Både partileiar Jonas Gahr Støre og leiaren av valkomiteen Peggy Hessen Følsvik har sagt at det er nødvendig med fornying i Arbeidarpartiets sentralstyre.
Men som NRK har dokumentert, ønskjer dei aller fleste av partitoppane i sentralstyret attval.
No seier ordførar Erik Skjervagen frå Fyresdal i Telemark det mange andre i partiet ikkje tør si høgt: Det må langt større endringar til.
– Heilt klart, det er det er det ingen tvil om. Partiorganisasjonen har gitt veldig klare tilbakemeldingar om det, også Vestfold og Telemark Arbeiderparti. Eg støttar heilhjarta opp om dette, seier han til NRK.
Skjervagen får støtte frå Balsfjord-ordførar Gunda Johansen. På direkte spørsmål frå NRK om kva slags endringar som bør gjerast i Aps toppleiing, seier ho rett ut:
– Skifte ut store delar av sentralstyret.
Følsviks jobb
Nytt sentralstyre skal veljast på landsmøtet i vår. Det er LO-leiar Peggy Hessen Følsvik som leier arbeidet i valkomiteen.
Følsvik ønskjer ikkje å kommentere utsegnene frå Skjervagen overfor NRK, men sa dette tidlegare i vinter:
– Valkomiteen er oppteken av å foreslå eit sentralstyre som bidreg til fornying, og som også representerer heile breidda i partiorganisasjonen på ein god måte.
Og Støre følgde opp:
– Bodskapen min er at vi bør tenkje på fornying. Vi bør tenkje på politikarar som kan løfte blikket og sjå mot 2030. Og vi må tenkje på folk som er engasjerte og samlande, sa han.
NRK har snakka med ei rekkje Ap-kjelder som forventar utskiftingar i sentralstyret og større representasjon frå fylka og grasrota – ikkje minst i eit år med lokalval.
– Viss du ser på samansetninga i dag, er det for det første folket som har sete der veldig lenge. Og for det andre er det veldig få ordførarar igjen på grasrotnivå, seier Skjervagen.
– Kvifor er det eit problem?
– Fordi sentralstyret skal vere eit korrektiv og eit lyttande organ for partileiinga, og eit organ som har kontakt med grasrota. Då blir det eit problem viss sentralstyret ikkje har den typen innspel å komme med.
Skjervagen vart ordførar i Fyresdal i 2011 og var dessutan vararepresentant på Stortinget førre periode.
Også Oslo Ap har peika på at det trengst forandringar.
– Oslo Ap ønskjer endringar i partileiinga og sentralstyret, til liks med fleire andre fylkesparti, sa fylkessekretær Øyvind Slåke til NRK for eit par veker sidan.
Toppar ut – toppar inn
Årdal-ordførar Hilmar Høl frå Vestland, utanriksminister Anniken Huitfeldt frå Akershus og stortingspolitikar Lise Christoffersen frå Buskerud tek ikkje attval til sentralstyret.
SPELT INN: Kunnskapsminister Tonje Brenna.
Foto: Heiko Junge / NTBMen dette er ikkje tilstrekkeleg, meiner Skjervagen.
– Hilmar Høl er jo faktisk ein sånn representant som burde vere der, så det hjelper jo ingenting, seier Fyresdal-ordføraren, og held fram:
– Anniken Huitfeldt blir sannsynlegvis berre erstatta av Tonje Brenna, så ho vil jo i prinsippet berre bli erstatta med noko anna som er meir av akkurat det same. Så det er ikkje nok.
SPELT INN: Stortingspresident Masud Gharahkhani frå Buskerud.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Stortingspresident Masud Gharahkhani er foreslått inn?
– Det hjelper heller ingenting. Vi må ha ordførarar som tek dagleg og oppdatert kontakt med veljarane.
Formelt er stortingspresident Gharahkhani nummer to etter kongen i det norske makthierarkiet. Og Brenna er kunnskapsminister og ein sannsynleg ny nestleiar i Ap.
I tillegg ønskjer Rogaland Ap ein plass for tidlegare nestleiar, statsråd og stortingspolitikar Hadia Tajik som nestleiar og dermed medlem i sentralstyret.
Topptungt
Kjeldene NRK har snakka med seier at samansetninga av sentralstyret ikkje lenger harmonerer så godt med ambisjonen om å spegle heile organisasjonen.
Sidan sist har ei rekkje av medlemmene i sentralstyret gått inn i regjeringa. Fleire er i tillegg fylkesleiarar.
Men med unntak av Høl, Huitfeldt og Christoffersen viser NRKs opplysningar at resten av sentralstyremedlemmene ønskjer attval:
- Anette Trettebergstuen, Innlandet – leiar av Aps kvinnenettverk
- Cecilie Myrseth, Troms
- Ingvild Kjerkol, Trøndelag
- Tore O. Sandvik, Trøndelag
- Per Vidar Kjølmoen, Møre og Romsdal
- Marte Mjøs Persen, Vestland
- Robert Cornels Nordli, Agder
- Terje Lien Aasland, Vestfold og Telemark
- Raymond Johansen, Oslo
- Jon-Ivar Nygård, Østfold
- Maria Aasen Svendsrud, Vestfold og Telemark
I tillegg vil LOs tre representantar halde fram i sentralstyret. Dette gjeld forutan Peggy Hessen Følsvik sjølv, leiarane for dei to største forbunda i LO: Mette Nord i Fagforbundet og Jørn Eggum i Fellesforbundet.
AUFs leiar møter uansett i Aps sentralstyre, noko som fortel at også Astrid Hoem vil halde fram i vervet.
Også partileiar Støre og nestleiar Bjørnar Skjæran sit i sentralstyret.