Kraftsosialistane vann dermed dagens møte i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet.
På det lange møtet vedtok fleirtalet at partiet skal gå inn for ei utbygging i Sauda på heile 850 GWh. Det er svært tett opp til forslaget frå NVE.
Rolf Terje Klungland
Forslaget frå regjeringa er eit kompromiss mellom utbyggingstilhengjarane og naturvernarane, og inneber ein samla kraftproduksjon på 490 GWh.
- Vi foreslår atskillig meir enn det regjeringa gjorde. Vi meiner regjeringa i sitt framlegg viste at dei ikkje tek straumprissituasjonen vi har hatt i vinter på alvor, seier Ap-talsmann for Sauda-saka Rolf Terje Klungland.
- No er vi nøydd til å få meir tilgjengeleg kraft, legg han til.
Løftebrot
- Dette burde Jens Stoltenberg ha stansa, seier AUF-leiar Gry Larsen.
Jens Stoltenberg lovde i nyttårstalen i 2001 at det no var slutt på store vasskraftutbyggingar. I dag blei han skulda for løftebrot av sine eigne.
- Dette burde Jens Stoltenberg ha stansa, seier AUF-leiar Gry Larsen.
- No har vi brote den linja vi la oss på under Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Berntsen der vi skulle prøve å finne kompromiss mellom vekst og vern. No går Arbeidarpartiet inn for ei utbygging som er svært, svært stor. Eit totalt brot med det vi har stått for tidlegare, seier Larsen.
Åbødalen
Berre eitt vassdrag, Åbødalen, er teke ut fordi Ap meiner det er spesielt verneverdig.
- Ingen skal fortelje meg at ikkje dette er ei stor kraftutbygging. Eitt vassdrag skiljer vårt forslag frå NVE sitt, som Jens Stoltenberg meinte var altfor omfattande då det blei lagt fram.
- Eg har store problem med å argumentere for at Ap er eit miljøparti etter dette, sier Larsen.
Ho håpar no at regjeringa vil søkje støtte frå SV. Men Arbeidarparitet skal no sondere for å få støtte for sitt forslag.
Ikkje andreval
Det var venta at stortingsgruppa til Ap ville gå inn for å støtte forslaget frå regjeringa som sitt andreval, men det skjedde ikkje. Gruppa ville ikkje ta stilling til korleis dei skal røyste dersom deira eige forslag ikkje blir vedteke.
- Vi ville få fram det primære Ap-standpunktet og søkje støtte for det. Då må vi få med oss regjeringspartia, seier Klungland.
Synnøve Konglevoll i energi- og miljøkomiteen påpeikar at stortingsgruppa til Ap no har brote med landsmøtevedtaket der det også heiter at tida for store kraftutbyggingar er over.
Regjeringa kan no få fleirtal saman med anten SV, Ap eller Frp. Framstegspartiet vil ha full utbygging, SV null.
No startar forhandlingane i energi- og miljøkomiteen. Fristen for innstilling er 11. juni.
Overraska
Leiar av energi- og miljøkomiteen Bror Yngve Rahm (KrF) er overraska over at stortingsgruppa til Ap går inn for ei så stor utbygging, og meiner dette går ut over truverdet til Jens Stoltenberg.
Stoltenberg var ikkje til stades på gruppemøtet.
- Vedtaket bidreg ikkje i særleg grad til å finne ei god fleirtalsløysing, men eg håpar partiet vil røyste for forslaget frå regjeringa subsidiært, seier Rahm.
Kristeleg Folkeparti behandla også Sauda-utbygginga på sitt gruppemøte i dag, og går inn for forslaget frå regjeringa, med den klare føresetnaden at det ikkje blir opna for meir kraftutbygging.
På spørsmål om dette betyr at det då er lettare for regjeringa å forhandle med SV enn med Arbeidarpartiet, svarer Rahm stadfestande.
- Slik det ser ut no, har SV kome nærare no i sluttfasen, sett med auga til KrF. Det har Ap sjølv bidrege til, seier Rahm.
Hallgeir Langeland, SV, som er nestleiar i energi- og miljøkomiteen, understrekar at utgangspunktet til SV er null utbygging.
- Men vi vil vere med på å drøfte saka med regjeringspartia, seier han.