Hopp til innhold

Ambulansemangel kan kosta liv

Mangel på ambulansar kan kosta liv. Tom Paulsen (59) har hatt fleire hjarteinfarkt og hjerneslag. Sist måtte han venta ein time før ambulansen kom.

Ambulanse

Mange opplever at det tar for lang tid å få raskt svar hos 113.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Eg stod opp ein morgon og gjekk ned for å måla litt. Plutseleg fekk eg store smerter i brystet og miste heilt pulsen, fortel Tom Paulsen.

Sist 59-åringen fekk trøbbel med hjarta, var sambuaren til stades og ringde sjukebilen med det same smertene meldte seg.

Likevel tok det éin time før hjelpa kom fram til bustaden deira i Hobøl i Akershus.

Tom Paulsen

Tom Paulsen har hatt fire hjerneslag om minst to hjarteinfarkt. Han fryktar at han ein dag vil døy medan han ventar på at ambulansen skal koma.

Foto: Ida Thune Øritsland / NRK

Rykkjer ut som aldri før

Dagsavisen skreiv denne veka at talet på ambulanseoppdrag i hovudstadsområdet har auka kraftig med 44.000 fleire utrykningar i løpet av dei siste ti åra.

Det tilsvarer ei auke på over 50 prosent. Til samanlikning har tenesta berre hatt ein bemanningsvekst på 16 prosent i same tidsperiode.

Men det er ikkje berre i og rundt hovudstaden at ein gjerne skulle hatt fleire folk og bilar i teneste.

På landsbasis har talet på utrykningar auka med 20 prosent i løpet av berre fem år.

– Folk er blitt for sytne

Olav Røise, Ullevål universitetssykehus

Mange som ringer 113-nummeret og krev ambulanse har i realiteten ikkje trong for det, meiner Olav Røise ved Oslo Univseristetssjukehus.

Foto: NRK

Det er ikkje fordi me har vorte sjukare at ambulansesjåførane har meir å gjera no enn før.

Publikum må ta delar av skulda for auken, meiner leiaren for akuttklinikken ved Oslo Universitetssjukehus, Olav Røise,

– Store delar av befolkninga er i dag usikre på kven dei skal kontakta når det har skjedd ulukker eller uhell. Dermed ringjer dei det 113-nummeret som dei i alle fall kjenner til, seier Røise.

Han meiner mange av dei som ringer AMK-sentralen via 113-nummeret burde ha vore luka ut og sett vidare til legevaktsentralen eller andre delar av helsevesenet.

Er folk blitt for sytne?

– Ja, det er ein måte å seia det på.

– Ikkje nok

Jens Petter Kolberg er på vakt. Den operative leiaren for ambulansetenesta i Oslo og Akershus har signalgul og raud jakke på seg, og ein bil full av utstyr til å redda liv.

Brått sprakar det i telefonen frå sentralen. Blålyset og utrykningsalarmen blir slegne på. Kolberg må koma seg til andre sida av byen så fort som mogleg.

– Det er ikkje slik at me ikkje har fått ressursar i det heile teke i løpet av dei siste åra, men så langt har midlane ikkje stått i forhold til auken i talet på oppdrag, seier Kolberg.

– Me merkar knapt at det skjer betringar, seier han.

Jens Petter Kolberg

Ambulansepersonellet har ofte tøffe dagar på jobben på grunn av høgt arbeidspress og dårleg bemanning, seier operativ leiar ved ambulansetenesta i Oslo og Akershus, Jens Petter Kolberg.

Foto: Ida Thune Øritsland / NRK

Kvart minutt tel

Per dags dato finst det ikkje noko lovfesta krav til kor lang tid det skal ta frå 113-sentralen svarar til ambulansen er framme hjå pasienten

Paulsen i Hobøl er uføretrygda etter fire hjerneslag og minst to hjarteinfarkt.

Når han blir sjuk, vert sjansane for å overleva mindre for kvart minutt inntil han får hjelp. Ettersom nærmaste sjukehus ligg 35 kilometer unna, blir det desto viktigare at ambulansen legg seg på hjula med det same.

– Det kokar i heile meg. Eg berre håpar at eg kan få hjelp når eg ligg der heilt hjelpelaus og ikkje kan gjera noko sjølv. Overlever eg, eller overlever eg ikkje – det er den største frykta medan eg ventar på at sjukebilen skal koma fram, fortel Paulsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ambulansesjåfører

Kritikk og medieoppslag har ført til at ambulansesjåførane rykkjer ut oftare enn før, meiner Olav Røise ved Oslo Univseristetssjukehus (Illustrasjonsfoto).

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

Frykt etter kritikk

Røise meiner klagesaker og medieoppslag har gjort at ambulansetenesta har blitt så redde for kritikk at dei rykkjer ut oftare enn før.

– Dei som ringjer inn har store forventningar og stiller krav om at sjukebilen må koma. For at dei som jobbar ved AMK-sentralen skal få høve til å svara på nye telefonar, ser me at den enklaste løysinga ofte er å etterkoma krava og senda bil, seier Røise.

Samstundes er det få bilar å senda. Stadig oftare skjer det at ein eller fleire regionar er utan ledig ambulanse i løpet av ein kortare eller lengre periode, fortel operativ leiar Kolberg.

– Ja, seinast i løpet av føremiddagen i dag var me utan ledig bil i Follo i eit kvarters tid. Me dekkjer opp med bilar i nærområdet, men då blir sjølvsagt utrykningstida også lenger. Me kan aldri utelukka at ressursmangelen vil få dramatiske konsekvensar, seier han.

Stort press på ambulansefolka

Kolberg veit at ressursmangelen også går ut over dei tilsette. Arbeidsdagane kan bli tunge når presset på den einskilde er i overkant av det ein er i stand til å takla.

– Flotte, dyktige folk som er på jobb føler at dei ikkje strekkjer til. Oppdraga blir så mange at dei må gå frå det eine til det andre. Pasientane må venta lenger enn det ambulansepersonellet skulle ønska, fortel Kolberg

Han har sjølv fått kjenna presset.

– Eg har hatt vakter der ting har gått så fort at du knapt får fullført eit oppdrag før du må over på det neste. Når utrykningane kjem så tett etter kvarandre, så har dei gjerne venta ei stund på deg.

– Vurderer ressursbehovet

Tord Dale

Tord Dale (Ap) er statssekretær i Helsedepartementet.

Foto: NRK

Statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale, erkjenner at dei ved einskilde føretak må vurdera om det er tilstrekkelege ressursar i ambulansetenesta.

Men behovet varierer mykje rundt om i landet, seier Dale.

– I Finnmark gjer dei til dømes andre vurderingar enn i Oslo når det gjeld ambulansetenesta. Etter mitt syn er det dei som jobbar på dei forskjellige stadene i landet som best kan gjera dei vurderingane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ambulanse

Tom Paulsen seier det kan kosta liv om ein må venta i 60 minutt frå ein har ringt AMK-sentralen til ambulansen kjem.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Hadde ikkje overlevd

Medan Helsedepartementet vurderer om ambulansetenesta bør styrkast, lever Paulsen i Akershus i frykt for at sjukebilen ein dag skal koma for seint.

59-åringen overlevde med naud og neppe då sjukebilen lot vente på seg éin time førre gong hjarta svikta. Han er ikkje i tvil om kva utfallet ville blitt dersom han måtte ha venta enda litt lenger.

– Eg hadde ikkje overlevd. Så enkelt er det.


AKTUELT NÅ