Hopp til innhold

Riksadvokaten ankar terrorfrifinninga av Jakobsen

Påtalemakta meiner tingretten gjorde feil då dei frifann David Jakobsen for å ha medverka til terrorplanlegging. No blir det ein heilt ny rettsrunde i saka for alle dei tre involverte.

David Jakobsen og René Ibsen

I november i fjor gjekk David Jakobsen (t.v.) ut av Oslo fengsel som ein fri mann etter å ha sete 132 dagar i varetekt i Oslo fengsel. No ankar Riksadvokaten terrorfrifinninga til lagmannsretten.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Geir Evanger

Statsadvokat Geir Evanger meiner Jakobsen burde ha vorte dømd og bura inne for å ha inngått terrorforbund med dei to andre i terrorplanelggingssaka.

Foto: Anders Brekke / NRK

PST-informanten David Jakobsen slapp unna med fire månader fengsel då dommen fall for dei tre tiltalte i den såkalla terrorplanleggingssaka i slutten av januar.

Han hadde allereie sete 132 dagar i varetekt og kunne difor gå ut frå Oslo fengsel som ein fri mann.

Jakobsen blei dømd for å ha hjelpt hovudmannen i saka, Mikael Davud, med å skaffa bombeingrediensar, men ikkje for å ha inngått terrorforbund med dei to andre.

Påtalemakta ankar no dommen, og hevdar det var feil av retten å konkludera med at det finst ein viss rimeleg tvil for at Jakobsen ikkje var med i denne planlegginga.

– Ingen tvil om at Davidsen er terror-skuldig

– Me meiner det ikkje er nokon tvil om at retten må dømma han for å ha inngått terrorforbund. Difor har me vald å anka skuldsspørsmålet for han, opplyser statsadvokat Geir Evanger til NRK.

Dei to andre, Davud og Sawad Sadek Bujak, vart som dei første personane i Noreg dømde for terrorplanlegging etter terrorparagrafen som kom inn i det norske lovverket i 2002.

Planen gjekk ut på å angripa avisa Jyllands-posten i Danmark, som hemn for trykkjinga av ei rekkje karikaturar av profeten Muhammed for snart sju år sidan.

Davud fekk sju års fengsel, medan Bujak må sona tre år og seks månader. Både Davud og Bujak har anka terrordommane.

Ankar straffeutmålinga for alle tre

No opplyser Riksadvokaten at heller ikkje han vil slå seg til ro med denne straffeutmålinga, som er langt under det aktor bad om: 11 års fengsel for Davud og fem år for dei to andre på tiltalebenken.

Påtalemakta ankar no det dei meiner er ei altfor kort straff for alle dei tre tiltalte i saka.

– Me meiner straffa er for låg. I tillegg ønskjer me særleg å få prøvd utmålinga i denne saka, fordi den har ei prinsipiell side, opplyser statsadvokat Evanger.

Jakobsen, som fekk fire månader fengselsstraff, hadde allereie sete 132 dagar i varetekt og kunne difor gå ut frå Oslo fengsel som ein fri mann.

At påtalemakta ankar dommen tyder at det blir full ny prøving for alle tre i lagmannsretten til våren eller tidleg på hausten i år.

 Medforsvarer René Ibsen (tv) og advokat Kjell T. Dahl

Den eine advokaten til David Jakobsen, Kjell T.Dahl (t.h.) seier dei ser på anken til lagmannsretten som ei moglegheit til fullstendig reinvasking.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Håpa han kunne leggja dette bak seg no

– Han hadde håpa å kunne leggja dette bak seg no, men ser også fram til å kunne bli fullstendig reinvaska i lagmannsretten, seier forsvararen til David Jakobsen, Kjell T. Dahl om klienten sin reaksjon på at påtalemakta ankar dommen.

Han påpeikar samstundes at klienten tek anken til etterretning og forheld seg til den.

– Me førebur oss på ein ny runde i lagmannsretten. Me vurderer også å anka det han blei dømd for knytta til denne hyrogenperoksiden (bombeingrediens, journ.merk.).

Kvifor det?

– Fordi då blir det ei fullstendig handsaming og han har ikkje erkjent straffskuld på det punktet heller, fortel advokat Dahl.

AKTUELT NÅ