NRK Meny
Normal

Amnesty reagerer på asyl-vedtak

Amnesty er svært overraska over at berre 21 av dei 106 afghanarane som har jobba for dei norske styrkane i Afghanistan, har fått innvilga asyl i Noreg.

Norske soldater pakker sammen

21 tolkar som har jobba for dei norske styrkane i Afghanistan, har fått innvilga politisk asyl i Noreg.

Foto: Gro Holm / NRK

I dag vart det klart at Noreg gir politisk asyl til 21 afghanske tolkar som har jobba for dei norske styrkane i Afghanistan.

– Om det som er sitert i media er rett, så vil alle desse afghanarane, uavhengig av kva oppgåver dei har hatt, bli assosierte med dei internasjonale styrkane. Taliban vil sjå på dei som svikarar, og då har dei rett på vern ifølgje internasjonal lov, seier generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty International i Noreg.

– Vil følgje nøye med

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty International i Noreg.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Amnesty stiller spørsmål ved om det verkeleg er så stor skilnad i behovet for vern blant dei som har fått innvilga asyl og dei som har fått avslag.

Egenæs forventar at dei som no har fått avslag på søknadene sine, vil få høve til å anke på lik likne med dei som søkjer frå Noreg. Han forsikrar om at Amnesty vil følgje saka vidare.

Egenæs er også kritisk til at afghanarane har fått opphald under kvoten for overføringsflyktningar, og at dei såleis vil ta opp plassen for andre som også har krav på vern.

LES OGSÅ: Tolker skal ikke være soldater

LES OGSÅ: Forsvaret bekrefter: Afghanske tolker har deltatt i kamper

– Har risikert livet

– Desse menneska har risikert livet for norske styrkar. Då burde det vere sjølvsagt for norske styresmakter å gi dei som har krav på vern opphald i landet, utan at dette skjer på kostnad av andre som også har eit reelt behov for vern, seier Egenæs.

Aksel Hagen

Asylpolitisk talsperson for SV, Aksel Hagen, er overraska over at så få afghanarar er innvilga politisk asyl her i landet.

Foto: NRK

Amnesty-generalsekretæren viser til tal frå NTB om at talet på drapsforsøk på sivile som blir rekna som regjeringsvenlege eller som jobbar for koalisjonsstyrkane i Afghanistan, nesten har dobla seg frå 2011 til 20123.

I 2012 vart det registrert 1077 slike drapsforsøk, medan talet i 2011 var 698.

SV er overraska

Talsperson for asylsaker i regjeringspartiet SV, Aksel Hagen, seier i ein kommentar til NRK.no at han i utgangspunktet er overraska over at berre 21 av 106 har fått politisk asyl i Noreg.

– Dette har gjort meg nysgjerrig, og eg må finne ut meir om dette. Det er ikkje mogleg å seie av avgjerdene her er feil før vi har sett nærmare på alle sakene, seier han.

Pål K. Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet.

Pål K. Lønseth er statssekretær i Justisdepartementet.

Foto: Justisdepartementet

Hagen seier likevel at det er lett å forstå at dei som har stilt seg til teneste for eit anna land slik desse har gjort, har kome i ein vanskeleg situasjon i Afghanistan.

LES OGSÅ: Norske tolker pågrepet i Afghanistan

LES OGSÅ: Vil ikke love tolker opphold

– Ikkje i fare

Statssekretær Pål K. Lønseth i Justisdepartementet seier til NRK.no at dei som ikkje har fått innvilga asyl, ikkje er i fare på same måten som dei 21 som har fått ja på søknaden.

Dette fordi fleire har gått over i arbeidsforhold med andre allierte i Afghanistan. Andre blir vurderte som ikkje å ha eit spesielt behov for vern, fordi dei har jobba som blant anna bygningsarbeidarar, seier statssekretæren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger