Hopp til innhold

Ap-veljarane seier nei til EU

52 prosent av Ap-veljarane seier nei til norsk EU-medlemskap, ifylgje ei ny meiningsmåling. Det er berre i Høgre og Framstegspartiet at det framleis er ja-fleirtal.

Nei til EU
Foto: Arash A. Nejad / Scanpix

I ei meningsmåling Sentio har gjort for Klassekampen, Nationen og Dagen, svarer 48,8 prosent nei og 39,4 prosent ja på spørsmålet om kva dei ville ha røysta i ei ny EU-røysting.

Trur ikkje på tala

– Eg trur framleis Arbeidarpartiet er eit skikkeleg ja-parti. Det seier Grete Berget. Ho er generalsekretær i Europabevegelsen, tidlegare statsråd og stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Ho trur ikkje målinga syner dei verkelege haldningane Ap-veljarane har til norsk medlemskap i EU.

– Det er ikkje noko som skulle seia at Ap har vorte eit nei-parti, seier ho.

Berre Høgre og Frp seier ja

Av dei politiske partia er det berre Høgre og Framstegspartiet som framleis har eit ja-fleirtal mellom veljarane sine, med 67 prosent i Høgre og 49 prosent i Frp.

Målinga syner òg at 73 prosent av SV-veljarane nei til EU. Og mellom dei som oppgjev at dei røystar på Venstre, svarer 47 prosent nei og 43 prosent ja på spørsmålet.

Kvinner og nordlendingar er mot

Heile 55 prosent av kvinnene seier nei til EU. 

Dersom ein på målinga etter landsdelane, er framleis Nord-Noreg nei-bastionen, med 65 prosent nei-røyster.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger