Hopp til innhold

Anita Krohn Traaseth trekkjer seg frå toppjobben i Innovasjon Norge

Anita Krohn Traaseth (46) går av som toppsjef i Innovasjon Norge i løpet av 2019. – Fem år i denne jobben er nok, seier ho.

Anita Krohn Traaseth

Anita Krohn Traaseth går frå toppjobben i Innovasjon Norge.

Foto: NRK

– Eg er på femte året på omstillingspost som leiar av Innovasjon Norge. Dermed er tida inne for å overlate roret til andre. Fem år er den tida eg har tilrådd ein toppleiar med store endringsoppgåver i å sitje i same stilling. Og det står eg på, seier Traaseth i ei pressemelding.

Styreleiar i Innovasjon Norge, Gunnar Bovim, seier at han fekk beskjeden i går kveld, og at det var trist og overraskande. Dei tilsette vart orienterte i dag. Bovim seier til NRK at det har vore eit turbulent halvår for Traaseth i jobben.

– Full respekt

– Eg hadde håpa å få ha Anita i jobben ei stund til. Samstundes har eg full respekt for valet hennar. Innovasjon Norge har gått gjennom ein omfattande og imponerande restrukturering under hennar leiing, og det arbeidet skal vi sørgje for blir vidareutvikla framover, seier Bovim.

Gunnar Bovim

Gunnar Bovim er styreleiar i Innovasjon Norge.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Han viser til at selskapet i 2017 leverte tenester for 7,3 milliardar kroner til norsk næringsliv, ein auke på 24 prosent frå 2014.

– I same periode reduserte selskapet driftskostnadene med seks prosent og betalte tilbake 800 millionar kroner i utbytte og overføringar til eigarane. Dei to siste åra er Innovasjon Norge også kåra til den mest attraktive arbeidsgivaren her i landet, legg Bovim til.

Omstridde tilsetjingar

Det har til tider storma rundt Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge, blant anna då ho tilsette Yvonne Fosser som HR-direktør. Dåverande styreleiar i selskapet, Per Otto Dyb, sa i eit intervju at han var skeptisk til tilsetjinga på grunn av den relasjonen Traaseth hadde til Fosser.

Før dette var det også bråk då Ferd-arving Katharina Andresen vart tilsett i eit deltidsvikariat som ikkje var utlyst.

Denne tilsetjinga og tilsetjinga av Yvonne Fosser er seinare granska av revisjonsselskapet Deloitte, og her vart det slått fast at det ikkje hadde skjedd noko som var i strid med Innovasjon Norge sitt regelverk.

Det heiter i vurderinga at det ikkje er noko som tyder på at tilsetjingane har skjedd som følgje av personleg kjennskap eller venskap. Det går likevel fram av rapporten, som vart levert tidlegare denne månaden, at det er rom for forbetringar i selskapet.

Les heile rapporten her: Deloitte-rapport om Innovasjon Norge

Tidslinje i Innovasjon Norge-saken

Bråket i Innovasjon Norge: Ingen konsekvenser for Andresens kontrakt

På eige initiativ

På spørsmål frå NRK om avgangen har noko med tilsetjinga av Katharina Andresen å gjere, svarar styreleiar Bovim dette:

– Så vidt eg veit er det ikkje relatert til det, men eg trur det er rett å seie at det har vore eit turbulent halvår for Traaseth. Sånn sett kan eg ikkje seie det er heilt urelatert heller, men det trur eg det er best å spørje henne om, seier han.

Per Otto Dyb

Per Otto Dyb trekte seg som styreleiar etter ein konflikt med Anita Krohn Traaseth.

Foto: Trond Isaksen / Innovasjon Norge

Bovim presiserer at det ikkje har vore noko påtrykk frå styret for å få Traaseth til å trekkje seg. Han seier også at det ikkje er klart kven som vil etterfølgje henne i jobben.

– Dette er hennar eige initiativ, og ho går av fordi ho har fått seg ein ny jobb, seier han.

Styreleiar trekte seg

Anita Krohn Traaseth vart henta inn til Innovasjon Norge i 2014. I 2016 fekk ho ein skriftleg åtvaring frå styret, som kritiserte henne for blant anna mangelfull rolleforståing, manglande evne til å ta kritikk og problematiske offentlege utspel.

Tidlegare i år ville dåverande styreleiar Per Otto Dyb setje hennar stilling på dagsorden i styret, men fekk ikkje støtte. Saka enda med at Dyb trekte seg som styreleiar.

NTL beklagar avgangen

Leiar i Norsk tenestemannslag (NTL) i Innovasjon Norge er Liv Jorunn Kristiansen. Ho beklagar at Anita Krohn Traaseth går av.

– Vi er ikkje glade i dag. Vi er overraska og leie oss på grunn av avgangen. Ho er ein toppleiar som er uvanleg nedpå og lett å kommunisere med. Ho er til å stole på og vi har tillit til henne, seier Kristiansen.

Ho fortel om eit godt samarbeid gjennom endringane i selskapet, og til beste både for dei tilsette og for Innovasjon Norge.

– Det var nok mange som gjekk heim etter at dei fekk beskjeden i dag, avsluttar Liv Jorunn Kristiansen.

– Reagerte med sjokk

Dei tilsette sin representant i styret, Gaute Hagerup, seier at mange tilsette har reagert med sjokk i dag.

– Det er fordi Krohn Traaseth har gitt oss mykje positiv energi i ein nødvendig endringsprosess for selskapet. Ho har skapt gode resultat i gode prosessar, seier han.

Gunhild Stenersen, som representerer halvparten av dei organiserte i Innovasjon Norge gjennom samanslutninga SAN, er ordknapp om kva ho synest om avgangen.

Cecilie Langum Becker

NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker seier at medieeksponeringa kan ha vore ei medverkande årsak til at Traaseth trekte seg.

– Vi ser framover og er spent på kven som blir ny leiar, seier ho. Ho vil ikkje spekulere i kvifor Traaseth går av.

– Ekstrem eksponering

NRKs økonomikommentator Cecilie Langum-Becker meiner Anita Krohn Traaseth har hatt ei ekstrem medieeksponering, og at dette kan ha vore ei medverkande årsak til at ho no har trekt seg frå toppjobben i Innovasjon Norge.

– Ei sånn medieeksponering er heilt uvanleg for ein næringslivsleiar, det er meir på line med det ein toppolitikar opplever. Å stå i det offentlege lys på den måten har heilt sikkert vore tøft for henne, og det kan vere ei medverkande årsak til at ho går av, seier ho.

- Tydeleg og synleg

Erna Solbergs andre regjering med nye statsråder.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier Traaseth har vore ein tydeleg og synleg leiar.

Foto: Lise Åserud / NPK

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) takkar Traaseth for innsatsen i Innovasjon Norge, og seier at ho har vore ein tydeleg og synleg leiar.

- Under hennar leiing har selskapet utvikla seg til ein moderne organisasjon med høg respekt i norsk næringsliv. Spesielt gjeld dette på området omstilling. Ho har sett behovet til næringslivet og tenkt godt på kioreleis Innovasjon Norge skal bidra til omstilling, seier Isaksen i ei pressemelding.

AKTUELT NÅ