Hopp til innhold

Ap vil ta ordførarkjeda frå Søviknes

Arbeidarpartiet jaktar ordførarverva i dei to Frp-bastionane Os i Hordaland og Ullensaker i Akershus. Meiningsmålingar tyder på at det kan bli maktskifte her etter kommunevalet.

Jonas Gahr Støre på Os

Jonas Gahr Støre vitja Os kommune i Hordaland tysdag.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Det er godt å vere her, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre og helsar på sin eigen ordførarkandidat Eyvind W. Schumacher i Ullensaker kommune i Akershus.

Her har Framstegspartiet hatt ordføraren i 16 år.

– Her er det ført ein politikk dei siste åra der ein stor og lovande kommune har falle som ein stein. Folk må få ein trygg oppvekst og ein trygg alderdom, seier Støre.

Støre med partiveteranar på Jessheim

Ap-leiar Jonas Gahr Støre i samtale med lokale partiveteranar på Jessheim i Ullensaker kommune. Rolf Andersen (80) har bakgrunn frå Framfylkinga, og blei Ap-medlem i 1953. Solveig Hjelpdal (79) har vore med i partiet sidan 1969. Til høgre sit Ap sin ordførarkandidat i Ullensaker, Eyvind W. Schumacher.

Foto: Eivind Molde / NRk

Det er under ei veke til valet når Støre oppsøker to av Framstegspartiet sine såkalla utstillingsvindauge.

Den andre kommunen han var innom tysdag, var Os kommune i Hordaland. Der har Terje Søviknes hatt ordførarkjeda sidan 1999. Men når kommunen slår seg saman med Fusa til Bjørnafjorden kommune, står han i fare for å miste vervet, skal ein tru meiningsmålingane.

No håper Støre at Aps ordførarkandidatar skal ta over makta i både Ullensaker og Bjørnafjorden kommunar.

– Det trengst nye kostar

Ap-leiaren tek først og fremst til orde mot privatisering og konkurranseutsetting av kommunale tenester, fordi han meiner det gir dårlegare tenester til innbyggarane.

– Så er det litt ulik økonomisk situasjon i dei to kommunane, men det er klart at det begge stadar trengst nye kostar og eit skifte, seier Ap-leiaren.

Aps ordførarkandidat i Bjørnafjorden, Trine Lindborg, stemmer i:

– Vi ønsker ikkje privatisering av eldreomsorga. Eg ønsker at mine skattepengar skal gå rett til dei som bur her.

– Korleis kan du seie at det ville gått så mykje betre med desse to kommunane om Ap hadde hatt ordføraren, Støre?

– Ingen kan sjå tilbake, vi må sjå framover. Eg er trygg på at med vårt program har vi ein politikk som er betre for ungane våre som veks opp her, for barnehagane og kvaliteten i skulen. Ikkje minst at det er nok folk i eldreomsorga, seier han.

– I tillegg løfter vi klimaet, noko Frp på ingen måte tek på ansvar, verken i Os, Ullensaker eller andre kommunar, seier partileiaren.

Eldreomsorg og barn

Støre meiner det er kontrastar mellom det Frp seier og kva innbyggarane får att i både i Os og Ullensaker.

For Os viser han til problem med bemanning ved eldresenteret Luranetunet. I Ullensaker slit kommunen med økonomien trass i stor vekst.

– Det er korleis du handterer vekst som er viktig for kva som kjem framover. Den største oppgåva vi har inn i 2020-talet er at det er nok folk som er utdanna, kvalifiserte og rekrutterte til eldreomsorga, så ein slepp å springe for å gjere ein jobb for pleietrengande, seier Støre.

Søviknes fryktar ikkje Ap

Ordførar i Os og nestleiar i Frp, Terje Søviknes, er ikkje redd for å miste ordførarkjedet til Ap.

Terje Søviknes, Os

Terje Søviknes er ordførar for Frp i Os i Hordaland.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Nei, eg er ikkje redd for det. Vi skal gjere vårt fram mot valdagen, og så registrerer eg at Ap verkar å vere meir opptekne av å bli kvitt Frp og meg, enn dei politiske løysingane, seier Søviknes.

Støre seier at Arbeidarpartiet har betre løysingar for den nye storkommunen Bjørnajorden enn du har?

– Det meiner eg dei ikkje har. No har Frp og Høgre i Os vist gjennom 20 år at vi skaper konkrete resultat, har ein solid kommuneøkonomi, og tenestene er gode – alt frå full barnehagedekning, nye skular og ei fantastisk god eldreomsorg. Og det utan ei krone i eigedomsskatt, seier han.

– Meiningsmålingane viser no at din posisjon kan vere trua?

– Vi skal gjere vårt dei neste dagane for å sjå om vi ikkje kan gjere eit godt val denne gongen også, seier Os-ordføraren.

AKTUELT NÅ