Regjeringspartiet Høgre har reageret sterkt etter at Konkurransetilsynet har avslørt store forskjellar i innkjøpsprisar mellom dei ulike daglegvarekjedane.
– Det er dramatisk og det kan bety enorme milliardsummar for forbrukarane, og dette vil vi i Høgre rydde opp i og kome til bunns i, sa stortingsrepresentant Peter Christian Frølich i Dagsnytt atten onsdag. Han opna der for eit forbod mot det som blir kalla prisdiskriminering, som i dette tilfellet betyr at leverandørane av varer gir ulike prisar til forskjellige kjøparar.
Nye tonar
Det er ein ganske annan tone enn Høgre har hatt i heile perioden som regjeringsparti, meiner opposisjonen på Stortinget. Arbeidarpartiet meiner det er oppsiktsvekkande å høyre korleis Høgre no snakkar om problema i daglegvarebransjen.
– Dei har jo ikkje gjort nokon ting som gagnar norske forbrukarar, seier Terje Aasland, som sit i næringskomiteen på Stortinget.
Aps Terje Aasland (t.h) saman med leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), då Stortinget vedtok at regjeringa måtte fremme ei lov om god handelsskikk i mai i fjor.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix– Høgre har vore utruleg passive på dette området og vi har hatt ein næringsminister som har vore sterk motstandar av tiltak i verdikjeden for daglegvarer. Den treng merksemd frå politisk hald og lovreguleringar.
For strengare lovreguleringar kan ikkje regjeringa skryte på seg å ha stått for.
– Må handheve den lova vi har
– Ap har i og for seg rett i at det ikkje har kome innstrammingar på lovene, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til NRK. – Men heile poenget er jo at vi først må sørge for at dei lovene og reglane vi har blir handheva. Det er jo det vi gjer no.
I sommar fekk konkurransetilsynet tilført 6,5 millionar kroner ekstra frå Isaksen for å handheve konkurranselova i daglegvarebransjen.
Men at noko har vore skeivt i norsk daglegvarebransje har vore veldokumentert sidan matkjedeutvalet la fram sin rapport i 2011.
– Kunne det ikkje skjedd noko på dette området før?
– Det kunne vore betre konkurranse i daglegvaremarknaden dersom vi hadde hatt ein slik gjennomgang som konkurransetilsynet har hatt no tidlegare, vedgår Iskasen. – Men det er ikkje slik at det ikkje har skjedd noko. Vi har jobba lenge med denne problemstillinga. Heile arbeidet med å gå gjennom konkurransesituasjonen i dagelegvarebransjen skjer jo under denne regjeringa, seier han.
Meiner handelslov kunne verka preventivt
Det meiner Arbeidarpartiet er ein dryg påstand. Jens Stoltenbergs regjering satte for sju år sidan - i 2012 - ned eit lovutval som skulle utgreie ei lov som skulle sørge for god handelsskikk og at forbrukaren vart godt ivaretatt i daglegvaresektoren.
Forslaget vart lagt bort då Erna Solberg overtok regjeringsmakta i 2013. Men etter mykje fram og tilbake blir eit forslag til handelsskikk-lov lagt fram for Stortinget igjen no før jul.
– Her har forbrukarane tapt mykje i løpet av dei sju åra. Det er sju tapte år år det gjeld konkurranse i bransjen og betre forhold for forbrukarane, meiner Terje Aasland. Han meiner ei lov om god handelsskikk er eitt av fleire tiltak som kunne retta på forholda i daglegvarbransjen.
Isaksen meiner det er ei misforståing.
– Då har ikkje Arbeidarpartiet forstått saka. Det er ikkje slik at ei lov om god handelsskikk løyser denne saka, den regulerer uansett ikkje konkurranseforholda som tilsynet har avslørt no. Dette må konkurranselova og konkurransetilsynet løyse.
Ting tar tid
Og Isaksens partikollega Peter Christian Frølich som snakka i store bokstavar om reguleringar denne veka seier det slik når han høyrer kritikken frå Arbeidarpartiet:
– Det er berre tull. Vi har jo nettopp kome med tiltak. Eg er ikkje einig i premisset om at vi ikkje har gjort noko, men ting tar tid i politikken.