Galleri Nygaten i Bergen sammen med Per Heimly og Unni Askeland.

    Ari Behn viser frem malerier
    Foto: Marit Hommedal / Marit Hommedal
  • 7. juni 2013
    Gjest i bryllup

    Ari Behn var blant gjestene da svenske prinsesse Madeleine giftet seg med Chris O'Neill i Stockholm.

    Ari Behn
    Foto: Lise Åserud / Lise Åserud
  • 1. juli 2015
    Programleder på TV

    Ari Behn er programleder i det TV2-sendte programmet Allsang på Grensen i Halden.

    Ari Behn er programleder i det TV2-sendte programmet Allsang på Grensen i Halden.
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
  • 5. august 2016
    Skiller seg

    5. august 2016 meldte Ari Behn og Märtha Louise at de skal skille seg.

  • 6. november 2016
    Konferansier

    Ari Behn var konferansier under Kjendisgallaen 2016 på Chat Noir i Oslo.

    Ari Behn var konferansier under Kjendisgallaen 2016 på Chat Noir i Oslo.
    Foto: Jon Olav Nesvold / Jon Olav Nesvold
  • 25. desember 2019
    Ari Behn dør

    På kvelden 1. juledag blir det kjent at Ari Behn er død etter å ha tatt sitt eget liv.

– Veldig sjokkerande

Ein av dei litt yngre innan kulturlivet som no har reagert med djup sorg i sosiale medium, er Stian «Staysman» Thorbjørnsen. På Instagram fortel han om då han tilfeldig møtte Ari Behn og filmregissør Harald Zwart på ein utestad i Fredrikstad.

– Han bad meg sette meg ned ved bordet hans og vi hadde ein triveleg kveld saman. At han var genuint interessert i livet til ein han aldri tidlegare hadde møtt stod jo i sterk kontrast til meiningane mange hadde om Ari den gangen, skriv Thorbjørnsen.

Han legg til han då lærte at ein aldri skal dømme nokon før ein verkeleg har blitt kjende med dei.

Ordførar Hanne Tollerud i Moss har kjent Ari Behn sidan han vart ein del av kultur- og musikkmiljøet i Moss på 1990-talet. Tollerud fekk beskjeden om Behns bortgang med stor sorg.

– Det var veldig sjokkerande og med stor sorg. Tankane mine går til dei næraste. Dette var ein svært vanskeleg beskjed å få.

– Korleis vil du hugse Ari Behn?

– Eg hugsar han som ein veldig inkluderande og sprudlande kar, som ofte så dei rundt seg mykje meir enn det han ønskte å framheve sjølv. Han sat naturlegvis Moss på kartet då han vart ein del av kongefamilien, men for meg var han først og fremst ein veldig inkluderande og varm person.

– Ufatteleg trist

Ei av dei som har vald å bruke sosiale medium til å kondolere er den kjende legen Gunhild Stordalen.

– Ufatteleg trist å høyre om Ari Behn sin bortgang. Intellektuell, evnerik, forargar, utfordrar, raus, gledesspreiar og medmenneske som vil blir hugsa. Mine varmaste tankar og medkjensle til barna han og næraste familie, skriv Stordalen på Instagram.

– Såg alltid det vakre i andre

Ein annan av Behn sine vener er skodespelaren Aksel Hennie. På Instagram skriv Hennie blant anna.

«Faen, Ari......!! Vakre fine lysande venn....... Det er 20 år sidan vi sat på et tak i Oslo Sentrum, og du sa; «Du er Espen Askeladd, Aksel, du kjem til å vinne prinsessa og halve kongeriket».... Du så alltid det vakre i andre, Ari, og gløymde sjølv at det var deg sjølv du så i oss.... Du var den lysande - alltid... Du er et av de mest sjenerøse, skinande, og vakre menneska eg har møtt.»

Ari Behn omtalt av Aksel Hennie

Aksel Hennie på Instagram om Ari Behn sin bortgang.

Foto: Skjermdump / Instagram

– Kvil i fred

Ein annan som fortel om sorga si er musikaren og humoristen Alex Rosén. Han og Ari var lenge ein del av ein større venneflokk i Oslo.

– No er eg veldig lei meg. Kvil i fred store mann, Ari Behn. Du var ein av dei beste, skriv Rosén på Twitter.

Forfattarkollega Aslak Nore, som er sonen til Kjartan Fløgstad, uttrykkjer det slik:

«Det er mange i norsk kulturliv som har bedt meg helse til far. Men berre to - Jon Michelet og Ari Behn - bad meg alltid helse til far OG mor. Det seier mykje om dei. RIP Ari, du vil bli saknet»

– Vi tente lys for deg i går kveld

Forfattar Åsne Seierstad uttrykker også sorg og medkjensle med Ari Behn sin familie.

– Vi tente eit lys for deg i går kveld, Ari, på det mørkaste staden på Gamlevegen. Lei oss for at ingen av oss klarte å lyse opp i mørket du var i no, i sorg over at du ikkje lenger er blant oss, i smerte over at døtrene dine har mista sin pappa. Men også i takksemd for å ha fått oppleve ditt vennskap, dine skøyarstrekar, dine samtaler og det lys du lét skinne over liva våre, skriv Åsne Seierstad på Facebook.

Fekk terningkast seks

Det var som forfattar Ari Behn først blei kjend for det norske folk. Debutboka Trist som faen kom i 1999 og det vekte merksemd då Ari Behn tatoverte terningkast seks som han fekk i VG. Ei terningkast han på ingen måte la skjul på.

Forfattarkollega Carl Frode Tiller skriv på Facebook at det heitte seg at Ari Behn var unorsk. Mange meinte at Ari med sin veremåte kunne virke pompøs og vidløftig, for Tiller blei opplevinga ei heilt anna.

– Evna til å få folk rundt seg til å føle seg vel, til å løfte sine eigne medmenneske, til å gjere godt. Og med fare for å bli litt pompøs sjølv; finst det eigentleg noko viktigare? Kvil i fred, Ari. Dette var frykteleg trist!

Thomas Robsahm og Ari Behn

GODE VENER: Filmregissør Thomas Robsahm og Ari Behn med terningkast-tatovering på filmfestivalen i Haugesund i 2000.

Foto: Helge Mikalsen

Ari Behn sin forleggar, Bjørn Aagenæs i Kolon forlag, skriv til NRK at det er med stor sorg dei i dag har teke imot meldinga om at Ari Behn har tatt sitt eige liv.

– Ari var ein svært viktig forfattar, ikkje berre for Kolon forlag, og Gyldendal, men også for den norske samtidslitteraturen. Han hadde ei unik stemme, og skreiv med stor presisjon, innleving og menneskekunnskap, skriv Aagenæs.

Han legg til at dei før dødsfallet jobba med nye litterære prosjekt, men at tankane no går til Ari sin familie og næraste.

Bjørn Aagenæs og Ari Behn i september 2011.

NÆRE VENER: Ari Behn og forleggar Bjørn Aagenæs i Kolon forlag. Bildet blei teke i samband med Behn si utgjeving Talent for lykke i 2011.

Foto: Jan Petter Lynau / LYNAU,JAN PETTER

Låtskrivaren, musikaren og lyrikaren Trygve Skaug set ord på kjenslene onsdag kveld med eit dikt:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger