Hopp til innhold

Ap størst - Frp kraftig tilbake

Arbeidarpartiet er igjen det største partiet i landet på november-målinga som er gjort for NRK. Frp går kraftig tilbake.

partibarometer norstat for november nrk
Foto: Grafikk: Synne Gjul / NRK

Alle regjeringspartia går fram på denne målinga, som er gjennomført av Norstat for NRK.

Arbeidarpartiet har størst framgang. Partiet får ein oppslutning på 28,6 prosent, ein framgang på 1,7 prosentpoeng.

 - Held lovnader

Jens Stoltenberg
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Statsminister Jens Stoltenberg trur veljarane har sett at regjeringa gjer det dei dei lovde i regjerings-erklæringa. At regjeringa gjer meir for born, for eldre og dessutan tek ansvar for at Noreg får ei meir miljøvenleg kraftforsyning.

Sist månad var Framstegspartiet klart størst på Norstat si måling for NRK, men partiet går på ein skikkeleg smell i november-målinga. artiet får 26,7 prosent, ein tilbakegang på heile 4,2 prosentpoeng.

Dette er den lågaste noteringa for Framstegspartiet på ei Norstat-måling sidan februar i år.

- Kan vere tilfeldig

Partiformann i Framstegspartiet, Siv Jensen, meiner det er usikkert kvifor partiet går så klart tilbake. Det kan vere tilfeldig, seier ho, men legg til at det også kan skuldast at folk akkurat no er nøgde med regjeringa sin politikk.

 

Siv Jensen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ho trur ikkje at boka til Eli Hagen har hatt nokon effekt, fordi hennar bok ikkje handlar om politikk.

- Boka til Eli Hagen er personleg, ikkje politisk, seier Siv Jensen.

Borgarleg fleirtal

Dersom denne målinga hadde vore valresultat, ville det likevel gitt eit klart borgarleg fleirtal på Stortinget. Kristeleg Folkeparti, Venstre, Høgre, Framstegspartiet og Kystpartiet får 95 mandat, dei tre regjeringspartia får 74.

Ei overrasking er at Kystpartiet kjem inn på Stortinget med eitt mandat frå Troms.

Statsminister Jens Stoltenberg meiner det er ein god sjanse for at regjeringspartia kan ta igjen det borgarlege forspranget fram til stortingsvalet om tre år.

Målinga er teken opp i perioden 14. - 21. november.

Mandatfordeling november 2006 Norstad/NRK
Foto: Grafikk: Åsmund Matzov / NRK

AKTUELT NÅ