Hopp til innhold

Anne-Beate må ha østrogenplaster – stadig tomt på apoteka

– Dette er livreddaren min, den vesle lappen, seier Anne-Beate Stenstøen og peikar på noko som liknar ein bit limband på magen.

mangel på østrogenplaster

ØSTROGENPLASTER: Utan den vesle lappen på magen blir Anne-Beate Sentstøen sjuk og kan ikkje gå på jobb.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Utan østrogenplasteret klarar ikkje Stenstøen å gå på jobb.

Ho er i overgangsalderen, som i utgangspunktet ikkje ein sjukdom, men ein del kvinner får store plager.

Difor er mange kvinner, som Stenstøen, avhengig av hormonbehandling.

Men apotekhyllene blir fort tomme for medisinen. 54-åringen er difor stadig innom apoteka sine nettstadar for å sikre seg østrogenplaster.

– Det er ei evig jakt. Når eg slit i Oslo, der det er mange apotek, tør eg ikkje tenke på korleis det er på små stadar, seier Stenstøen.

Ho har «nokre veker» til med plaster. Jakta på nye er allereie i gang.

Anne-Beate Stenstøen

Jaktar på østrogenplaster: Anne-Beate Stenstøen må ha tilførsle av østrogen for å fungere på arbeid og privat.

Foto: Christian Ziegler Remme

Sidan i fjor haust har Statens legemiddelverk meldt om mangel på østrogenplasteret Estradot.

Siste melding går ut på at plastera, som kjem i fem ulike styrker frå 25 til 100 mikrogram østradiol, skal vere tilgjengelege i Noreg rundt sankthans.

– Utan østrogenplaster klarar eg ikkje å gå på jobben min på universitetet. Då ligg eg berre i senga og orkar ingenting, fortel Stenstøen.

– Mykje frustrasjon

Estradot hormonplaster

Apoteka går stadig tomme for østrogenplaster Estradot, leveransen har vore ustabil lenge.

Foto: Christian Ziegler Remme

Estradot er eit depotplaster som sender østrogen inn i kroppen til kvinner som treng østrogentilskot. Det kan vere anten fordi dei har kome i overgangsalder, eller fordi dei manglar østrogen av andre grunnar.

– Heilt sidan i fjor haust har tilgangen på Estradot vore sporadisk. Når vi får inn plastera står fleire på ventelister, så dei forsvinn igjen med ein gong, fortel apotekar Yemi Awoyemi på Apotek 1 Sfinxen i Oslo. Apotek 1 er allereie blitt varsla om at depotplaster med 75 mikrogram ikkje kjem før veke 34. Kvinner som brukar denne styrken må dimed kjøpe to pakker med 50 og 25 mikrogram for å få riktig dose.

Hormonplaster

Klarar ikkje å hjelpe: Apotekar Yemi Awoyemi på Apotek 1 Sfinxen i Oslo har ventelister, dei få østrogenplastera som kjem inn forsvinn med det same.

Foto: Martin Fønnebø / NRK

– Vi ser at kvinner går frå apotek til apotek i rein desperasjon. Sjølv om vi prøver, klarar vi ikkje alltid finne ei løysing. Utan østrogen får kvinnene plagene tilbake.

Awoyemi forstår godt at kvinnene er frustrerte.

– Østrogenmangel påverkar dei i arbeidslivet og privatlivet. Det går utover psyken og det gir fysiske plagar. Eg tenker at desse plagene som kvinner har er like viktig å behandle som andre lidingar.

Hormonplaster

Ventelister: Så fort apoteka får inn hormonplaster forsvinn dei frå hyllene med det same på grunn av ventelister.

Foto: Martin Fønnebø / NRK

– Mangel i fleire år

Hormonet østrogen kan ein få via spray, gele eller tablettar dagleg. Depotplaster doserer østrogen gjennom hele døgnet og blir bytta to gongar i veka.

For gynekolog Helena Enger på Volvat sjukehus er mangelen på østrogenplaster eit kjent problem. Ho har ringt legemiddelfirmaet og klaga både i fjor og for to år sidan.

Ein reknar at 1/3 kvinner får store problem knytt til overgangsalderen, seier Enger.

Det er ifølge henne mangel på østrogenplaster i heile Skandinavia og Storbritannia.

Gynekolog Helena Enger

– Fortvilande: Gynekolog Helena Enger på Volvat sjukehus møter kvinner som slit med plager på grunn av østrogenmangel.

Foto: Kari Lie / NRK

– Om eg skal tenke positivt så er det kanskje fordi fleire kvinner får hormonterapi, fordi det vert snakka opent om tema. Men om mangelen berre er på grunn av produksjonstekniske ting så vert eg lei meg. Kvinnene har det ikkje godt når dei ikkje får medisinen dei treng.

På spørsmålet om kvifor må kvinner ha depotplaster, når det finst andre former for østrogenmedisin svarar Enger at ein kan få hormonterapi om ein brukar spray, gele eller tar tablettar dagleg. Depotplastera doserer østrogen gjennom hele døgnet og blir bytta to gongar i veka.

– Men etter mi meining skil plastera ut østrogen jamnast. Dei kjem i ulike styrkar, og ein treng berre å ta det to gongar i veka. Det betyr at om ein gløymer det så går det litt lengre tid før ein får hetetokter eller andre plager tilbake, fortel Enger.

– Auka etterspurnad

Ifølgje selskapet Sandoz, som har ansvaret for østrogenplasteret Estradot, er det håp om at leveransen byrjar igjen i løpet av «dei næraste vekene».

– Som mange andre legemiddel er Estradot også blitt råka av globale forsyningsproblem som gjer at vi ikkje greier å produsere nok, skriv administrerande direktør i Sandoz Norden, Carsten Gleerup.

- Produksjonen av Estradot er svært spesialisert fordi han involverer spisskompetanse innan plasterteknologi. Den globale produksjonskapasiteten er ytst avgrensa og svært sårbar for eventuelle forsyningsproblem. Forsyningsproblemene har skylda global råvaremangel, mangel på pakningsmateriale, ei komplisert verdikjede med komponentar frå Asia, sluttproduksjon i USA, i tillegg til frakt til Europa.

I tillegg opplever Sandoz stigande global etterspørsel etter produktet, ikkje minst frå store land som Storbritannia og USA. Dette legg ytterlegare press på den allereie pressa produksjonskapasiteten, fortel Gleerup.

Les også 20 år gammel sjokkrapport hindrer kvinner i å få hjelp

Søstrene Lise Opgård og Ingeborg Opgård Hågensen kom begge tidlig i overgangsalderen. De har fått livene tilbake med hormonbehandling.

– Om Estradot ikkje er tilgjengeleg oppmodar vi alle pasientar til å kontakte lege for å vurdere alternativ behandling, opplyser han vidare.

For Anne-Beate Stenstøen er ikkje det roande.

– Det er ei stor gruppe kvinner som blir dårlegare og vert sjukmelde frå jobb. Det er dårleg samfunnsøkonomi, som er ein del av det store bilete med kvinnehelse, meiner Stenstøen.

AKTUELT NÅ