Hopp til innhold

Arbeidarpartiet krev lågare tak i koronastøtta – vil ha fokus på dei minste selskapa

Etter at NRK omtala skattenivået til dei fem selskapa som har fått mest, reagerer Arbeidarpartiet.

Terje Lien Aasland

Terje Aasland i Ap meiner mindre bedrifter vil tene på å senke taket for koronastøtta.

Foto: Anne Longvik / NRK

– Vi bør framleis ha fokus på å styrke dei minste selskapa, seier næringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Terje Aasland.

Han seier taket for korona-kompensasjon for bedrifter bør endrast.

Det kjem etter at NRK skreiv om dei store skilnadane mellom kor mykje dei største støttemottakarane i landet og kor mykje dei har skatta.

Dei fem selskapa som har fått mest frå kompensasjonsordninga, har til saman betalt 333 millionar kroner i skatt. Det er ein firedel av kva dei har fått i koronastøtte i 2020.

Det viser utrekningar gjort ved NHH.

Hurtigruten, Strawberry, PGS, Scandic og Colorline er selskapene som har fått mest støtte fra kompensasjonsordningen

Hurtigruta, Strawberry, PGS, Scandic og Colorline er dei fem selskapa som har fått mest støtte frå kompensasjonsordninga.

Foto: Fotomontasje / NTB/PGS

Vil ha lågare tak

Dei raudgrøne partia meiner dette styrkar behovet for å senke maksgrensa for kompensasjon enda meir.

Tysdag foreslo Ap og Sp eit tak på 30 millionar kroner månadleg, og avgrensing i støtta frå 10 millionar kroner.

Aasland meiner at pengane som ein hadde spart på slike kutt kunne ha skapt meir treffsikre ordningar.

– Eg er jo heilt overtydd om at det ville vore eit meir rettferdig utgangspunkt. Og at det òg styrkte profilen i sjølve kompensasjonsordninga, seier han.

Forslaget blei derimot stemt ned i Stortinget. Fleirtalet gav grønt lys for ein ny krisepakke, med eit tak i kompensasjonsordninga på 50 millionar kroner i månaden.

Stortingets muntlig spørretime

Torgeir Knag Fylkesnes frå SV var blant dei i Stortinget som meinte taket i kompensasjonsordninga burde ha vore lågare.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Høgre reagerer

Høgres finanspolitiske talsperson, Mudassar Kapur, reagerer på at dei raudgrøne no går inn for eit lågare tak enn dei foreslo dei la fram sin eigen plan for krisepakke i januar.

– Heile poenget med denne ordninga er at ho skal kunne treffe breitt, og ho skal vere føreseieleg.

Finansdebatt på Stortinget - Mudassar Kapur (H)

Mudassar Kapur (H) reagerer på Aasland sitt utspel.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

For å kunne få koronastøtte må bedrifter dokumentere eit inntektsfall på minst 30 prosent samanlikna med året før. Ordninga er automatisert, og alle som treffer krava får støtte.

– Viss ein kvalifiserer til å dekkast av ei ordning, så er det riktig at alle blir likt behandla. Viss omsetninga har falle med meir enn 30 prosent så dekkjer vi nokre av dei uunngåelege faste utgiftene, seier Kapur.

Kompensasjonsordningen For bedrifter som skatter i Norge

14 606 253 436 kroner totalt
113 690 Antall mottakere
Graf fra 1. januar
Oppdatert 17. januar

Skal vurdere kutt

Etter at NHHs utrekningar vart kjent sa næringsminister Iselin Nybø (V) at det var grunn til å vurdere endå lågare maksgrense i kompensasjonsordninga.

Også Framstegspartiet er meir open for setje taket lågare. Dei ville tidlegare auke det.

– Vi meinte det var riktig å justere opp igjen i fjor haust. No er vi med på eit forslag som gir regjeringa fullmakt til å justere ned. Vi meiner det no er riktig å justere ned på nokre av desse ordningane, seier stortingsrepresentant Hans Andreas Limi.

Fremskrittspartiet alternative budsjett 2021

Hans Andreas Limi i Framstegspartiet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Han seier det er opp til regjeringa å styre kor taket skal liggje.

Kapur lovar at regjeringa vil vurdere fleire kutt.

– Vi meiner det viktig å trappe ned desse ordningane, og at regjeringa no kan følgje med på situasjonen i marknaden, og justere ut ifrå behovet, seier Kapur.

Ny kompensasjonsordning for reiselivet

Det er grunner til å sjå om taket i kompensasjonsordninga burde vere lågare, sa næringsminister Iselin Nybø (V) torsdag.

Foto: Heiko Junge / NTB

Éin av dei største mottakarane, Petter Stordalen sitt konsern Strawberry, er ueinig med NHH-utrekningane. Dei meiner konsernet aleine skatta 91 millionar, og ikkje 12,5 millionar, som utrekninga viser.

AKTUELT NÅ