Hopp til innhold

– Det skulle vi ikkje ha lovd

Finanspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Torgeir Micaelsen beklagar at partiet lovde å heve momsgrensa på utanlandshandel.

Finanspolitisk talsmann i Arbeiderpartiet, Torgeir Micaelsen

Torgeir Micaelsen er finanspolitisk talsmann i Arbeiderpartiet.

Foto: Arbeiderpartiet

Jørund H. Rytman

– Ein hån mot veljarane, meiner avgiftspolitisk talsmann i Frp, Jørund Rytman...

Foto: Frp
Netthandel

...som trur forbrukarane kan vurdere om dei skal handle i Noreg eller utlandet sjølve.

Foto: Colourbox.com

– Eg beklagar. Det skulle vi ikkje ha lovd før valet i 2005, seier Micaelsen til NRK.

200-kronersgrensa på momsfri import frå utlandet er ikkje endra sidan 1975, sjølv om dei fleste politiske partia har lovd å auke beløpet.

Også dei raudgrøne partia lovde før valet i 2005 å heve grensa, og Arbeidarpartiet hadde forslaget med i det alternative statsbudsjettet i 2005.

– Hån mot veljarane

Likevel må ein framleis betale moms for varer som kostar meir enn 200 kroner.

Avgiftspolitisk talsmann i Frp, Jørund Rytman, meiner dette er løftebrot.

– Eg meiner det er ein hån mot veljarane, og at det skapar politkarforakt, i og med at alle parti på Stortinget i diverse valkampar har lovd at dei ønskjer å heve grensa, seier han.

Det meiner Micaelsen er ein noko urettferdig påstand.

– Har flørta med tanken

– Eg trur alle parti i opposisjon har flørta med tanken om at ein skulle heve denne grensa, seier han.

Han peikar på at løftet aldri kom inn i noko Soria Moria-erklæring, og at han sjølv dreiv valkamp mot forslaget i 2009.

Som forbrukar meiner han det ville vere utmerkt å kunne handle momsfritt opp til for eksempel 1000 kroner.

– Problemet er at når ein set seg inn i denne saka ordentleg, som ein samfunnsmedviten borgar, og ikkje berre som forbrukar, så ser ein fort at konsekvensen for norske arbeidsplassar og for norske næringsdrivande ville blitt veldig urimelege, seier Micaelsen.

– Heilt vanleg grense

Rytman meiner det høyrest ut som om Arbeidarpartiet vil fjerne 200-kronersregelen også. Det avviser Micaelsen.

– Nei. Det er greit å ha ei bagatellmessig grense for dei aller minste kjøpa, for elles ville det ha blitt altfor mykje administrativt styr i tolletaten og i Posten, seier han.

– Men kvifor skal grensa vere på akkurat 200 kroner?

– Det er veldig mange land som har ei tilsvarande grense, så dette er ikkje unormalt, svarar Micaelsen og viser til at i Sverige er grensa på 300 kroner og i Danmark er ho på 80 kroner.

Illustrasjonsbilde netthandel fra utlandet.

Grensa for momsfri import har vore 200 kroner i 35 år.

Foto: Skjermdump, subside.co.uk / Colourbox

Vil heve til 1000 kroner

Framstegspartiet og Rytman vil heve grensa til 1000 kroner, på grunn av at ho har stått stille sidan 1975 og at det er på tide å indeksregulere ho. Han meiner ei endring vil vere lite dramatisk.

– Eg handlar også ivrig på nettet, og eg vurderer då sjølv fordelar og ulemper. Om eg bestiller på ein norsk netthandel, så er det betre forbrukarrettar med reklamasjon og så vidare, seier han og blir avbroten av Micaelsen.

– Du treng ikkje å vere rakettforskar for å forstå kva som vil skje om forslaget går igjennom. Det vi vil sjå er at eit utal norske nettbutikkar vil etablere seg i Sverige, på grensa, slik at du kan importere utan å betale avgifter til Sverige og utan å betale moms i Noreg, seier han.

AKTUELT NÅ