Hopp til innhold

Ap går ikkje inn for å utvide abortgrensa

Kvinnelege Ap-toppar fekk ikkje gjennomslag på partiets landsmøte, men Arbeidarpartiet vil styrke kvinners «situasjon ved seinabortar».

Ingvild Kjerkol på Aps landsmøte

Ingvild Kjerkol på Aps landsmøte

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

AUF og helsetalskvinne Ingvild Kjerkol gjekk på eit nederlag då Arbeidarpartiets landsmøte laurdag stemte ned forslaget om å greie ut å fjerne abortnemndene.

Allereie torsdag svara Ap-leiar Jonas Gahr Støre overfor NRK nei på om han støtta forslag frå to AUF-lag og to lokale Ap-lag i Oslo om å gjere det same.

Fredag slapp Kjerkol ei bombe av eit forslag: Ho ville også utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Anette Trettebergstuen, innstilt som ny leiar for Aps kvinnenettverk, støtta at debatten blei tatt opp.

Kampvotering

Laurdag blei det kampvotering då utvidinga av abortgrensa ikkje vann fram i innstillinga til redaksjonskomiteen.

Kjerkol fekk støtte til ein dissens frå Bergensordførar og Vestland Ap-leiar Marte Mjøs Persen og Marta Hofsøy, sentralstyremedlem i AUF.

Dei foreslo denne teksten: «Arbeidarpartiet vil greie ut å fjerne abortnemndene. I Sverige, der dei ikkje har nemndbehandling, blir ein større del av abortane tekne tidlegare i svangerskapet enn i Noreg».

Persen argumenterte frå talarstolen med å fortelje om korleis nemndbehandlinga fungerer.

– Kvinner må vente på dommen på ein eigna ventestad. Helsesystemet meier nemndbehandling er unødvendig belastning før 12 fullgåtte veker. Det gjeld alle kvinner som står framfor ei nemnd, sa ordføraren.

– Dette er ikkje ein kamp for å flytte grensa for abort, men ein kamp for sjølvbestemming for kvinner. Å fjerne nemndene er ikkje å ta lett på abortspørsmålet, men ha tillit til valet til kvinner, sa ho til applaus frå salen.

Gro åtvarar

Tidlegare Ap-statsminister Gro Harlem Brundtland var laurdag ute i VG og åtvara mot å utvide lova frå 12 til 18 veker for sjølvbestemt abort.

– Eg trur ikkje det er klokt å plutseleg fjerne skillet mellom tidlege og seine abortar, sjølv om ein både kan og bør greie ut og diskutere korleis nemndene fungerer, sa Brundtland til VG.

Frå talarstolen fortalde Kristina Hansen frå Finnmark at dei i redaksjonskomiteen hadde prøvd å få til eit kompromiss om saka, men at det ikkje førte fram.

Sjølv er ho usamd i mindretalets forslag.

– Det er ei stor endring som vi ikkje har hatt ein god prosess på, og som er svært vanskeleg for mange av delegatane. Å fjerne abortnemndene tyder i realiteten fri abort fram til veke 18. Ap kan ikkje vere partiet som skaper uvisse rundt lova i Noreg, sa ho.

Ho meiner det er viktig å ha medisinsk og etisk skilje mellom tidlege abortar og seinabortar.

– Det fine med dagens abortlov er ho tek vare på dette omsynet.

Redaksjonskomiteens innstilling lyder slik: «Arbeidarpartiet ønsker ikkje å endre abortlova, men vil vurdere forbetringar innanfor dagens lov for å styrke kvinnas situasjon ved seinabortar, medrekna kritisk gjennomgå og eventuelt endre dagens nemndsystem.»

Skuldar regjeringa for vetorett til KrF

Landsmøtet er derimot samde om at fleire av «likestillingsframstega» som det er fleirtal på Stortinget for, er blitt «avlyst» av Høgre, Frp og Venstre.

«Dei har i staden gitt Kristeleg Folkeparti vetorett i spørsmål 12
om bioteknologi, og vi får den første innskrenkinga i lova om sjølvbestemt abort sidan 1978», seier Ap i den vedtekne fråsegna om likestilling og kvinners helse.

Det er på linje med Støres åtak mot regjeringa i sin opningstale torsdag.

Les meir: Støre går til åtak på KrFs veto på bioteknologi

AKTUELT NÅ