Hopp til innhold

Fryktar kraftkrise om vindturbinane på Fosen forsvinn

Dersom vindturbinane på Fosen blir rivne, blir det kraftkrise i Trøndelag og vanskelegare for Noreg å nå klimamåla, meiner Ap i Trøndelag. SV meiner frykta er overdriven.

Reinsdyr på Fosen

Reineigarane på Fosen meiner vindkraftanlegget må vekk for å få slutt på menneskerettsbrota.

Foto: Heiko Junge / NTB

Fredag innrømma regjeringa at vindkraftverket på Fosen bryt med samanes mogelegheiter til å drive reindrift, og at dei 151 vindturbinane som framleis står, er eit pågåande brot på menneskerettane.

Staten skal no ha møter med reineigarane på Fosen for å prøve å finne ei løysing som kan få slutt på brotet på menneskerettane.

Terje Haugen fra Fosen reinbeitedistrikt

Leiar for Fosen reinbeitedistrikt Terje Haugen.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Leiaren for Nord-Fosen reinbeitedistrikt, Terje Haugen, meiner staten må fjerne vindturbinane.

– Vi held oss til dommen i Høgsterett. Og slik han blei avsagt, er bygginga per i dag ugyldig, og då har vi ikkje noko anna val enn å halde oss til det.

NRK forklarer

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde

Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2010: Får tillatelse til å bygge i området

I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2014: Spilles inn i rettsystemet

Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2016: Starter utbygging

Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2018: FN ber om byggestans

FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020. 

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2021: Knusende dom i Høyesterett

I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2022: Vil beholde anlegget

Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen. 

Les mer om Fosen-dommen her

Fryktar kraftkrise

Men ei fjerning vil kunne få store konsekvensar, meiner Per Olav Hopsø. Han leiar næringsutvalet i Trøndelag fylkeskommune, og er fylkesordførarkandidat for Ap i Trøndelag til haustens val.

– Dette er to vindkraftparkar som produserer like mykje straum i året som forbruket til alle husstandane Trondheim, den tredje største byen i Noreg. Så dersom dei i det verste fall forsvinn, er stor, sa han i Politisk kvarter måndag.

Per Olav Skurdal Hopsø sittende i en konferansesal. Folk i bakgrunnen

Leiar for næringsutvalet i Trøndelag fylkeskommune, Per Olav Hopsø (Ap).

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Han fryktar ei riving kan føre til både ei kraftkrise i Midt-Noreg som vil gå ut over næringslivet og målet om eit klimanøytralt Trøndelag innan 2030.

– Når eg reiser rundt i Trøndelag, seier verksemdene eg besøker at dei treng kraft. Så for Trøndelag vil ein reduksjon i kraftproduksjonen på det nivået desse to vindkraftparkane produserer på, vil få store konsekvensar.

Les også Derfor aksjonerer de mot Olje- og energidepartementet

Aksjonist med megafon

Meiner frykta er overdriven

SV støttar kravet til reineigarane om at vindkraftparken på Fosen må rivast. Stortingsrepresentant og medlem i energi- og miljøkomiteen, Lars Haltbrekken, seier det viktigaste no er å få slutt på brotet på menneskerettane.

– Vi veit at det er vindkraftutbygginga som er årsaka til brotet på menneskerettane. Det er vurdert ei rekke avbøtande tiltak, men ikkje funne dei tilstrekkelege. Og då må vindturbinane ned. Og så meiner vi at ein har overdrive konsekvensane dette får for folk og næringsliv. Det er bygd ut mykje annan kraft i Midt-Noreg dei siste åra.

Haltbrekken

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Hopsø avviser at dei overdriv, og fryktar underskot på kraft.

– Eg vil ikkje seie at vi overdriv. Vi er avhengige av ny fornybar kraft, i tillegg til eksisterande kraft, om vi skal nå klimamåla vi har sett oss fram mot 2030, seier han.

Les også Se kart: Her er reinbeiteområdene hvor det kan bygges vindturbiner

Områder reindrift og mulig vindkraft.

Treng nye energikjelder

Då vindparken på Fosen skulle byggast, var SV blant partia som var positive til utbygginga. Men no har partiet snudd. Haltbrekken meiner regjeringa heller burde sjå seg om etter andre kraftprosjekt.

– Vi treng meir fornybar energi for å løyse klimakrisa. Men vi kan ikkje bryte menneskerettane, slik vi har gjort på Fosen. No må regjeringa få slutt på desse brota, men parallelt med dette bør dei jobbe med ein eigen energiplan for Midt-Noreg.

Han listar opp oppgradering av eksisterande vasskraftverk, energieffektivisering og satsing på andre fornybare energikjelder, som solkraft.

Les også Advokat: Rivning av vindturbinar på Fosen ei uaktuell problemstilling

Reinsdyr vandrer rundt vindmøllene på Storheia vindpark

Hopsø helsar nye planar velkomne, men meiner Trøndelag raskt vil kunne få eit kraftunderskot om Fosen-turbinane blir demonterte.

– Trøndelag fylkeskommune har bede om ein energiplan, fordi vi ser kva situasjon vi står i. Vi treng både energieffektivisering, utviding av vasskraftverka og satsing på nye fornybare kjelder. Vi treng all den krafta vi kan få fram mot 2030, slik at vi skal nå måla vi har sett oss.

AKTUELT NÅ